Sanning for penga

(Hør Radio Revolts anmeldelse i klippet over. Lyd/redigering: Are Grytdal)

Ærlighet varar lengst meiner Bye og Rønning, og sundag kom sanninga fram.

Publisert Sist oppdatert

Bye og Rønning — 16. oktober — Storsalen

Litt nytt, litt gammalt og ein god dose improvisasjon var det Bye og Rønning lova publikum då dei entra scena til stor applaus sundag kveld. Komikarduoen, kjende frå både radio og tv, hadde med seg Ole Morten Aagenæs på keyboard, og saman fekk dei salen til å runge av latter.

SE BILDERGALLERI FRA SHOWET

Kontakten med publikum vart oppretta med ein gong då dei byrja å mimre tilbake til førre besøket på Samfundet. Det perfekte blandingsforholdet når ein lagar karsk vart henta fram, og med solide dosar smisk i retning av UKA vart stemninga satt. At kveldens show ikkje var ei fast forestilling kom til tider godt fram mellom dei ulike sketsjane. Heldigvis trakk det kvelden i riktig retning. Godhjerta vitsar og småprat fekk publikum med på laget, og med elegant improvisasjon skapte dei ein raud tråd gjennom potpurrien av nummer.

Tradisjonen tru vart første rad offer for harselas frå scena, denne gong i ein improvisert kjærleikserklæring akkompagnert av Rønning på gitar. Seinare var det tilfeldig utplukka personar frå salen som fekk passet påskrevet. Om ein skulle vere i tvil viste Rønning at improvisasjon kan vere minst like morosamt som dei meir innøvde poenga, sjølv med refreng som «UKA-11, så kult at det får meg til å skjelve».

Sanninga fungerte som ein raud tråd gjennom kvelden, og viste seg både i Byes treffsikre parodiar, Rønnings underfundige tekstar og Aagenæs sine musikalske krumspring. Songen «Er det playback?» får heile salen til å tvile medan Aagenæs briljant nyttar scena til det fulle som energisk artist. I ekstranummeret får han igjen vere scenas midtpunkt når han melankolsk går igjennom ein Idol-artist si karriere på 1-2-3. Rønning på si side sender eit sleivspark til realitysjangeren når han syng om dødsleiet til mora til Paradise-Pilgaard. Melankolsk, men hardtslåande. Det same kan seiast om Byes nummer «Jobs bok», som faktisk får salen til å trekkje pusten djupt eit par gongar før latterhiksta kjem. Applausen etterpå vitnar om ein fulltreffar.

Kvelden vart alt ein kunne håpe på, og litt til. Det er ei befriande kjensle å få sanninga slengt i andletet utan medfølelse, sjølv om Titten Tei er brent på bålet, og pappa er julenissen. Om forestillinga berre kunne vart litt lenger. Ein halvtime ekstra med gode poeng og latterkrampar hadde ikkje vore meg imot.

Bye og Rønning infridde forventningane med imponerande improvisasjon som fekk publikum med på laget.

Powered by Labrador CMS