Bendik ass.

Tre mot straumen

Fotoutstillingi Innenfor/utenfor handlar om det som er likt mellom svartmetall, danseband-musikk og rap. Ho lover interessante krysningar og eit spanande innblikk i tre subkulturar folk flest kjenner lite til.

Publisert Sist oppdatert

– Det fine med denne utstillingi er at, sjølv om kulturane er «utanfor», så føler eg meg veldig innanfor når eg utforskar galleriet. Dette er mogleg fordi Peter Beste har brukt mykje tid på å koma innpå dei, seier prosjektleiar Vigdis Sjelmo.

Fotografen Peter Beste vart opphavleg hyra inn til å undersøkje danseband-kulturen i Norge, men hadde frå før bruka mykje tid på å koma innpå dei harde svartmetall- og rapmiljøi. Gjennom sju år totalt, med tolv reiser fram og attende, har han gjort eit særs interessant arbeide med fotoutstillingi Innenfor/utenfor.

– Eg elskar motkultur. Sidan eg var sju år har eg naturleg kome nærmare og nærmare motkulturane. Det tok lang tid, men var gøy, seier Beste.

Ulike og like

Danseband, undergrunns-rap og svartmetall er særs ulike sjangrar og motkulturar, men dei har mykje til felles, meiner Beste.

– Alle tre står utanfor «mainstreamen» og fylgjer sin eigen veg. Dei er kompromisslause, såleis. Du fær ekte vare og heile pakka — ikkje berre eit behageleg, utvatna produkt, seier han.

Utstillingi kan skilte med alt frå rause svartmetall-karar i lêr til hipsters og gamlingar på dansebandfestival. Mellom bileti kan ein kanskje sjå ein slags felles annleiskultur mellom dei tre subkulturane.

Det norskaste som finst

Peter Beste undrar seg over at nordmenn flest ser på danseband og svartmetall som noko pinleg, skummelt eller harry.

– Det er jo litt rart. Dei fleste nordmenn vil ikkje innrømme at dei likar desse sjangrane, endå dei feirar det norskaste som finst, vere det naturen eller det norrøne.

Jamvel jantelov finst i alle dei tre kulturane.

– Dei er jo veldig anti-kommersielle, då. I Houston er det til dømes mange som blir store, ordnar platekontrakt og tener gode pengar. Då mister dei respekt hjå undergrunnen og blir hata. Det er ikkje fælt så ulikt med svartmetallen heller. Undergrunnen hatar Dimmu Borgir. Den rå produksjonen hindrar på mange måtar at svartmetall ble kommersialisert på same måte som daudsmetallen.

Integritet

Beste meiner at alle desse subkulturane er sjølvberga. I Houston er nesten alle rapparane CEOs, med eigne, små plateselskap. Skivene sel dei frå bagasjerommet på bilane sine.

– Rap er veldig sentrert rundt Los Angeles eller New York. Alle dei store held til der, og folk i Houston må difor stå på eigne bein. Litt låtteleg er det sjølvsagt at alle og einkvan i nabolaget er «sjef». Men det fungerer, og folk tener meir pengar på å presse skiver sjølv enn å få eit plateselskap til å gjera jobben for dei. Ein annan fordel er at dei held på den kunstnarlege integriteten sin.

Han trekker ein parallell til dansebandkulturen, kvar det blir selt mange album på festival og gjennom andre kanalar. Ein grunn er at publikumet ynskjer å stø favorittartistane sine. Ein annan er at dei ofte ikkje aktivt brukar moderne verktøy som Spotify og fildeling for å få tak i musikk.

– Sjølvberging er bra, fordi det hindrar dekadens. Til dømes rap har endra seg mykje sidan Public Enemy siterte Malcolm X og kravde black emancipation, som er likestilling av svarte. No er det mest «bling bling» og «bitches’n’hoes» det gjeng i.

Beste trur musikkindustrien kan ha skuldi for denne utviklingi.

Foto: Alexander Vanvik, Under Dusken– Eg er ikkje heilt sikker på om det er rett, men det tykkjest som at plateselskapi ikkje vil ha ein frigjerande musikk. Dei vil ha distraherande, konform eller materialistisk musikk.

Subkultur inn i den moderne verda

Sjølvberging og platesal til tross: Den teknologiske utviklingi har likevel hjelpt subkulturane til å distribuere musikken sin. Jamvel svartmetall-musikarar deler songar gjennom MySpace, Spotify, SoundCloud og andre kanalar. Ein kan såleis seia at dei har vorte meir opne.

– Mange blandar dessutan subkulturar i dag. Eg føler ikkje at eg er medlem av nokon subkultur, seier prosjektleiar Vigis Sjelmo.

Peter Beste meiner interessen for subkultur kan vera ein reaksjon på globalismen.

– Alt er så likt i dag. Alle filmar er frå Hollywood, og den einaste skilnaden regionalt er ofte at dei blir dubba. Folk ynskjer noko som er fundamentalt annleis. Til dømes svartmetall tek eit oppgjer med den judo-kristne, kommersialiserte kulturen.

Interessante opplevingar

Gjennom kontakten med subkulturane har Peter Beste opplevt mykje ulikt og sprøtt

– Eg var på mange fine fjellturar med svartmetall-folki. Det er ei veldig norsk greie, trur eg. Mange av dei er hyggjelege karar, men somme var eksentriske. Ein kar smurde seg inn i eigen skit og ville at eg skulle ta bilete. Det er ganske «necro».

Beste tykte likevel det var litt røffare i Houston.

– Når eg var med rapparane, sippa mange av dei på syrup — ei blanding av saft og kodein, som er eit morfinpreparat. Dei har eigne dj-ar som lagar supertreige remiksar av raplåter, som høver godt med rusen. Ein spelar to spor av same låt samtidig, men med eit lite avvik, slik at miksen blir kaotisk og veldig psykedelisk.

Motkultur er viktig

Det er i alle fall klårt at motkultur fengar. Det er eit gode, meiner førsteamanuensis ved institutt for sosiologi og statsvitenskap, Hendrik Spilker.

– Folk fær jo ofte ei slags tilhøyrsle til motkulturar. Det er dessutan i motkulturen at dei viktigaste eksperimenti skjer. Han legg grunnlaget for kulturen som blir i framtidi, seier han.

Han meiner at nordmenn har vorte flinkare enn før til å sjå nyansane i dei framveksande motkulturane

– Ofte er det jo slik at media fyrer opp under ting som er rart eller skummelt med nye kulturar, slik at me fær ein moralpanikk . Dette skjedde til dømes med svartmetallen. I dag trur eg fleire og fleire greier å sjå at det ikkje alltid er så skummelt likevel.

Powered by Labrador CMS