
Ein likandes kar
Thom Hell er ein bra mann.
Eg vart litt bekymra då eg kika på klokka og noterte at den var 22:25. Konserten skulle ifølge programmet byrje klokka 22:00, og ei rask oppteljing synte at 60 skarve personar var spreitt rundt om kring i lokalet. Eg vart bekymra fordi eg syntest Thom Hell hadde fortent betre.
Sjå klipp frå konserten og intervju med Thom Hell i vindauget ovanfor.
Tjuefem minutt seinare entra sørlendingen scena, og lokalet hadde klart å tiltrekke seg nokre sjeler til. Den tettpakka Klubben-stemninga vart det aldri noko av, og sjølv om eg stod under to meter frå scenekanten kunne eg fint ha halde mitt eige vesle turnshow utan å bekymre meg for å slå ned nokon under utføringa. Thom sjølv var òg klar over tilstandane, og kom med følgjande kommentar før han byrja å spele.
– Eg har spelt her før. Det var gøy, men eg veit eg ikkje kan forvente det same i kveld, sa han.
Thom kom ut med ny plate i mars, All good things, og fyrste halvdel av konserten besto av songar frå denne. I tillegg til Thom sjølv, som veksla mellom å spele piano og gitar, hadde han med seg ein trommis, bassist, gitarist og ein tangenttraktør. Lydbiletet var med andre ord som venta, og dei klarte å lage trykk på dei songane som trengte det. Det verka ikkje som om publikum hadde så god kjennskap til dei nyaste låtane, noko som førte til allprat i staden for allsong.
Midt i konserten sendte Thom resten av bandet av scena, og spelte nokre songar på eiga hand. Det vart ei heilt anna stemning enn elles i konserten, og den nydelege stemma klarer seg fint med berre piano eller gitar attåt. Spesielt «Tired» gjorde godt for øyrene, ein song som handlar om kor frykteleg det var for Thom å sitje og ta i mot telefonar for Noregs blindeforbund i '94. Her i frå og ut fekk Thom oppretta ei betre kontakt med publikum, noko som nok var ein kombinasjon av meir kjente låtar og at Thom vart flinkare til å konversere med dei frammøtte mellom songane.
Sjølv om storparten av publikum fyrst var skikkelig med i siste halvdel av konserten, husa Klubben òg nokre blodfan. Slik som han bak meg som etter kvar song kauka «de' va' knaillbra!» eller ho i lys dongeriskjorte rett framfor scena som svinga frå side til side og hadde store problem med å få i seg øl i mellom all synginga. Men blodfan eller ei, i løpet av kvelden kom både «Don't let go», «Don't leave me Heather» og «Darling», og sørlendingen på scena sjarmerte meg til slutt.
Thom og publikum hadde synkroniserte formkurver, og begge vart betre utover konserten.