
Krev radikal haldningsendring i helsevesenet
Helsefagstudentar i Trondheim såg seg leie på dårlege rutinar for rapportering av systemsvikt. Resultatet vart studentorganisasjonen For Bedring.
– Då eg jobba på sjukehus i sommar, fekk ein pasient hjartestans. Slik prosedyren er, vart stans-teamet tilkalla, og desse kom til frå heile sjukehuset. Men då utstyret som skulle vera på avdelinga skulle gjerast klart, viste det seg at ingen var heilt sikre på kvar det var, seier Stine Røsok Dahl.
Ho er sjukepleiarstudent ved Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST), og historia hennar er langt frå eineståande, ifølgje initiativtakarane til For Bedring. Den nyoppretta organisasjonen består av helsefagstudentar i Trondheim, og har som mål å setja fokus på kvalitetsbetring i helsevesenet.
– At 3000 pasientar døyr for tidleg som følgje av feildiagnostisering og -behandling, og at sjukepleiarar nyttar så mykje tid på å leita etter ting, er rett og slett uhaldbart, seier initiativtakar og leiar Aleksander Nørgaard i For Bedring.
Strir imot endringar
Ifølgje medisinstudent Nørgaard er det eit stort behov for eit betre system for å melda frå om systemsvikt, personlege svikt og moglegheiter for betring.
– Det må vera slik at det skal vera positivt å foreslå endringar. I dag er ein nærast redd for å seia ifrå. Ein veit kanskje ikkje kvar ein skal gjera det, eller ein ser ikkje på det som si oppgåve, særleg som nytilsett, seier han.
Han meiner det er eit tydeleg hierarki inne i helsevesenet.
– Ein vert gjerne oppfatta som ein som «sit på sin høge hest» viss ein kjem med forslag til endringar. Men dette handlar tross alt ikkje om at nokon skal stilla seg over andre – det handlar om pasienten, seier Nørgaard.
Redde for å rapportera
Ole Kristian Thu er medisinstudent og hadde praksis i ambulansetenesta då han fekk fyrstehandserfaring med kor alvorlege slike systemsvikt kan vera.
– Me frakta ein pasient med akutte hjarteproblem til sjukehuset, og skulle senda resultatet frå EKG-undersøkinga til sjukehuset gjennom mobilnettet, slik prosedyren er. På grunn av manglande mobildekning tolka me resultata sjølve, og bad dei kalla inn operasjonsteamet, seier han.
Ifølgje Thu var det tydeleg for ambulansepersonellet at det ville vera naudsynt med ein operasjon, men då dei kom fram til sjukehuset, var likevel ikkje operasjonsteamet kalla inn.
– Sentralen ynskte å sjølv sjå EKG-resultata først. Medan pasienten låg på venterommet og venta på teamet, fekk han hjartestans. Me fekk heldigvis gjenoppliva han, og han overlevde den påfølgande operasjonen, seier han.
Thu meiner hendinga illustrerer dilemmaet mange nye i helsesektoren møter. Ein kan anten rapportera slike hendingar som noko som må betrast internt, eller som systemsvikt.
– For å rapportera det som systemsvikt må ein vera sikker på seg sjølv. Me valte å gjera dette, og rutinane vart endra. Det er altså ikkje umogleg, men vanskeleg for mange, seier Thu.
LES OGSÅ: – Tungt fokus på kvalitetsbetring.
Kvalitetsbetring på læreplanen
Dei tre helsefagstudentane ynskjer gjennom For Bedring å gjera andre helsefagstudentar som skal ut i praksis medvitne om desse problema, og gje dei verkty for å møta dei. Ifølgje dei tre må det ei radikal haldningsendring til innan heile helsevesenet, og studentane må verta lærte opp til å sjå moglegheiter, og verta sette pris på om dei kjem med spørsmål, kritiske tilbakemeldingar og tips. Ifølgje Nørgaard er helsefagstudentar i ein særeigen posisjon i forhold til å koma med tilbakemeldingar til systemet.
– Me kan ha meir kritiske haldningar til systemet, då dette vil få mindre konsekvensar for oss enn til dømes for ein tilsett, seier han.
Thu legg til at sjølv om medisinstudiet av heilt naturlege grunnar er veldig prosedyrestyrt, må ein lærast opp i å tenka utanfor dette; utanfor det trygge og gamle.
– Det må vera lov å gå frå ok til betre, skyt Dahl inn.
Det overordna målet for organisasjonen er at kvalitetsbetring skal koma på læreplanen til alle helsefagstudentar.
– Dette er det eigentleg semje om, men ting tek tid. Me vil handla no, seier Nørgaard.