VEKAS ALBUM: Beirut - No No No

Lavmælt og vakker fullengdar av amerikanske Beirut.

Publisert Sist oppdatert

I fire år har det vore stille frå Beirut, men stillheita blir endeleg broten med vakre og lavmælte No No No. Ni låter fordelt på 29 korte, men deilige minutt.

Som bandnamnet kan fortelje oss har vokalist og låtskrivar Zach Condon vore inspirert av austlege melodiar. Heime på guterommet sitt i Santa Fe, New Mexico har han skreve musikk som får oss til å tenkje på stadsnamn som Skopje, Istanbul, eller Beirut. Musikken har vore eit sjarmerande samansurium av blant anna fransk horn og mandolin. Noko av dette er lagt til side for eit rolegare uttrykk i No No No.

Det opnar med tilbakelente bongotrommer i singelen «Gibraltar». Eit oppstemt spor som toppar seg med lystig piano, marakasar og Condon si lett gjenkjennelege og noko skjøre stemme. Vidare fylgjer tittelsporet «No No No», som tar opp tråden frå tidlegare album med tonar frå messinginstrument i alle slags formar. Begge disse er glade poplåter som fell i smak med ein gong.

Halvvegs på albumet finn me den beroligande instrumentalen «As Needed». Den kjem, som lova, akkurat slik me treng det, når me treng det. Denne kan du ha på øyret når du mysar rundt i haustsola. No No No er jamnt over lett fordøyeleg, over altfor fort, og meget radiovenleg. Me vil få høyre meir av dette framover.

Powered by Labrador CMS