
Øyafestivalen dag 2: Unge og spelekåte møter dei rutinerte
Etter ein god opningsdag skal det kritiske øyapublikummet igjen overbevisast. Haustværet set sit preg, og pennen er kvassare enn nokon gong. Dei erfarne møter dei unge og ivrige. Kven gjer det best på Øyafestivalens andre dag?
Igjen er det ein duett beståande av ein kvinneleg og ein mannleg vokal som startar showet, hitskaparane frå Of Monsters and Men er godt i gang på Engascena – Øyafestivalens største scene. Lettbeinte poplåtar krydra med jazzfraser frå ein dyktig trompetist – ein perfekt start! Eg dreg på meg ponchoen, knyt støvlene godt att og sklir inn i den smilande og tettpakka forsamlinga!
Neste på plakaten: Solange! Klar for no skikkelig RnB frå Beyonces noko mindre kommersielle, men minst like dyktige, syster. Men det som dukkar opp på scena er langt frå forventingane; ein svenske med tverrfløyte?! Bitterheta bit seg i meg, Solange har avlyst. Dette har visst gått meg hus forbi. Det svenske psykedeliabandet Dungen framstår slappt og uengasjert, og som erstattar kompanserar dei ikkje på nokon måte.
Dagen i dag består i hovudsak av å springe skyttel mellom Engascena og Sjøsidenscene, Local Natives startar med eit smell med den fantastiske sommarlåta "You & I".
Les meir her: Local Natives til unnsetning!
Eg haster vidare til sjøsidenscena. Rodriguez står på plakaten. Bluesriffa ljomar, og sjøsiden verkar igjen for liten og trong. Å sjå noko av det som skjer på scena er umogeleg. Det straffar seg å stå langt bak, dei folka er ikkje her for konserten. Det er langt mellom låtane, frå scena er det til tider meir skravling enn speling. "Sorry, it's the drugs". Jaha ja, autentisk visesongar på alle måtar altså. Gitarakkompagnementet frå hovudpersonen er verken i same takt eller toneart som backingbandet. Ein legendarisk mann som dessverre har vorte for gammal.
Endå ein erfaren person, men denne gongen slår det ut på ein heilt annan måte. Cat Power, eller Sun som du kanskje kjenner ho betre som, er stødig og god, på kanten til safe og overlegen. Popmusikken i kombinasjon med den barske, korthåra dama i skinnjakke gir sterke 90-talls vibbar. Avstanden mellom scena og publikum verkar større, den dyktige dama har nok noko å lære av Local Natives og Of Monsters and Men når det gjeldt speleglede og publikumskontakt.
Les kva Martin Haraldsen frå Radio Revolts hiphopalibi Feber, meinar om Danny Brown og Kendrick Lamar sine konsertar på Øya.
No er dag 2 snart over. Etter å ha sett nærmare 20 konsertar, blir samanlikningsgrunnlaget større og kritikken noko kvassare. Grimes på Sjøsiden er nok dagens outsider, og scena verkar brått stor når den vesle jenta står åleine på scena omgitt av berre nokre synthar og effektar. Publikum si tålmod og konsentrasjon blir sett på prøve. Klokka får uvanleg mange blikk, og den mørke, og eigentleg dansbare, popmusikken går ikkje heim hjå publikum. "Please, just dance if you feel like it", men nordmenn i gummistøvler er ikkje så lett å engasjere, ein for stor scene og eit tidleg tidspunkt får noko av skulda, men hovudpersonen sjølv må og jobbe med publikumstekket.
Godspeed You! Black Emperor og Kendrick Lamar. To store namn som simultant spelar på kvar si Øyascene. Eit val må tas, og Kendrick Lamar stikk av med det lengste strået. For ein time sidan tvilte eg på om éin person på en stor scene er nok til å underhalde eit kresent øyapublikum. Det tek ei halv låt før Kendrick Lamar beviser det motsette.
Ein regnfull dag med fleire nedturar enn oppturar er endt. Dei unge sørga for ein god byrjing og slutt på Øyafestivalens andre dag. Det som i går var gras, er i dag berre gjørme, og eg ser fram til å kome meg heim og ut av gummistøvlene. Morgodagens program og værmelding tydar på at alle gode ting er tre. Eg gler meg allerede.
Musikkjournalistene fra Radio Revolt kommer daglig med konsertanmeldelser og omtaler fra Øyafestivalen 2013. Følg med på dusken.no for løpende oppdatering.