Ur vägen for Pirum

Dei kraftige stemmene dannar ei mektig og nesten euforisk oppleving, meiner vår anmeldar om konserten med Pirum.

Publisert Sist oppdatert

Det er varmt. Folk reiser seg opp og kikar bakover. Føter trampar, hender klappar. Eg synes eg høyrer korsong i det fjerne. Svensk? Nokon jublar. Eg reiser meg opp. Pirum kjem valsande inn og fyller ein allereie full Storsal. Føter trampar, hender klappar. Pirum er på heimebane.

Dei varme og klare mannsrøystene til Pirum er balsam for øyrene, og samspelet mellom bass og tenor er upåklageleg. Dei sper på songen med gestikuleringar, rørsler og skodespel og gjer det heile til ei større oppleving enn det reint musikalske. Eit sikkert kvalitetsteikn er at dette går aldri utover songen. Litt nytt materiale var blanda med mykje gamalt, til dømes «Det sterkaste kjønn» og «Jodle im Trollstiegen». Eg har alltid vore svak for nemnte to, og dei var blant favorittane også denne kvelden.

Eg sakna den lause og artige sjargongen Pirum brukar å ha med publikum. Småpraten fekk meg ikkje til å le på same måten, og spørsmålet «har publikum det bra?» vart ein masete gjengangar.

Nostalgien koret baud på trefte meg derimot rett i hjarterota. Super Mario-parodien Super Pirio var ein artig vri, men best av alt var røvarsongen frå Ronja Røvardatter. Den sendte meg tilbake til min barndoms dal der eg drøymde om å ha tjukt, svart hår, tau rundt livet og ein raudhåra kompis ved namn Birk. Sjølv utan slike assosiasjonar er denne songen ei oppleving å få høyre, og dei kraftige stemmene dannar ei mektig og nesten euforisk oppleving. Håra på armane mine trengte nokre minutt på å finne tilbake til sin horisontale posisjon.

Føter trampar, hender klappar. Folk reiser seg og kikar bakover. Eg ser livets glade gutar forsvinne i det fjerne, og korsongen stilnar av. Pirum tok ein fortent heimesiger.

Pirum er dyktige songarar som multitaskar med gestikuleringar, skodespel og humor. Eg vil sjå dei i Storsalen litt oftare.

Powered by Labrador CMS