
– Eg va så jæla ute
Kakkmaddafakka laga UKAs største og beste fest.
Dei entra scena til stormande jubel, den eine etter den andre, før sekstetten frå Bergen var komplett. Fenomenet Kakkamaddafakka gav oss akkurat det me trengte denne torsdagen midt i oktober. Pengane frå Lånekassa var kome inn på konto og det var tid for å berre nyte livet. Det gjorde me til alle Kakkmaddafakka sine deilige hits, som kom som perler på ei snor.
For noken hits har det altså blitt av dei kun to albuma bandet har sluppe, det siste fra i 2013. Korleis klarar dei å halde koken utan å presentere noko nytt over disse åra? Vel, dei serverer noko unikt på scena. Ein fest utan sidestykke. Dei er fullstendig tilstades i augneblinken og det handlar om å gjere sitt aller beste for å tilfredsstille akkurat dette publikumet akkurat no.
Denne UKEkvelden fekk me ei nyt låt, som blir sluppe for alvor neste veke, lova vokalist Axel Vindenes. Den var noko roligare enn slik me er vane med å høyre Kakkmaddafakka, men det verka svært lovande. Me held pusten i spenning fram mot låtslepp.
Så dansa me litt til «Self-Esteem», ein ode til alle oss usikre jenter som må rette ryggane og utfordre gutane litt meir. Me fekk til og med instrumentalen «Heidelberg». Ja, kjære, verda treng fleire instrumentalar.
Deretter var det perkusjonist Lars Raaheim-Olsen si tid til å skine. Han tutla framst på scena og spurde publikum «What is love?» For ein augneblink minnast alle oss halvvaksne hormonfyllte ungdomar barndomens farne tider. «Baby, don’t hurt me,» svarte me, og omfamna det vage 90-talet saman.
Dei avslutta i kjent Kakk-stil med «Drø Sø». Ikkje ein gong ein vestlending som meg veit heilt kva det eigentleg betyr, men sjarmerande er det. «Eg e så jæla drø sø. Eg va så jæla ute i går. No e eg inne. Eg va så jæla ute i går. Uoh uoh».
Sveitta pipla i panna, me storkoste oss. Kakkmaddafakka leverer alltid.