Om premiering for frivillige verv

Kan me forvente å bli belønna for alt me gjer? Må alle verv gi meir tilbake enn erfaringar og vennskap? Det kan det tyde på at Eli Stålesen ved Studentsamskipnaden i Agder ynskjer.

Publisert Sist oppdatert

« — Det burde være en opplæring som kvalitetssikres. Den må ikke bare være i form av \én type informasjon. Jeg håper at man på sikt kan innføre en fadderopplæring som varer en hel dag, så man kunne snakket enda mer om holdninger og verdier, sier Stålesen,» skriv NRK. Vidare står det at Stålesen kunne tenke seg at fadderane skal få meir att for akkurat det, til dømes ved å få studiepoeng.

Forsker foreslår studiepoeng for faddere.

Å vere fadder er eit stort ansvar. Som fadder er du ein av dei fyrste som møter dei nye studentane som kjem til institusjonen vår. Du blir den personen som er der for studentane i starten av studietida, eit tillitsbånd som gjerne består over lang tid. Og kvart einaste år tek tusenvis av studentar på seg dette ansvaret.

Som ny student er det mange ting som skjer på ein gong. Som fadder kan du hjelpe til med å gjere denne opplevinga tryggare. Legg eit godt grunnlag for å bli kjent med dei andre i faddergruppa, i kullet og på studieprogrammet. Hjelp til med å sortere ut kva informasjon som er viktig akkurat no, og kva som kan vente til september. Og ver ein guide i den flotte universitetsbyen du så gjerne vil vise fram.

Når du tek på deg ansvaret det er å vere fadder, så får du ikkje berre tillit frå dei nye studentane. Du får også tillit frå institusjonen du representerer. Og dette gjer du heilt frivillig! Som i andre frivillige verv er den store belønninga å ha ei fin oppleving, og å gjere noko godt for andre. Samtidig er det viktig å kunne stole på at ein fadder er bevisst sitt ansvar som tillitsperson og rollemodell. Derfor finst det mange ordningar for å gjere enkeltfadderar endå betre på dette. Og ved å kurse enkeltfadderar blir det kollektive ansvaret betra, fordi ein dyktig fadder inspirerer andre. Det er lett å trekke fram gode prosjekt og organisasjonar: Lykkepromillen, Kjernekar og Mot er tre som bidreg til å gjere mange bevisst på ansvaret sitt, og korleis dei kan vere ein endå betre fadder.

Sjølvsagt skal ikkje ein fadder ta på seg alt ansvaret for velkomsten av nye studentar heilt åleine. Utdanningsinstitusjonane skal bidra til ein trygg velkomst og god informasjon, og Studentsamskipnaden skal bidra til gode velferdstilbod og aktivitetar, kvar på sin måte. Kvar av desse har sine samarbeid og tilbod, som både kursar fadderar, og som hjelper til undervegs i fadderperioden. Likevel er det opplagt for meg at den som best kan hjelpe ein ny student med å kome i gang er ein student. Fadderen har nyleg vore gjennom akkurat det same dei nye studentane skal oppleve, og det veit dei nye studentane.

For mange er fadderperiode synonymt med fyllefest. For meg er det ikkje slik. Etter å ha fulgt utviklinga i fadderperioden tett dei siste åra har eg sett ei svært positiv utvikling. Samarbeidet mellom dei ulike organisasjonane har gitt eit fruktbart samarbeid, og særleg ved hjelp av Lykkepromillen har det blitt mykje betre. Mange har innført omgrepet «alkoholfokusfrie arrangement», som er arrangement der det er lov å drikke alkohol, men det ikkje er føremålet med å møtast. Og fleire tilbyr alternative arrangement til dei reine festene.

Fadderperioden er eit tilbod som i hovudsak skal dekke det sosiale mottaket ved utdanningsinstitusjonane. Og det grensar over i det faglege ved å innby til kontakt med eldre studentar. Saman har fadderane og utdanningsinstitusjonane ansvaret for eit godt mottak av nye studentar. Slik får alle ein god velkomst, og slik kan alle trivast.

Les også: Nattens disipler. Frivillige studenter som passer på medstudenter i løpet av fadderuka.

Powered by Labrador CMS