Enkelt å klage: For studentar i Trondheim, som Ivan Vulchanov, er det enkelt å sende inn elektronisk skjema, og institusjonane krev inga grunngjeving for klagen.

Uklare retningslinjer for eksamensensur

Studentar som klagar på karakterar er kanskje sikra ei betre vurdering av oppgåva si, då det er lovfesta å bruke to sensorar. Det er opp til institusjonane sjølve å setje retningslinjer for gjennomføringa av fyrstesensuren.

Publisert Sist oppdatert

Ivan Vulchanov er ein av mange studentar som har klaga på eksamenskarakterar. I faget «Norge og europeisk integrasjon» i bachelorløpet sitt i Europastudier fekk han ein C.

Fakta

Dagens sensursystem:

• Noreg har underteikna Bologna-erklæringa frå 1999, som erein del av arbeidet med å skape ein felles arena for høgare utdanningi Europa.

• Med innføringa av bokstavkarakterane A-F fekk Noreg eitfelles karaktersystem. Før dette hadde ein ulike karakterskalaerog praktiseringar.

• I denne karakterskalaen er C ein jamnt god prestasjon.

• Ved NTNU er det dei enkelte fakulteta som står ansvarleg forå utarbeide fagspesifikke vurderingskriterium.

• Dei fleste fakultata ved NTNU har endra sine fristar for å beom grunngjeving til ei veke etter sensur med elektronisk skjema.

– Eg ba om ei begrunning for karakter fyrst. Sensoren hadde ei anna tolking av oppgåveteksta enn meg. Då eg ikkje var eining, sende eg inn ein klage, fortel Vulchanov.

Fakta

Fakultetet for samfunnsvitenskap og teknologileiing registrerte 314 karakterklagerhausten 2013. 811 studentar ba om begrunnelse for karakter. Psykologisk institutt hadde høgast antal karakterbegrunnelser. Her ba heile 345 studenter om begrunnelse for eksamenskarakterane sine. Subjektive oppfatningar kan spele ei stor rollefor karaktervurderingar, og det oppstår difor tilfeller som Ivan Vulchanov sitt der han var uenig med sensor sin tolkning av oppgåva. Klagetala understrekar viktigheten av eit betre rammeverk for karaktersetting og viktigheten av gode sensorveiledningar.

Kilde: Fakultet for samfunnsvitenskap og teknologiledelse

Den nye sensuren vart gjort av to sensorar, ein ekstern og ein intern. Karakteren blei sett opp til ein A.

– Det er jo litt gambling å klage, men eg hadde ikkje så mykje å tape. Då dette er eit sentralt fag i utdanninga mi, ville eg ha ein betre karakter og hadde tatt opp att faget om karakteren hadde blitt ståande, seier han.

Halvkarakterar gjer utslaget

For studentar er kvar enkelt karakter viktig, ikkje fordelinga over mange år. Både fordi studentar gjerne vil ha lært det dei skal, men for Vulchanov er det også viktig når han eventuelt vil søkje seg inn på ein master. Lov om universitet og høskular slår fast at sensur av klagar ha to nye sensorar, ein ekstern og ein intern. Desse skal ha tilgong på same materiell som ved opprinneleg sensur.

HiST, NTNU, Dronning Mauds Minne og BI Trondheim bekreftar at dei følgjer lovgivinga. Det er berre BI som tidlegare ikkje har praktisert blindsensur, der den fyrste karakteren og klaga frå studenten er skjulte. No har dei blitt pålagt å gjere dette. Fyrstelektor Svend Asle Eggen ved Institutt for marknadsføring ved BI Trondheim seier at i dei fleste tilfella han har vore borti har karakteren blitt ståande.

– Eg kan berre hugse å ha satt ned ein student som har klaga, og eg har aldri opplevd dei ekstreme tilfella der eksamensvar går opp eller ned fleire karakterar.Det blir enklare dess meir konkret ei sensurvegleiing er, seier Eggen, og legg til at det ofte berre er snakk om ein halvkarakter opp eller ned i ueinigheit mellom sensorar.

– Det kan fort vere snakk om ein svak C eller ein sterk D. Men for kvar enkelt student er det stor forskjell mellom desse to, seier Eggen.

Se også fem på campus: Hva er en C?

Spenst som karakterkriterium

Johan Fredrik Rye ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU har publisert artikkelen Konsistente karakterer som tek for seg karaktersetting i sosiologifaget. Artikkelen diskuterar problemstillinga rundt uklare retningslinjer for karakterar. I ei vurdering blir det ofte lagt vekt på begrep som «spenst» «kreativitet», «originalitet» og «modenheit», utan at det eksisterar ein klar definisjon bak desse. Sensoren si eiga oppfatting av begrepa og tolking av eksamensteksten, vil difor påverke karakteren i stor grad.

– Panelsensorene hadde ulike vurderinger av hva som konstituerer ei «god» sosiologisk tekst, både med tanke på substansielle, metodiske, etiske og formale aspekter, skriver Rye.

Eggen er ueinig i at subjektivitet er ein viktig faktor når karakterane blir satt. Han meiner det finnes ein «akademisk konsensus» om kva som ligg i dei ulike faga, og karakterrangeringa.

– Ein del av det å vere ein fagfelle er å ha ei god forståing for kva faget er. Det som har slått meg gjennom mange år med bruk av eksterne sensorar er at det er ei eller anna form for samforstå- ing om kva til dømes ein C er. Når det i tillegg føreligg sensurkriterium, kursbeskrivingar og litteratur, seier Eggen at når han har møtt på sensorar med ulik oppfatting er det i regelen berre å diskutere gjennom kva som ligg i eit fag. Men dette fordrar bruk av multiple sensorar.

Vulchanov tenkjer óg fag med betre sensorvegleiingar vil vere mindre utsette for subjektivitet frå sensorar.

– I fag med ei meir rigid sensurvegleiing og betre retningslinjer, vil det vere mindre variasjon ved ein eventuell klage.

Fyrstesensuren

Når hovudsensuren av eksamenar skal setjast, står universiteta og høgskulane friare. Bachelor- eller masteroppgåver har dei same krava som ein klage, men sensurpraksisen til eksamenar varierar. Det er institusjonane som sjølv oppnemner sensorar, og i NTNU og HiST sine tilfelle er det ulike retningslinjer for kvart fakultet eller institutt. Det kan vere to sensorar, både interne og eksterne, det kan vere oppnemnd ein ekstern tilsynssensor eller ein kan nytte berre ein sensor. I dei verste tilfella er sensor både faglærar og den som lagar eksamenen.

– Eg har prøvd å vere einesensor, og det er frykteleg vanskeleg. Ein er mykje meir sårbar åleine, og sit med alt ansvaret, seier Eggen.

Forklaringa på store sprik i karakterar kan vere bruk av einesensur. Sensoren er åleine om si oppfatting av faget og tolkinga av oppgåva. Ved bruk av fleire sensorar kan ein vere meir trygga frå subjektivitet. Sensorane må då diskutere gjennom karakterane og oppgåvene når dei er ueinige.

Frå A til F

I 2002 blei dagens karaktersystem, frå A til F, vedtatt som del av Lov om universitet og høgskular. Dette var for å samle alle i eit felles system, og i rettleiingar frå Utdannings- og forskingsepartementet frå 2004 er det forventa at heile karakterskalaen blir tatt i bruk.

Fyrstelektor Svend Asle Eggen ved Institutt for marknadsføring ved BI Trondheim seier likevel at den enkelte sensorar ikkje tek hensyn til fordelinga ved sensurering. Kvar karakter skal setjast på grunnlag av gitte kriterium, og ein skal aldri bruke samanlikning med resten av kullet.

– Det er over lang tid og store populasjonar at fordelinga over karakterane skal vere jamn. Når ein institusjon viser til berre A og B over lang tid kan ein bryje å setje spørreteikn ved karakterpraksisen og kvifor nett desse studentande utmerkar seg på nasjonalt nivå, avsluttar Eggen.

Powered by Labrador CMS