
– Seier litt om innstillinga til forsking
Det er uvisst om sosiologisk institutt vil endre på fagplanane etter Hjernevask-debatten. Det haustar dei kritikk for.
I dokumentarserien Hjernevask tok Harald Eia for seg forsking rundt tema som homofili, kjønnsroller og rase, for å finne ut om dei stereotype oppførselsmønstra er eit resultat av arv eller miljø. Her sette han norske sosiologar og kjønnsforskarar opp mot utanlandske tilhengarar av evolusjonspsykologi og biologi.
– Det er openbart at biologien kom betre ut av debatten enn sosiologien, meiner Professor Eivin Røskaft ved Institutt for biologi ved NTNU.
Søkartala til sosiologi og biologi ved NTNU har likevel ikkje endra seg markant etter debatten. I 2009 søkte 1444 personar om å få komme inn på sosiologi. I år var talet 1485. Biologi årsstudium fekk færre søkarar i år enn i fjor: i 2009 var talet 469, som minka til 441 i år. Bachelorstudiet i biologi har derimot fått fleire søkarar, frå 893 i 2009 til 926 denne hausten.
Urolege sosiologar
Fyrsteamanuensis Arild Blekesaune ved Institutt for sosiologi og statvitskap ved NTNU kan fortelje at det har vore uro i sosiologimiljøet.
– Korleis har Hjernevask-debatten påvirka dei tilsette ved sosiologisk institutt?
– Vi diskuterte mykje korleis vi skulle forhalde oss til debatten og var nok litt redde for at serien skulle svekke sosiologien, seier Arild Blekesaune.
– Korleis har Hjernevask påvirka sjølve sosiologistudiet?
– Diskusjonane mellom dei tilsette har ikkje vore fagleg, og debatten har ikkje hatt innverknad på faga. Det har handla om fokuset i media. Det er førebels uvisst om vi vil endre på fagplanane, men serien vil bli brukt som innfallsvinkel i førelesingane, seier Blekesaune.
Vanskeleg å endre på fagdisiplinane
– Programma teikna eit bilete av at biologane kom betre ut av debatten, men det biletet treng ikkje vere rett, seier medieforskar ved NTNU Bjørn Sørenssen.
Han meiner at måten programmet er bygd opp på bidreg til å lage ei oppfatning av tilhøva som ikkje nødvendigvis reflekterer forskarmiljøet godt. Han meiner at Eia bruker enkle, medieretoriske grep for å styrke eller svekke forskarane si tiltru.
– Eit døme på det er at det blir lagt stor vekt på «vesle Noreg» kontra «den store verda». Når Eia besøkte Oxford, vart han filma langt unnafrå, liten mot den store porten inn. Dette blir ein garantist for truverdet til forskarane, seier han.
Men han meiner ikkje at det er utelukkande Eia si skuld at dei norske forskarane sine argument mista tyngde.
– Eia fekk absolutt god hjelp av at dei norske sosiologane bidrog til å undergrave sin eigen ethos ved å virke avvisande og lukka for andre forskarar sin kunnskap, seier han.
– Kan Hjernevask påvirke universiteta, slik at dei faga det gjeld blir endra?
– Det tviler eg på. Disiplinane i seg sjølv er som eit stort, tungt skip på veg framover. Eit program som dette vil ikkje få det ut av kurs, men interessa for populærvitskap kan auke, seier Sørenssen.
Kvasivitskap
I mars hadde professor Eivind Røskaft i biologi ved NTNU ein kronikk på dagbladet.no. Der gjekk han hardt ut mot sosiologane som gruppe og skreiv mellom anna: «Jeg foreslår nå at vi gjør evolusjonsbiologi obligatorisk for alle samfunnsforskere.» I den samme kronikken la han vekt på at sosiologistudiet ikkje hadde gjennomgått ei evaluering og at sosiologane driv med kvasivitskap.
– Det er openbert at sosiologien som fag kom dårleg ut av debatten. Dei hadde eit stort forklaringsproblem med kvifor biologi er uviktig i studiet av mennesket, seier Røskaft.
Han meiner at biologifaget har blitt styrka etter serien og at studentane vil bli oppmoda til diskusjonar med Hjernevask som utgangspunkt.
– Sjølve pensumet blir ikkje endra, men vi vil bruke dokumentarprogramma i ein seminarserie, seier han.
– Kva meiner du om at det ikkje er planlagt faglege endringar i sosiologifaget?
– Det seier jo litt om sosiologane og innstillinga deira til forsking, seier Røskaft.
– Ukollegialt
Blekesaune meiner at forskarane som blei intervjua i Hjernevask tilhøyrer ekstremitetar og ikkje er representative for det sosiologiske forskingsmiljøet.
– Det finst ingen med professoriat i sosiologi som meiner at biologi er uvesentleg når ein skal studere atferd blant menneske. Eg er svært skuffa over Røskaft sine ukollegiale utsegn, seier han.
Han understreker at den einaste med professoriat i sosiologi som vart intervjua av Eia var Willy Pedersen. Han påpeiker òg at sosiologistudiet ved NTNU sidan våren 2009 har vore med i den tilsvarande evalueringa som biologistudiet har vore gjennom.
– Røskaft er den mest usaklege i denne debatten. Utgangspunkta hans er dumme og ugrunna. Han har ikkje ein gong undersøkt om studiet vårt har vore gjennom ei evaluering før han seier at det ikkje har det, seier Blekesaune.