BEKYMRA: Martine Lysebo og Hege Krokås Borge frå Reddkjellerne ønskjer opning av kjellarane i 2017.

Rapport kan avgjere kjellarane si framtid

To er opna. Framtida for dei 15 andre kan no bli avgjort.

Publisert Sist oppdatert

Etter vedtaket til Sits konsernstyre i mai har det blitt sett ned ei referansegruppe med representantar frå Sit Bolig, Velferdstinget, NTNU Eiendom, bebuarar og studentar som skal jobbe for det vidare arbeidet med kjellersaka. Til no har dei jobba med alternativ for fadderperioden, mogelege midlertidige lokale for hausten, og kva som skal til for å få opna kjellarane eller eventuelt eit like bra alternativ. For «Reddkjellerne», som representerar studentane i denne gruppa, er målet ei permanent løysing til neste fadderperiode.

– Vi håper og ønskjer, og det gjer Sit også, at vi kan få opna kjellarane til fadderperioden i 2017, seier talsperson Hege Krokås Borge for «Reddkjellerne».

Ventar på ny rapport

Saman med Sit har dei no fått opna Byggkjellaren i Moholt allé, fordi denne kjellaren allereie er teknisk forsvarleg. Byggkjellaren blei opna måndag 15. august etter å ha vore stengt i eit halvt år. Kjellaren til Internasjonale studentar (Icot) er også klar for å opnast, han treng berre å bli reingjort. Dei andre kjellarane ventar på ein ny rapport frå Rambøll som skal avgjera om utbedringane som må til er mogelege, og gje eit betre estimat på kva det vil koste. Ifølgje talspersonane frå «Reddkjellerne» skal rapporten kome innan to veker.

– Ein veit enno ikkje om alle kjellarane kan setjast i tilfredsstillande stand. Det blir veldig spennande å sjå når rapporten kjem, for da veit vi kva som må gjerast, seier Borge. Bustadsdirektør Lisbeth Glørstad Aspås frå Sit Bolig er avventande til om det er sannsynlig at kjellarane kan opnast til neste fadderperiode.

– Vi veit at det er viktig med eit tilbod i fadderperioden. Dersom det ikke er mogeleg å få på plass ei varig løysing før dette, vil vi sjå på alternative løysingar for fadderperioden i 2017, sier Aspås.

Saken fortsetter under bildet.

Skisse på eit ark

Eit alternativ til kjellarane på Moholt er eit lagerlokale i Nardovegen 12, som Sit Tapir i dag eig og leiger ut.

– Vi utgreier kva som kan gjerast Nardovegen for å kunne huse linjekjelleraktiviteten dersom det viser seg vanskeleg å opne alle Kjellarane igjen, skriv Aspås. Så langt er alt på planleggingsstadie og ingenting er avgjort. For «Reddkjellerne» er det viktig å vurdere dei to alternativa etter kor mykje dei kostar og kor lang tid det vil ta.

– Det blir eit dyrt prosjekt uansett om vi går for den eine eller den andre løysinga. Nett no verkar Nardovegen som eit veldig kult konsept, men ein er nøydd til å ha litt meir fakta før vi seier at vi går for det. Så langt er det berre ei skisse på eit ark, seier Borge. Ein fordel med å flytte til Nardovegen er at lagerlokala ligg i eit meir skjerma område, så støy blir ikkje eit like stort problem som på Moholt i dag. Ein har også mogeligheit til å byggja ut på lang sikt.

– Vanskelegare for studentane

Leiar Henrik Gjemdal i linjeforeininga Emil meiner at dei mister den sosiale breidda når linjeforeiningane ikkje har kjellarane.

– Vi har møtt fleire utfordringar no som vi har arrangert faddervekene utan kjellar. Erfaringa vår er at færre kjem om du inviterer til eit lokale i byen. På kjellarfest kjem alle, seier Gjemdal. Ifølge Emil-leiaren har det vore logistiske utfordringar med å arrangere fadderveke utan kjellarane, men dei har greidd å tilpasse seg dette.

– For det første har det blitt vanskelegare for studentane som arrangerar å ordne arrangement som går an utan kjellar. Dessuten blir det sjølvsagt dyrare når ein må leige lokale mykje oftare. Likevel er årets program ganske uendra, og dei fleste arrangementa har blitt arrangert som før. Gjemdal er i hovudsak uroleg for korleis det kan gå med det sosiale miljøet i linjeforeininga.

– Faddervekene er fylte med mykje som skjer kvar einaste dag. For oss er det resten av semesteret som kjem til å bli den store utfordringa. Vi har snakka med mange studentar som seier at på ein kjellarfest kan du kome uten å ha vore på vors med nokon du kjenner først. Denne inkluderande faktoren klarer vi ikke å erstatte, sjølv om linjeforeininga har mange hyggelege og flinke folk. Talspersonane i «Reddkjellerne» er einige med Gjemdal i at utfordringa kjem når fadderperioden er ferdig. Dei er opptatt av at nye studentar også skal få oppleve kjellarane, så kulturen ikkje døyr.

Midlertidig alternativ for hausten

Som alternativ til kjellarane har Sit omdisponert aktivitetshuset på Moholt som midlertidig forsamlingslokale. Det var mogeleg å bruke det for linjeforeiningane i fadderperioden også, men berre fire linjeforeiningar valte å bruke tilbodet. Dette er fordi alternativet kom på bordet for seint for dei fleste linjeforeiningane, meiner «Reddkjellerne».

– Meldinga når kjellarane stengte i januar var at folk måtte tenkje på fadderperioden. Då har folk gjort det og skrapt saman det dei har av pengar, seier talsperson Martine Lysebo for «Reddkjellerne». Aktivitetshuset skal også vere mogeleg å bruke nokre helgar til hausten.

Powered by Labrador CMS