Vurderer universitet med metermål
Universitetsrangeringar har funnest lenge, men det er først dei to siste åra at dei har blitt tekne på alvor.
INTERNASJONAL UTDANNING
Foto: Erlend Dahlhaug Paxal, Under DuskenSuverene: Universitetet i Harvard toppar både rangeringa til Times Higher Education Supplement og universitetet i Shanghai. Tidligere NTNU-student Tarjei Kristiansen studerte ved Harvard i et år og er imponert over profesjonaliteten ved institusjonen. Dette bildet er fra en forelesning av Roy Jay Glauber, fysikkprofessor. (Foto: Scanpix)November 2004 publiserte Times Higher Education Supplemet (THES) ei liste over dei 200 beste universiteta i verda. NTNU kom på 187. plass. Tidlegare på hausten hadde ei rangering laga av universitetet i Shanghai gitt NTNU ei uspesifisert plassering mellom 302. og 403. plass. Dåverande rektor, Eivind Hiis Hauge, tok rankinglista med stor ro.
Hausten 2005 var fokuset annleis. Då proklamerte den nye rektoren ved NTNU, Torbjørn Digernes, at universitet skulle bli blant dei to beste i Europa innan 2020.
NTNU er ikkje det einaste universitetet som har byrja å ta dei internasjonale universitetsrangeringane meir og meir alvorleg.
Mangelfulle
Trass dette er det ikkje vanskeleg å plukke desse grunnlaget for desse rangeringslistene frå kvarandre, skal vi tru Bjørn Stensaker. Han er forskar ved NIFU STEP, ei stifting som studerer forskings- og utdanningsspørsmål.
– Ein kan kritisere validiteten og pålitelegheita til desse rangeringane, men på grunn av internasjonalisering og aukande global konkurranse i universitetssektoren blir dei brukt. Årsaka er at universiteta har eit større behov for å vite kor godt dei ligg an i forhold til andre utdanningsinstitusjonar – også globalt, seier han.
Stensaker ser openberre veikskapar ved rangeringane.
– Det mest problematiske er kriteria som vert brukt. Eitt av kriteria i Shanghai-rangeringar er talet på nobelprisvinnarar. Men nobelprisen vert ikkje delt ut i alle fagområde, til dømes samfunnsfag og humaniora. Det er heller ikkje alle fag som er like internasjonale, seier han.
– Eit anna problem er at desse rankinglistene i stor grad baserer seg på omdømme. Dei som lagar rangeringane spør ulike professorar kva dei synest om ulike universitet. Dette fører til at universitet som har vore gode, får gode listeplasseringar, sjølv om dei kanskje ikkje held like høg kvalitet lenger.
Ambivalent akademia
NIFU STEP-forskaren meiner at utdanningsinstitusjonane sine reaksjonar på rangeringane er interessante.
– Ofte reagerer universiteta på rangeringane fordi dei meiner at dei gir eit forenkla bilete av verksemda ved lærestadane. Men dersom eit universitet kjem høgt opp på lista, kan det likevel ikkje dy seg, men bruke plasseringa for det den er verdt. Det er kanskje ikkje overraskande, men ganske opportunistisk, seier han.
Internasjonaliseringa av utdanningsmarknaden har gjort den akademiske verden uoversynleg.
– Rankinglistene er jo eit forsøk på å systematisere og klassifisere utdanningsinstitusjonane. Menneske likar å putte ting i boksar, sjølv om det fører til protestar frå dei akademikarane som meiner at dei har hamna i feil boks.
Amerikansk dominans
I rangeringa frå Times Higher Education Supplement var tolv av universiteta på topp tjue-lista amerikanske. På Sjanghai-rankinga var sytten av dei tjue beste universiteta frå USA. Øvst på begge listene er universitetet i Harvard, Massachusetts.
Tarjei Kristiansen er tidlegare NTNU-student. Han har også studert og forskar ved universitetet i Harvard i eitt år.
– Først og fremst var alt mykje meir profesjonelt ved Harvard. Førelesarane var mykje betre budd og hadde gode presentasjonsteknikkar. Dei var dessutan ofte i toppklasse innan sitt felt. Dei hadde også ei anna serviceinnstilling enn professorane ved NTNU.
Det er ikkje berre undervisninga på Harvard som var i ei anna klasse.
– Forskninga heldt også eit høgare nivå på Harvard. Forskarane der var utruleg smarte, men samstundes hardtarbeidande. Dei hadde eit heilt anna fokus på publisering av artiklar. Det var ikkje nok å vere smart, du måtte vise det også. Dersom du ønskte ei professorstilling, er det viktig å publisere nok artiklar. På NTNU finst det jo professorar som ikkje publiserer veldig mykje, seier Kristiansen.
Grunnen til at amerikanske universitet gjer det betre på rankinglistene enn europeiske kan liggje i kulturen, skal vi tru Kristiansen.
– I USA er det eit mykje større prestasjonsfokus. Mitt inntrykk er at det finst mange tyske universitet som held høg kvalitet. Men kulturen er heilt annleis. Systemet er gammaldags, og ein heng seg mykje meir opp i prosedyrer. Generelt tek ting mykje lenger tid, seier Kristiansen.
Komne for å bli
Stensaker trur at rankinglistene har kome for å bli og at ein i framtida vil leggje enda større vekt på dei.
– Nett no legg universiteta stor vekt på den internasjonale konkurransen. Til dømes er det stor konkurranse om EU-midlar til forskingsprosjekt. Ein knivar ikkje berre om pengane, men også prestisjen som er tilknytta desse midla. Det er også stor konkurranse om pengane frå dei store amerikanske forskingsstiftingane.
NIFU STEP-forskaren trur likevel ikkje at universiteta sitt fokus på den internasjonale konkurransen vil gå utover måten dei tener dei regionale behova.
– For det første er mykje av forskinga internasjonal i sin natur. Til dømes er nesten all medisinsk forsking internasjonal.
– Eit anna poeng er at eit universitet er veldig mangearta. Det finst professorar med internasjonale forskingsnettverk, men også forskarar som først og fremst har kontakt med næringslivet.
Stensaker spår likevel at dilemmaet mellom regional relevans og internasjonal konkurranse blir sentralt i det neste tiåret.
– Omgjevandane til universitet og høgskolar krevjer i våre dagar både regional relevans og internasjonale kontakter. Samstundes ønskjer Institusjonane i større grad å spesialisere seg. Dette ønsket kan bli blokkert av krava som vert retta mot utdanningsinstitusjonane. Å finne gode måtar å balansere desse krava på, er den største utfordringa høgare utdanning får i åra som kjem.