
Vakkert portrett
Meryl Streep imponerer i rolla som Margareth Thatcher.
The iron lady - Regi: Phyllipa Lloyd
«Jernkvinnen» er eit godt gjennomført portrett av Margaret Thatcher - den første kvinnelege statsministeren i Storbritannia. Gjennom sin lange politiske karriere møtte ho motstand og fordommar grunna hennar stilling som kvinne og kjøpmannsdotter, likevel klarte ho å kjempe seg fram, noko som utan tvil blir godt illustrert i filmen. Med Meryl Streep i hovudrolla blir denne filmen sterk, gripande og hjarteskjerande.
Den eldre Margareth Thatcher bur framleis i sin eigen heim då me møter ho, men grunna stadig meir pågåande demens er ho tvungen til å ha pleiarar buande hos seg. Ho pratar også stadig med ektemannen, sjølv om han døydde for fleire år sidan. Dottera ber ho stadig om å rydde ut kleda hans, men ho vågar ikkje i frykt for at det einaste faste haldepunktet i livet hennar då skal forsvinne for godt. Gjennom flyktige minner får me sjå hennar yngre dagar, byrjinga på hennar politiske karriere og viktige augeblikk i hennar tid som statsminister. Minnene vitnar også om eit livslangt kjærleiksforhold til mannen Denis Thatcher og korleis han stod ved hennar side i tjukt og tynt. Den sterke kjærleiken deira gjer handlinga i filmen gripande, det er vanskeleg å la følelsane ligge på hylla. Avslutninga på filmen blir avslutninga på livet deira saman. Margareth pakker vekk alle kleda hans og ser han vende ryggen mot ho, og gå inn i lyset. «Eg er ikkje ei slik kvinne som vil ende livet mitt med å vaske ein tekopp».
Meryl Streep gjer utan tvil ei fantastisk hovudrolle. Berre det at ho klarer å transformere både utsjånad, væremåte og utstråling gjennom dei alle mentale tilstandane ho speler ut gjennom filmen viser at ho har full kontroll over rolla ho besetter. Sjølv om filmen i periodar er ein smule diffus og forvirrande, henter den seg fort inn igjen med den solide hovudrolleinnehavaren. Utan Streep er det ikkje tvil om at filmen ville sunke betydeleg kvalitetsmessig.