Kavliprisvinnarar gjestar NTNU

På Gløshaugen på torsdag blei det snakka om usynlegheit og superoppløysing. Det var ikkje science fiction-fabuleringar, men verdsleiande forskarar som heldt foredrag.

Publisert Sist oppdatert

Kavliprisen har sidan 2008 blitt delt ut anna kvart år, til forskarar som har gjort eineståande oppdagingar innan astrofysikk, nano- og neurovitskap. I samband med Kavliprisveka gjesta vinnarane innan nano- og nevrovitskap NTNU og heldt foredrag. Det er ikkje kvar dag at verdsleiande forskarar snublar innom R1 på Gløshaugen.

Fakta

Om Kavliprisen:

  • Kavliprisen er eit samarbeid mellom Kavlistiftinga, Det Norske Videnskaps-akademi og Kunnskapsdepartementet inngått i 2005.
  • Blir delt ut anna kvart år, til forskarar innan nevrovitskap, nanovitskap og astrofysikk.
  • Prisvinnarane får ein sum på USD 1,000,000, ein gullmedalje og eit diplom.
  • I år har prisen for fyrste gong også gått til ein nordmann, Thomas Ebbesen, professor i fysikalsk kjemi.

Blant foredragshaldarane var 96-år gamle Professor Brenda Milner i nevrologi og psykologi, som har forska på minne, utviklaren av superoppløysing i ljosmikroskopi og Sir John Pendry, professor i teoretisk faststoff-fysikk, som snakka om usynlegheit.

Kan du lære noko når du ikkje har minne?

Milner har forska på pasientar som, etter operasjonar for å kurere epilepsi, lid av minnetap. Det mest kjende tilfelle ho har jobba med er Henry Molaison, som etter fleire inngrep der delar av hjerna vart fjerna, mista evna til å lagre nye minne og leid av amnesi. Han utviste glede over å bidra til vitskapen, på tross av det kontinuerlege minnetapet, heilt fram til sin død i 2008.

– For forskingsgruppa var det som å miste ein ven, sjølv om han aldri klarte å hugse nokon av oss, fortalte Milner.

Ei av oppdagingane Milner gjorde var at Molaison til dømes kunne lære ny motorikk. Under eit forsøk der han teikna etter eit stjernemønster på ein spegel, gjorde han det betre og betre for kvar dag. Han vart sjølv ganske forundra over kor bra det gjekk.

«Svart er ikkje nok»

Nanoprisen gjekk til tre forskarar som har jobba med optikk; blant anna superoppløysing for å studere storleikar under 200 nm og metamaterial. Metamaterial blir spesialdesigna for å få unike eigenskapar som ein ikkje finn naturleg.

Eit spanande bruksområde for desse kan vere å gjere ting usynleg. Gjenstanden i seg sjølv må ikkje berre vere svart (som betyr at den ikkje sender ut ljos) men observatøren må óg sjå eit bilete av det som er på baksida av han. Ei løysing er å bøye ljoset rundt gjenstanden og så samle det på andre sida, slik at det er dette som treff auge som ser. Metamaterial kan gjere dette mogleg, men som vinnaren Sir John Pendry sa:

– Det er langt att til Harry Potter si usynlegheitskappe.

Powered by Labrador CMS