
Albumkveld på Folkebiblioteket
Kristoffer Lo presenterte Björk sitt femte studioalbum då Musikkavdelinga arrangerte haustens siste albumkveld
Tekst: Karina Solheim og Vanja Thrones
På onsdag gjekk det an å trekkje inn frå haustkulda, som uunngåeleg kjem snikande inn på oss. Inn i varme omgjevnadar på Trondheim Folkebibliotek. Der kunne musikkavdelinga med primus motor, Stian Stakset, freiste med noko så vakkert klingande som «Hør, hør! - albumkveld». Med seg hadde dei fått Kristoffer Lo som valde å presentere Vespertine, Björk sitt femte studioalbum som kom i 2001. Lo er ein multiinstrumentalist, utøvande i jazzmiljøet i Trondheim. Guten veit kva han pratar om, og hadde mykje på hjartet når det gjaldt albumet.
Fyrst synte dei byrjinga av ein dokumentar om innspelinga av Vespertine. Fascinerande var det å lære om Björk sin sans for detaljar. Til turnèen for albumet kom ho med kompromisslause krav om å ha med blant anna ein harpist, ein electronika-duo, eit grønlandsk kor og eit 70-manns orkester. Sistnemnde kunne vere lokale ved kvar spelestad. Dette måtte til om musikken - kunsten - skulle formidlast akkurat slik den var meint. Lo ba oss leggje spesielt godt merke til alle dei små detaljane som såvidt er høyrbare, men som i aller høgste grad bidrar til kontinuerleg utvikling på albumet. Ja, så spelte dei albumet.
Akkurat dette skjer diverre altfor sjeldan i vår etterkvart svært travle kvardag. Å settje seg ned å høyre på eit album i sin heilskap, utan å gjere noko som helst anna. Berre lytte og vere fullstendig til stades i augneblinken. Men gud som me har godt av det.
Vespertine er eit introvert album, ifølgje Björk sjølv. Ho kallar det eit vinteralbum med mange «heimlege lydar». Det var som omgrepa var meint som ein peikepinn på kva ein skulle sjå etter i lydbiletet. Sammen med Lo sine ord om detaljar, kunne ein finne seg sjølv sittande og leite intenst etter det skjulte lydane. Det var ein uttmattande, men også terapeutisk måte å lytte på. Det var nesten så skattekartet me fekk ved Lo sin presentasjon var altoverskuggande for forventningane. Men samstundes var dei oppklarande - ein forstod det ein høyrde på ein heilt ny måte.
Det heile var ei personleg oppleving, men samstundes kollektivt. Der sat me ilag i ein sal i Folkebiblioteket og høyrte på akkurat det same; Björk sine konstruksjonar og dekonstruksjonar av eit ufatteleg samansat lydbilete. Etter ei effektiv lyttetid på omlag 55 minutt, kom ljoset på og ei mengd inntrykk var fordøyd, men atter ei mengd låg ufordøyd igjen.
Det får berre vere - skiva toler fleire rundar i spelaren.