Visit Wyoming

Du er heilt åleine i villmarka for å verne skogen mot brann, men samtalen er sentrum i Firewatch.

Publisert Sist oppdatert

Firewatch er eit fyrstepersons eventyrspel som introduserast med ei kort historie. Den tek karakteren din ut i audemarka i Wyoming for å sjå etter brann. Eg har alltid ønska å reise til Wyoming, no får eg ein forsmak. Det er vakker villmark, med stup, sumpar, elver, skogar og alt du kan tenkje deg av dyrelydar.

Som uerfaren spelar tek det meg fem minutt å ete ein müslibar fordi «Hold E» faktisk berre betyr å halde nede E. Eg slit med å følgje stien, snur meg etter sommarfuglar og tretypar og ender berre med å løpe rett i alt. Skogstur er ein av hovudingrediensane i spelet, og eg saknar heile tida moglegheita til å ta ut ein skikkeleg kompasskurs. Dei einaste avbrota i skogs-idyllen er samtalane med Delilah, sjefen din, over radio.

Ingen har forberedt meg på at det skal bli skummelt. Musikken snik innpå deg, det byggar opp til storm og ei skrivemaskin er ikkje der ho skal vere. Eg føler meg faktisk heilt åleine og einsam i villmarka. Derfor er det overraskande at hovudvekta i spelet ligg i dialogen.

Du står ansvarleg for kva du rapporterar til Delilah, og korleis du svarar ho, gjennom ulike val i ein dialogboks. Er du alltid ærleg, eller er du typen til å halde noko skjult til du har funnen ut av det? Kanskje bør ein lyge til Delilah, for det er ikkje sikkert at ho er ærleg med deg. Spelet er som å lese ei god krimhistorie, men der ei bok utfordrar deg til å tenkje over problemstillingar, er ein i spelet tvungen til å ta desse vala.

Samvitet mitt tillèt meg ikkje å gå forbi tomme ølbokser i ein virtuell skog på dataskjermen min, så sjølvsagt er eg dønn ærleg med Delilah. Blant dialog-alternativa finn eg sjelda noko som er avvæpnande og greit. Rollefiguren sei heller aldri det eg trur eg har valt. Der ei bok tillèt deg å ta avstand frå karakteren, må eg no tole å vere han. Eg føler meg utfordra på kven eg er.

Gjennomgåande for heile spelet er ei trist, underleg stemning der ein lurar på kven som har skuld på ein av dei endelause løpeturane i skogen. Det sluttar i same stil, utan nokon form for jubel eller bakoversveis. Skaparen tek deg ned på jorda att.

Powered by Labrador CMS