Framtidsretta vurdering
«Jeg vil stoppe noen foreslåtte endringer før de blir irreversible. Har man først innført ansatt rektor, har man det for alltid.»
Illustrasjon: Ane Gunhild Uleberg, Under Dusken
Det sa matematikkprofessor Geir Ellingsrud til studentavisa Universitas i valkampen for rektorjobben ved Universitetet i Oslo (UiO). Han gjekk til val for eit styrka universitetsdemokrati og eit fritt akademia.
I førre veke valte tilsette og studentar Ellingsrud til ny rektor. Han er ein såkalla reformkritisk kandidat, og reformen det er snakk om, er kvalitetsreformen. Ein kvar med ambisjonar om å bli valt som rektor på eit norsk universitet, må kome med ein såkalla nyansert kritikk av reformen. (Ein nyansert kritikk vil seie at du er positiv til at studentane må arbeide meir, men negativ til at vitskapleg tilsette også må gjere det.)
Før sommaren skjedde det tilsvarande i Bergen. Der vann også den reformkritiske kandidaten valet.
Skal ein tru kommentatorar og ekspertar, viser rektorvala at universitetspopulasjonen har fått nok av marknadstilmåtinga som avtroppande utdannings- og forskingsminister Kristin Clemet får skulda for. Dei har sjølvsagt rett. Men vitskapleg tilsette vil aldri bli nøgde med ministeren som sit i departementet. Grunnen er ei grunnleggjande interessekonflikt.
Professorane ønskjer så mykje tid og ressursar til forsking – og så lite undervisningsoppgåver – som mogleg. Samstundes er talet på menneske som tek høgare utdanning i Noreg tredobla i løpet av 25 år. Tendensen er den same i resten av verda, til og med i utviklingslanda. Ein treng ikkje vere akademisk utrusta for å forstå at desse reknestykka ikkje går opp.
Ministeren, på si side, sit med ein avgrensa sum pengar og skal prøve å trykkje stadig fleire studentar gjennom universitetskverna på så kort tid som mogleg. Korleis skal statsråden klare å halde akademikarane nøgde, når dei heller vil prøve å snu ei verdsomspennande utvikling enn å akseptere at høgare utdannning endrar seg?
Kvalitetsreformen er Noregs forsøk på å fordøye den store mengda studentar i høgare utdanning. Logikken bak den er enkel. Når stadig fleire tek høgare utdanning, har ikkje samfunnet råd til at store mengder studentar blir verande i systemet til «evig tid». Med gulrot og pisk – i form av høvesvis tettare oppfølging og strengare Lånekasse – freistar ein å få studentane ut av auditoria og inn i arbeidslivet så raskt som mogleg.
Spørsmålet er om reformen er løysinga på det problemet universitetssektoren no møter: Korleis kan ein opprette høg kvalitet i forsking og utdanning samstundes som ein tek høgde for at ein stadig større del av norsk ungdom tek høgare utdanning? Det er i dette perspektivet reformen må bli evaluert.
Bakover er ikkje vegen framover. Ei evaluering av kvalitetsreformen må ta utgangspunkt i korleis høgare utdanning kan bli i framtida, ikkje korleis den var før. At alt var mykje betre før, er inga evaluering.
Å tru at ein kan stengje dørene for massene som bankar på universitetetsporten, er urealistisk. Talet på studentar vil auke også i framtida. Det er eit faktum reformkritikarane må ta innover seg, og som vil forme framtidas universitet anten ein liker det eller ikkje.
Ein kritikk som berre tek omsyn til arbeidskåra til dei vitskapleg tilsette, vil berre fungere som sjølvhjelp for professorar som drøymer om svunne tider.