
Å leve med trua
Om ein alternativ studiekvardag.
Det er laurdag morgon. Dei fleste av studentane i Trondheim ligg nok heime og søv, men ikkje Audun. Han står på torget og delar ut vaflar.
– Vil du ha ein vaffel frå Gud, spør han.
Foto: Tormod Haugene, Under DuskenAudun Kristiansen er 25 år og ingeniørstudent ved NTNU, men han er óg medlem av den kristne kyrkjelyden Salem. Han vel difor å leva eit litt anna studentliv enn fleirtalet i Trondheim. For han er nærleiken til Gud det viktigaste i livet.
Audun fortel at det finnest eit bønnerom på Gløshaugen der han og andre likesinna møtes for å snakka om sitt forhold til Gud, og han inviterer til bønnemøte neste måndag.
Audun ynskjer å dela si tru med alle, men det kan vera ei byrda like mykje som ei signing.
– Det er ei belastning for meg å veta at eg ikkje kan få alle til å tru på Gud, for eg veit at dei som ikkje gjer det går fortapt, sier han.
Med fortapt meinar Audun helvete.
– Det eg fryktar mest er eit liv utan Jesus. Eg skulle ynskja eg hadde meir tid til å bli enda betre kjend med med Han, seier Audun.
Salem som trussamfunn spring ut av «Trondhjems Indremisjon» som blei danna i 1865, og dei blei ein uavhengig kyrkjelyd i 2002. I dag er det ein populær samlestad for unge kristne på laurdagskveldane, når opptil 300 studentar møtes i åndeleg fellesskap. Salem beskriver seg sjølv innanfor den konservativ-karismatiske delen av Den Norske Kirke, og gudstenesta er prega av meir song og aktivitet enn kva ein som regel finn i ei offentleg kyrkje.
ROMMET I KJELLAREN. For å finna bønnerommet på Gløshaugen må ein ned i kjellaren i sentralbygget. Eit stykkje raudt papir er hengt opp på eit av røyra i taket. «Bønnerom» står det, og det er teikna opp ei pil til venstre. Den viser til ei dør pryda med utklypte og fargerike bokstavar som formar ordet Bønnerom. Under står det eit vers frå bibelen. Det rår ingen tvil om at ein har kome til eit åndeleg hjørna av Gløshaugen.
Foto: Tormod Haugene, Under DuskenBak døra sit ni menneskje på eit lite rom. Veggane er dekkja av bibelvers og salmar, og i det eine hjørnet står det eit stort trekors. Rommet står i sterk kontrast til dei sterile møteromma som elles pregar universitetet. Audun er ikkje tilstades denne måndagen, men alle som sit her er kristne. Dei tilhøyrer ikkje same meinigheit som Audun, men besøkjer gjerne Salem for det sosiale laget.
VATN OG VIN. Kan ein kombinera eit dominerande livssyn med eit vanleg studenttilvere? I stor grad, meiner dei på bønnerommet, men dei legg ikkje skjul på at delar av kvardagen deira fortonar seg annleis enn hjå andre studentar.
– Mange reagerer med « åja ...» og blir litt skeptisk når eg seier eg er kristen, men det bryr meg ikkje. Eg ynskjer å leva ut det eg trur på, seier Sindre Solstad som studerar bygg– og miljøteknikk ved Gløshaugen.
Dei religiøse studentane opplever òg at folk er interesserte i det dei trur på.
– Folk synes det er spanande, og eg trur nokre respekterer og beundrar det. Me møter generell forståing, seier Mats Vaktskjold, som også går bygg– og miljøteknikk ved Gløshaugen.
Alkohol er ofte eit midtpunkt i sosiale hendingar i studenttilvere, men ifølgje bibelen skal ein ikkje drikka seg full. Blir ein på grunn av dette ekskludert frå mykje av det sosiale?
– Nei. Mange kristne vil halda seg vekke frå festar, men me ynskjer ikkje å vere ein ghetto for oss sjølve. Når me er på fest går me ikkje rundt og påpeiker at «han er full, og han er full». Men eg kunne godt tenkja meg at det var fleire sosiale samankomstar for studenter, som ikke er basert på alkohol, spesielt under fadderveka. Samtidig er det ikkje hjertesaka vår å hindra at folk skal drikke alkohol, seier Mats.
Sindre er er einig.
– Me kan godt ta oss ei øl, men eg trur på måtehald, seier han.
Anders skyt inn med eit sitat frå bibelen.
– Drikk deg ikkje drukken.
Folk føler ofte dei må ta omsyn til oss fordi me vel å ikkje drikka på fest. På fest blir eg ofte møtt med «Me har jo cola til deg», fortel Mats Vaktakjold.
Alle i rommet byrjar å le.
BER FOR ALLE. Stemninga på bønnemøtet er god, óg dei fortel ivrig om deira kjærleik til Jesus. Dei bruker óg mange måtar for å opna hjarta til andre studentar på Gløshuagen for Gud. Sjølve campuset dekkjar dei óg i bøn.
– Også har me hatt bønnevandringar, seier Mats.
Dei andre nikkar engasjert med.
– Me gjekk rundt på campusen og ba, og nokon av oss prøvde å snakka med folk, seier han.
Sjølv om dei ikkje alltid blir tatt i mot med opne armar av framande, gjev dei ikkje opp å formidla bodskapen om Jesus.
– Det var ein som var veldig negativ til oss og ein berre gjekk, men til slutt var det ein som lot oss be for han. Det kan vera tungt å bli avvist, men Jesus har fortalt oss at me skal gjera det, og det er motivasjon nok, smilar Anders.
HIMMEL OG HELVETE. Gutane blir engasjerte når me snakkar om dei negative konsekvensane av å ikkje tru på det same som dei. Lydnivået blir høgare, og tempoet på snakkinga går hurtigare.
– Viss ein vel å ikkje tru på Gud får det konsekvensar. Nett som om ein vel å hoppa ut i frå danskebåten får det óg konsekvensar. Dette seier eg ikkje ut i frå hat, men det er slik det er, seier nanoteknologistudenten Vegar Ottesen.
Studentane følger med i diskusjonen. Anders tar ordet,
– Mine tyngste stunder er når eg forstår brotstykka. Kva helvete tyder og kva konsekvensar det frå for menneskja, – det er heilt forferdeleg, seier Anders.
Han lukkar augo tankefullt. Dette er eit kjensleg tema.
– Me trur på himmelen og helvete. Det ville ha vore hjartelaust av oss å ikkje ynskja å dela det med andre, når me veit at dei som ikkje trur kjem til helvete, seier Mats.
Han har òg streke meiningar om andre religionar.
– Me meiner at dei andre religionane er løgn. Me veit at djevlane finnes, og at dei andre religionane er djevelens verk. Djevelen gjer alt han kan for å lura menneskje vekk frå Jesus, seier han.
Sindre legg til:
– Vi ynskjer ikkje å snakka stygt om andre religionar, men det er viktig å få seie det slik at ikkje folk blir lurt. Me ynskjer likevel berre å fortelja om Jesus, og ikkje å døma andre.
OM Å ELSKE SIN NESTE. All Gud sin kjærleik for menneskjet er god, men ikkje alle menneskjer sin kjærleik er god for Gud. Det trur i alle fall forsamlinga i bønnerommet.
– Det er ein forskjell på å vere homofil og det å leva ut sin homofile natur, sier Mats.
Han viser til at det står klart og tydeleg i bibelen at kjønnsleg omgang kun skal skje mellom mann og kvinne innan rammene til ekteskapet. Men vil ein gud som elskar menneskjet hindra kjærleiken mellom to menneskje?
– Gud har gjeve oss fridom til å velja sjølv korleis ein skal leva, men om ein elskar Gud vil ein leva etter hans reglar. Hans kjærleik til oss er mykje større enn den mellom to menneskjer, seier Mats. Han tenkjer seg om og fortsetjer.
– Eg trur at Jesus ville gått på homobar om han var her i dag. Han oppsøkjer alltid dei som føler seg utstøytt. Det viktigaste er uansett at vi er altfor flinke til å peika på kva som er rett og gale. Me burde heller bli flinkare til å vera der for menneskjer og visa dei kjærleik, sier han.
TRUA OM VITEN. Utanfor bønnerommet strøymer realfagsstudentar ut frå forelesningssalen som ligg vegg-i-vegg. Det verkar litt spesielt å sitja her på det naturvitskaplege universitetet og snakke om kristendom. Kan ein ikkje byrja å tvila på om bibelen verkeleg fortel den einaste sanninga, når ein vandrar gjennom gangane på Gløshaugen?
– For meg er det slik at ein kan ikkje bevisa noko ordentleg. Det er like religiøst å ikkje tru på Gud. Det er ei tru uansett. Du kan ikkje logisk resonnera deg fram til å vera hundre prosent sikker på at det var big bang som gjorde at menneskjet utvikla seg, seier Mats.
Nanoteknologistudenten Vegar ivrar etter å ta ordet.
– Time-out! Det er berre tull at ein ikkje kan kombinera vitskap og tru. Eg trur den skapinga bibelen formidlar er ei forenkling skriven for at mennesket skulle forstå omfanget til universetet. Eg meiner me må ta kristendomen ut av middelalderen og inn i vitskapen sin tidsalder. No har me endelig muligheita til å studera kompleksiteten til skapinga, og det frydar meg at eg kan vere med på det her på Gløshaugen, seier han.
Diskusjonane og praten på bønnerommet dabbar av, og etter nesten to timar er det på tide å venda nasa attende til skulebenken, men allereie på onsdag er det tid for ny samankomst for dei som vil.
SOM EIN FAR. På Kjel fire på Gløshaugen søkjer ein vanlegvis etter kunnskap. I kveld er det annleis, i kveld søkjast det etter Gud. Den kristne studentorganisasjonen Quest har organisert lovsongskveld for første gong dette semesteret. Stolar er sett i ein halvsirkel rundt tavla, som i høvet ber skrifta «Worship Night». Lengre bak i rommet er eit bord dekkja med kaffi, levande lys og heimalaga skulebollar. Dessutan er biblar og brosjyrar lagt ut.
– Me har vore litt dårlege på promoteringa denne gongen, så me veit ikkje heilt kor mange som kjem, seier Siri Helene Erland.
Det er elleve personar til stades, og det kan virka som om dei håpar at fleire skal komma før dei set i gong. Etter nokre minutt med småprat bestem dei seg for å byrja likevel, og set seg i halvsirkelen. Mats Vaktskjold går opp for å ynskja velkommen. Det er fleire nye i kveld, og fordi ein av dei ikkje forstår norsk snakkar Mats på engelsk.
Mats går over i bønn og alle lukker augo. Han ber til Gud om å få bli meir lik Han. Dei andre nikkar bekreftande og samtykkjer. Etter bønna held Mats fram med å fortelja ei historie frå då han vitja søstera si i Mexico. Der deltok han i eit bønnemøte med fattige gateborn.
– Når eg såg alle desse borna som ikkje hadde foreldre eller ein stad å bu, måtte eg spørja meg sjølv om eg treng Gud like mykje som dei gjer, seier han.
Mats tar fram den store bibelen og les eit vers. Mattheus 7:7. «Be, så skal dere få. Let, så skal dere finne. Bank på, så skal det lukkes opp for dere.»
Nelly Kurbatov tar fram gitaren, og teksten til songen «Guds ord» kjem opp på eit lerret. Trass den salige tittelen liknar songen meir ein rocka popsong enn ein salme. Alle syng med og klappar takta. Igjen lukker dei augo. Songen glir over i nok ei bøn, denne gongen frå Nelly Kurbatov. Ho klimprar stille på gitaren mens ho ber Gud om å ta ho nærare til seg. Hender vert løfta i været. Dei byrjar gradvis å kviskra sine eigne bønner. Ein av dei nye tilhengjarane tar på seg jakka og går frå forsamlinga.
Fleire songar og bønner følgjer. Bodskapen er alltid det samme. Dei takkar Gud og ber om kjærleik og nåde. Kelly Larson tar ordet. Ho fortel om korles Gud blei den faren ho aldri hadde. Alle følgjer nøye med, dei smiler og nikkar mens ho legg ut om korleis ho fann Gud på sundagskule.
Den åndelege delen av kvelden nærmar seg slutten, og Mats kjem med litt praktisk informasjon. Han kan røpa at dei i samarbeid med Salem og Kristen Idrettskontakt (KRIK) jobbar med å få til ein lovsongskveld på Samfundet. Etterpå er det tid for skuleboller og småprat. På veg ut av rommet klara dei ikkje å dy seg og spør om dei kan få be ei kjapp bøn for Under Duskens utsendte. Dei vil be om at alt skal gå bra med artikkelen og at den skal bli ferdig i tide. Det får dei. Såpass må det være rom for i eit tolerant samfunn.