
Det nye nødnummeret
Gløym 110, 112 og 113. Dagen derpå er det nummeret til Søndagshjelpa du skal ringe.
Det er ein vilkårleg søndag i semesteret. Klokka er 11:23, og du vaknar etter ein hard kveld og natt på fylla. Hjernen og kroppen samarbeidar ikkje, og tanken på å måtte rydde rotet der inne er uuthaldeleg. Men du kjem deg opp, og i det du opnar soveromsdøra slår eimen av alkohol deg midt i trynet. Foten sit fast i det klissete golvet, det er flasker over alt og du har eit vagt minne av at nokon kasta opp bak den eine stolen i stova. Hovudet bankar, og kjøleskapet er sjølvsagt tomt.
Eit tastetrykk unna sit to karar og ventar på at telefonen skal ringe. Dei har spesialisert seg på nett slike tilhøve. Inga sirene, ingen blinkande lys. Likevel er dei klare for utrykking.
SØNDAGSHJELPA kallar dei seg, og dei kjem gjerne heim til deg for å gi deg pizza, cola, ibux, ein klem, ein prat og ikkje minst, fjerne alle spor etter kvelden som var. Den nystarta bedrifta består av Håvard Haraldsen og Eivin Eilertsen, sjølvproklamerte vaskeekspertar.
– Vasking er ei interesse vi har hatt lenge, det gjeld både oppvask, vasking i militæret og tvungen vasking frå mor og far, seier Håvard.
Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under Dusken– Vi lever for vasking, føyer Eivin til.
PÅ EIN AV Møllenbergs mange hyblar sit Henrik Bjerke, Ørjan Bergan, Aslak Hestmann Vinjerui og Arild Asphjell. Leiligheita har mange likskapstrekk med skildringa ovanfor, men dei fire gutane har eit avslappa forhold til det. Det er jo ikkje dei som skal rydde her i dag.
DET RINGER på døra, og Søndagshjelpa kjem marsjerande inn i hårnett, kvitt og blått. Kvite heildekkande oljesølsdrakter omgir kroppen for å verne mot all slags griseri og blåe skotrekk dekker til føtene. Look-en skrik ikkje akkurat «klassisk vaskedame», men den signaliserer at dei er godt førebudde. Dei helsar oss med eit smil om munnen og gir alle ein klem, fast Søndagshjelpprosedyre. Deretter tek dei fatt på arbeidet.
Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenDei merksame auga til Eivin og Håvard orienterar seg raskt på åstaden. Mjuke rørsler tek dei lett forbi alle slags hinder, ingen flaskejungel er for djup og ingen ølpytt for stor. Steikeomnen er sentral for å få pizzaen varm, dermed dannar kjøkenet base for oppdraget. Som kjøkenansvarleg oppheld Håvard seg der under store delar av seansen, medan Eivin er flaskeansvarleg og dermed litt meir mobil. Etter å ha fjerna flaskene på kjøkenet saumfer han resten av slagmarka - stove, bad og gang.
SOM GODE idear flest, oppstod også denne etter eit glas med edle dropar.
– Vi vakna dagen derpå og fantaserte om kor fantastisk det hadde vore om nokon berre kunne kome med mat og drikke, samt rydde opp rotet frå kvelden før, seier dei ilag.
Illustrasjon: Jesper Kjerland Grieg, Under DuskenSlik vart Søndagshjelpa ein realitet.
Dei ryddar med seg alt av søppel og flasker, og antal pantekroner dannar ein liten skala over kor bra festen har vore. Dette har variert frå skarve 19 til 140 kroner, men det må nemnast at 19-kronersfesten hadde ein god del vinflasker å vise til.
– Men vi dømmer ingen. All fest er god fest, i alle fall for oss, smiler Eivin.
Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenMedan praten går har omnen gått opp, og vi er på eit kritisk punkt av oppdraget.
– Vi må vere påpasselege med pizzaen. Tenk viss noko skjer med den, kva gjer vi då? Krise, seier Eivin.
Heldigvis har dei alltid ein back-up pizza i bilen, og hittil har inga krise oppstått. Medan pizzaen varmar seg held dei fram med arbeidet, og leilegheita ser betre ut for kvart minutt som går.
– Vi vaskar frå jævlig til OK, og det er lettare enn å vaske frå OK til strålande, seier Håvard.
Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenAlt av utstyr er sjølvmedbragt, det gjeld både støvsugar, bøtter, tvoger og sjølvproduserte vaskemiddel.
– Vi har med det ypparste av utstyr, ein veit jo aldri korleis det ser ut. Denne støvsugaren tek alt, smiler Eivin og fører den raude bråkebøtta over kjøkengolvet.
DET ER IKKJE BERRE i Trøndelag vi finn gutar som likar å vaske for andre. I hovudstaden starta Ole Fjelberg og Johan Christian Svabø opp Kleinservice i 2008, ei bedrift som med unntak av dagen derpå-samtalen tilbyr dei same tentestene som Søndagshjelpa.
– Vi opplevde stor etterspurnad og hadde fleire oppdrag kvar helg, seier Svabø.
Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenDei måtte ta eit års opphald grunna studier, men er no i gong med å starte opp igjen bedrifta.
PÅ MØLLENBERG har Håvard og Eivin rydda vidare medan bebuarane har spelt tv-spel i stova og fått servert pizza og cola. Ibux takka dei fyrst nei til, men no kjem Henrik krypande til kjøkenet, det viser seg at han må revurdere svaret sitt.
– Høyrte eg nokon be om Ibux, seier Eivind og druser ein gigantisk party pack med tablettar ned på bordet.
Som alle seriøse bedrifter opererer også Søndagshjelpa med store kvanta.
Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under Dusken– Og pizzaen kjøper vi når det er tilbod på Jokeren, seier dei.
Alt må planleggast, også med tanke på når dei sjølve kan legge oljesølsdrakta til side og ta seg ein fest.
– Det er kjipt om nokon skal ha vask tidleg og så har vi vore på nach til klokka seks sjølve, seier Håvard.
Løysinga er å gå ut på torsdagar, så har dei helga til å jobbe på. Sjølv om dei kallar seg Søndagshjelpa tek dei nemleg i mot oppdrag på laurdagar òg.
Inkludert i vaskinga tilbyr Søndagshjelpa noko dei kallar dagen derpå-samtalen, og det vil enkelt og greitt seie ein prat om korleis gårsdagen gjekk. Det er ikkje alle som vel å nytte seg av dette tilbudet, men nokre historier har dei likevel fått høyre.
– Det var ein gong ei som hadde mista alle kredittkorta sine. Då gav vi henne ein klem, ei skulder å grine på samt telefonnummer til å få sperra korta, seier Eivin.
– Og ein annan gong fekk vi høyre om ei som hadde ringt kjærasten sin medan ho stod utanfor ein utestad i Nordre. I det ho ringte såg ho kjærasten lenger nede i gata i lag med ei anna kvinne , og ho såg han ta opp telefonen, kike på den og legge den ned igjen i lomma, seier Håvard.
EIN GOD time har gått, og det byrjar å nærme seg slutten. Papp, flasker og søppel er samla i store mengder og fjerna frå lokalet. Berre den avsluttande golvvasken gjenstår.
– No tek eg ein dobbel sjutals-formasjon. Då vert det reinast, seier Eivin.
Han tek master i rørslevitskap ved NTNU, og er ferdig til våren. Dersom vaskekarrieren tek av, kan han kanskje drive med dette på heiltid.
– Ja, det er jo mykje rørsle i vasking, seier han.
Håvard, som går andre året bygg på HiST og dermed har nokre år igjen, likar tanken.
– Det er mangt ein kan bruke ein master til, føyer han til.
Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenOm vaskekarrieren vert langsiktig eller kortsiktig, gjenstår å sjå. Dei har i alle fall gjennomført dagens oppdrag, og med cola og pizza i magen og ei ryddig leilegheit seier Henrik og resten av bebuarane seg nøgde med resultatet.
– Det var veldig bra, kjapt og effektivt, seier Henrik.
Dei tre andre nikkar samtykkandes. Så lenge lokalet er under 100 kvadratmeter, er prisen kr. 500. Denne summen kan svi litt i ei stakkars studentlommebok, men dersom fyllesjuka er for hard og ein ikkje må betale heile summen sjølv er det kanskje ei overkomeleg utgift.
– Det er kjempebra dersom ein er ein gjeng, 500 delt på fire er jo ikkje så gale, seier dei.
Tilhøva i dag vil Søndagshjelpa karakterisere som heilt på det jamne, korkje for ryddig eller for gale.
– Jenter trur ofte lokalet ser heilt jævlig ut, men så gjer det ikkje det, seier Håvard.
Dei har hittil ikkje møtt på noko som er så gale at dei har takka nei til oppdraget.
– Spy er litt på grensa av kva vi tek, men vi har tatt det òg. Då gjeld det berre å ta på seg plasthanskane, halde pusten og skrubbe i veg, seier Håvard.