Ei utvida lytteoppleving

Verdas vinylpresser går for full maskin, og sjølv om det fysiske salet av musikk går ned totalt sett så aukar salet av vinylplater internasjonalt og her heime.

Tekst: Vanja Thrones og Karina Solheim

Fakta

Det norske musikkmarkedet 2014 (IFPI)

  • Fysiske utgjevingar stod for 14 % av musikksalet i Noreg i 2014. Det er ein nedgang på åtte prosentpoeng frå 2013.
  • Omsetninga av fysiske produkt sokk med 36 % samanlikna med året før, og enda på 86 millionar kroner.
  • For fyrste gong i historia er sal av fysiske produkt ut frå distributør på under 100 millionar kroner. Dette er den lågaste omsetninga av fysiske produkt sidan IFPI starta å utarbeide statistikk i 1977.
  • Fysiske format fortset å falle totalt sett, men vinyl aukar omsetninga til 15 millionar kroner, frå 12 millionar i 2013.
  • Vinyl utgjer no over 17 % av det fysiske salet. Cd-en har hatt ein jamn nedgang totalt i 2014.

Cd-plater og kassar med vinylalbum står stabla fra golv til tak, og veggane er tapetsert av t-skjorter, plakatar og eit mylder av nøkkelringar og andre effekter. I St.Olavs gate i Midtbyen finn me det som må vere Trondheims trongeste butikk. Aftermath er både ein butikk og plateselskap, og har heldt på i snart 20 år.

I døra møter me butikkmedarbeidar Bjørn Tore som fortel oss at dei sel mange vinylplater med heavy metal- og black metal-musikk, men at det kanskje fyrst og framst er den progressive rockemusikken som er mest populær.

– Det er nok veldig mange som føretrekk vinyl fordi dei samlar. Plater som kjem ut i begrensa opplag har jo stor verdi, men så har du dei som også likar det å kunne opne og kike på eit fysisk album og å lese i heftet. Mange syns nok det er ein fin ting å ha i hylla si også, seier Bjørn Tore.

Tal frå IFPI, ein bransjeorganisasjon hvis medlemar står for over 90 prosent av det norske musikksalet, visar at salet av fysiske musikkprodukter sokk med 36 prosent i 2014 samanlikna med året før, og enda på 86 millionar kronar. Det er i følgje interesseorganisasjonen det lågaste salet dei har målt sidan dei starta å føre statistikk i 1977.

Til trass for dette hadde vinylindustrien eit om setningsauke i 2014 med 15 millionar kroner, mot 12 millionar kroner i 2013.

Aksel Tjora, professor i sosiologi ved NTNU, er samd i at ein ikkje må undervurdere det rituelle aspektet ved vinylplata der ein sprett open coverplasten og legg plata på spelaren.

– Det fysiske LP-formatet har openbert andre kvalitetar enn streaming av musikk, kor det å eige det er ein del av det. Elles har me nær øydelagt idéen om å lytte til musikk, med dårlege mp3-filer som me lyttar til med dårlege øyreplugger og haugevis med bakgrunnsstøy.

Finlytting heime i godstolen

Hjå Trondheim Folkebibliotek, på andre sida av Midtbyen, har dei opplevd ein nedgong i utlåning av fysiske medier dei siste åra, mens vinylutlåna aukar. For Stian Stakset, prosjektleiar Amfi ved Hovedbiblioteket, har det blitt stadig viktigare med nye måter å formidle musikk på. Difor starta han i 2013 opp eit albumlytte-arrangement.

– Eg stal ideen frå Classic Album Sundays, som foregår i diverse storbyar rundt i verda. Ideen er å skape eit lyttefellesskap av folk som er interessertnok i musikken til at dei kan tenkje seg å fordjupe seg. Både i sjølve musikken og i omgjevnadane rundt det albumet me tek for oss. Me har ei innleiing med eit foredrag eller intervju om denaktuelle plata, før med spelar den i si heilskap på toppanlegget til Hi-fi-klubben, som me samarbeidar om albumkveldene med, seier Stakset.

For Tjora faller slike arrangementer innenfor det ein i sosiologien kallar «fokusert merksamheit». Slik ein elles erfarar på konserter og liknande, der ein opplever noko, og sett pris på kvalitet, saman.

– Kanskje har ein glemt dette litt i kvardagen, kor multitasking, eller eigentleg ikkje å konsentrere seg om noko, har blitt det vanlege.

Nytt av året er at dei no satsar på lokale album og musikarar. Det fyrste arrangementet i januar vart utseld på eitt døgn flere månader før. Då var det Bent Sæther frå Motorpsycho som vitja med Demon Box.

– Rådhussalen var stappfull då me intervjua Bent Sæther og me fikk masse positive tilbakemeldinger. Det einaste negative var at nokon meinte det kunne vart lenger, og at me gjekk tom for øl, seier han.

Norske musikarar og klassikere

Fjorårets mest selde vinylplate i USA var Jack White sin Lazaretto, som selde 87 000 einingar, heile 40 000 av dei den fyrste veka. Til samanlikning endte bestselgjaren frå 2013, Daft Punk med Random Access Memories, på 49 000 einingar.

Eit steinkast frå Aftermath, på hjørnet av Dronningens gate og St.Olavs gate finn me platebutikken Big Dipper. Mannen bak kassa, Torgeir Lund, kan bekrefte at Lazaretto selde bra, også hjå dei. I tillegg gjer dei norske og dei lokale artistane det bra.

– Me sel mykje av Spidergawd si sisteutgjeving. Emilie Nicholas og Highasakite er også populære, og eg har forhåpningar til Susanne Sundfør som nettopp slapp Ten Love Songs. Motorpsycho er populære på vinyl, det har dei alltid vore. I tillegg sel me ein del nyutgjevingar, spesielt The Beatles som kom i mono-utgjeving i fjor, fortel Lund.

Normalt får du med ei nedlastingslenke til digitale versjonar av musikken når du kjøper vinyl, men på Big Dipper ser dei meir og meir at plateselskapene legg ved cd-ar. – Det visar seg at det ikkje er så mange som ein skulle tru som nyttar seg av nedlastingslenkene. Difor ser me ein tendens til at fleire vinylutgjevingar no kjem med ein cd inkludert istaden, seier Lund.

At utlånet av vinyl aukar hjå Folkebiblioteket, er fyrst og fremst grunna Musikkavdelinga sine dedikerte lånarar, som gjerne tek med seg svære bunkar heim ifølgje Stakset. Han trur mange har funne at det er vekselbruk som er tingen og at den digitale musikken i større grad brukast til utforsking og utprøving i ein mobil hverdag.

– Fysisk musikk er for finlyttinga heime i godstolen. Vinylen sitt fortrinn er lydkvaliteten, informasjonen og kunsten på omslaget og det ikoniske fysiske formatet, som sett albumet inn i ei korrekt ramme, seier han.

Fokus på nærlytting

Hjå Platekompaniet i Munkegata står dei mest populære vinylplatane utstilt på hyller på veggen over vinyltraua. Dei speglar i stor grad dei bestseljande utgjevingane internasjonalt, men brytast også opp av nasjonale navn. Blant Pink Floyd og Slipknot finn me Katzenjammer, Susanne Sundfør og Tommy Tokyo, og den lokale helten Åge Aleksandersen og hans Sambandet.

Bak informasjonsskranka treffer me på Kristian Mäkinen som står og pakkar opp fysiske utgjevingar. Han seier at dei sel vinyl både med nedlastingslenker og cd-ar inkludert, og at sjangerutvalet er breitt.

– Dei lokale musikarane gjer det bra, spesielt Spidergawd. Me har et veldig breitt nedslagsfelt i motsetning til nisjebutikkane. Nyutgjevinga til Åge og Sambandet og The Beatles sel stødig, seiar han i det me må gje plassen vår i køa til ei dame som skal hente ei spesialbestilling.

Vinylsalet i Storbritannia tippa 1,3 millionar solgte einingar i 2014, ifølgje den britiske fonografiindustrien (BPI). Det er det høgaste talet sidan 1995. I tillegg til samleverdien, meiner Stakset frå biblioteket at vinylen tilbyr ein slags utvida lytteoppleving, og dei sparar ikkje på noko når dei arrangerer albumlyttekveld. Han meiner at det er ein tendens at musikken skal passe til ditt og datt - til trening og som bakgrunnsmusikk.

– Me vil setje fokus på sjølve musikken, nærlyttinga. Albumkveldane innbyr til ei best mogleg lyttaroppleving, gjennom omtale av albumet, utgåvefokus og eit topp stereoutstyr. Me har god sittekomfort og staselige omgjevingar i Rådhussalen på Hovedbiblioteket, der me har utstillingar av ulike medier som relaterer til temaet. Det er sjelden kost å sitje mange saman på denne måten og høyre på musikk.

Fokusert merksamheit

For Aksel Tjora faller slike arrangementer innenfor det ein i sosiologien kallar «fokusert merksamheit». Slik ein elles erfarar på konserter og liknande, der ein opplever noko, og sett pris på kvalitet, saman.

– Kanskje har ein glemt dette litt i kvardagen, kor multitasking, eller eigentleg ikkje å konsentrere seg om noko, har blitt det vanlege.

Tjora seier at ein finn at folk tek i bruk eldre teknologi innen miljø blant spesielt interesserte og dedikerte menneske.

– Til dømes innen miljø for elektronisk musikk, der fysiske, analoge teknologiar er ettertrakta, sjølv om ein finn adekvate og langt billegare software-emulatorer for dei same instrumentane. Men at det er ein generell tendens i samfunnet kan ein ikkje seie, seier han.

Powered by Labrador CMS