Skattejakt gjennom gamle cd-plater

Det starta som ein vanleg tirsdag i vår, og enda i uvurderleg Motorpsycho-rikdom.

Publisert Sist oppdatert

Det var ein gang ei stakkars sjel som var fødd særs tidleg på 90-talet. Omtrent i dei tider då Motorpsycho gav ut sitt fyrste album. Uvitande som denne sjela var, skulle det ta rundt 23 år før ho verkeleg fekk auga opp for detta utanomjordiske bandet. Då hadde dei 18 studioalbum på samvitet og det var ein lang veg å ta fatt på for 90-modellen.

Fram i lyset dukka det imidlertid opp noko uventa. Noko tilsynelatande verdilaust, men eit djupdukk synte noko anna. I redaksjonslokala, der ho arbeidde som journalist for musikkseksjonen i Studentmediene i Trondheim, stod det endelause stablar med esker. Og kva var dei fyllt med? Jau, dei var fyllt til randen med gamle cd-ar. Cd-ar så støvete og ekle at ein skulle tru dei var infisert med svartedauden. Tid, tolmod og reine nevar vart ofra. Men det var verdt det. Herregud, som det var verdt det, for den eine skatten etter den andre synte seg.

Demon Box, 1993

I eit intervju med utgåve nummer 60 av gatemagasinet Sorgenfri blir viktigheita av dette albumet understreka av bandet sjølv. Det var då eventyret starta. Frontfigur Bent Sæther fortel at dette var det siste albumet dei kom til å lage. Alle idear og ynskje blei inkludert og dratt ut i sine ytterste konsekvensar. «Resultatet ble helt schizofrent», konstaterer han. Ei av perlene frå plata er Waiting For The One. Bandkollega Hans Magnus «Snah» Ryan beklaga seg nesten sist dei framførte den i Trondheim. Det var under konserten på Verkstedhallen i mars. For låta har blitt ei lita landeplage på nachspiel og andre sosiale lag landet rundt sidan den kom i 1993. Ingen ting å beklage! Det saumer seg alltid med dette lukkelege og naive sporet som rett og slett er ein fryd for øyra.

Blissard, 1996

Kvar skal ein byrje når det gjeld dette albumet? Ord blir fattige. Det er eit fullkome verk. Motorpsycho framførte det i sin heilskap på fjorårets Pstereo-festival. Det var nokre timar me seint vil gløyme. Sinful, Wind-Borne er ei låt så rå, mørk, vakker og vond på same tid at livet ikkje hadde vore det same utan. Det gjeld også The Nerve Tattoo med sine deilig skjerande fiolinar og Sæther si såre stemme.

Timothy’s Monster, 1994 Men skal du velje berre ei låt å høyre av Motorpsycho så burde det bli Now It’s Time To Skate. Tilsynelatande lukkeleg kjærleik viser seg å døy i frå ein. Søt akustisk gitar går over i rå elektrisitet og gjer dette til eit fantastisk vakkert spor.

Så gjer deg sjølv ei teneste og sjekk ut disse tre søylene i norsk musikkhistorie. Begynn gjerne med dei fire nemnde låtene. Ban deg deretter vidare gjennom Motorpsycho sin solide diskografi. Takk vere den fyrst tilsynelatande vanlege dagen har underteikna no blitt stolt eigar av dei tre albuma, i tillegg til fire andre skiver av Trondheimsbandet. Og vegen gjennom Motorpsychojungelen ser med eitt ikkje så uendeleg lang ut.

Powered by Labrador CMS