
Topp 10 frå Kurt Vile
Philadelphia-rockaren gjer det meste han tar i om til gull. Vi har samla hans beste låter.
«Freeway»
Det startar lystig med dette sporet frå debutalbumet Constant Hitmaker frå 2008. Sjeldan blir vel orda «better be sure you’ll be dead» uttala i slik eit muntert toneleie. Set på denne når du går nøgd heim etter ein dag på lesesalen.
«Beach On The Moon (Recycled Lyrics)»
Turen går vidare til andreplata God Is Saying This To You og til månen. Hadde det vore ei strand på månen ville den høyrtes nettopp slik ut, med ein udefinerbar verdsromaktig lyd i botn og behageleg akustisk gitar på toppen. Tittelen kjem av at teksten i låta går att i fleire av Vile sine låter, blant anna i fyrstnemnde «Freeway».
«Can’t Come»
Rett etter fylgjer ei herleg lita sak. Berre eit og eit halvt minutt lang, etterlet den oss lengtande etter meir. Dette er lyden til eit nonchalant og avslappa individ.
«Damn You»
På The Hunchback EP finn me ein dyster instrumental, eit spor svartare enn kaffien til far min. Det er så rått og fullt av faen at det er ein rein fryd. Eg får lyst til å kle meg i ein mørkgrå hettegenser, ta hetta over hovudet og knuse ting.
«Dead Alive»
2009, makan til produktivt år for Vile. Dei tre sistnemnde låtene, samt «Dead Alive» kom ut på to ulike plater og ein EP dette året. Dette er lekker psykedelisk rock, den tar aldri heilt av, men me blir stilt til veggs med spørsmålet; «You’re tellin me a good man is hard to find/What was that?!/You better rewind!».
«Baby’s Arms»
Så går det to år før Smoke Ring For My Halo blir sluppe, eit fantastisk album som det er vanskeleg å velje favorittar frå. Det opnar med «Baby’s Arms» og dei to følgjande låtene. Opningssporet er lavmælt og vakkert om ekte, men kanskje ikkje sunn kjærleik.
«Jesus Fever»
Dette er resultatet av ein oppvekst i ein svært religiøs familie, samt interesse for gospel-sjangeren. Det næraste ein kjem ei poplåt på albumet. Tilsynelatande avslappa fortel Vile om ei verd han er lei av å prøve å forstå.
«Puppet To The Man»
Enda eit døme på korleis Vile får musikken sin til å høyrast så tilbakelent og enkel ut. Ja, nonchalant og avslappa er adjektiv som jamnt over verkar å skildre fyren, men me kan vere sikker på at det ligg mange timar i studio bak sluttproduktet. Dette sporet har han skrive saman med frontfigur i The War On Drugs, Adam Granduciel.
«Wakin on a Pretty Day»
«Phone ringin off the shelf/I guess it wanted to kill himself», så enkelt og likegyldig kan det seiast. Dette er opningssporet frå siste plata, Wakin On A Pretty Daze, sluppe i fjorvår. Saman med «Jesus Fever» er denne å finne på Pitchfork si liste over dei 200 beste låtene så langt i tiåret.
«Pure Pain»
Også frå fjorårets plate, som gjennomgåande handlar om hans eige liv. Heller ikkje det er fritt for komplisert og smertefull kjærleik.