
Hundar som gøyr
Om sommaren er det lokalavisene som gjeld.
«Else Oksavik lurer på om det er nokon som saknar hundane sine. To hundar står og gøyr ved løa til Kåre Oksavik på Nevstad på Hareid. Den eine hunden er kvit og den andre er svart.»
Som vaskeekte hareidsdøling, ein av 4859 øybuarar, er eg vant til mange journalistiske snarvegar og nyheiter eg ikkje visste var nyheiter før eg fekk det presentert som det i lokalavisa. Spesielt etter at dei lokale nyheitsformidlarane fann vegen til verdsveven, har utvalet vore stort. Sila inn til www har ikkje like små hol som sila inn til ei av dei tre papirutgåvene som kjem ut i veka, og takk og lov for det.
Den 26. mai 2009 var det lite som skjedde på Nevstad på Hareid, eller Hareid generelt for den saks skuld. Med hjelp frå Else Oksavik fann lokalskribenten likevel ei toppsak å pryde nettsidene med. På eit aviskontor i storbyen ville ei slik sak vorte møtt med ein latter og eit stempel: Agurknytt. Det er slik riksavisene drit seg sjølve oppetter leggane. Nemnde artikkel er nemleg ikkje irrelevant sidefyll. Det er er tvert imot eit eineståande døme på tankevekkande opplysningsjournalistikk. Mang ein hareidsdøling måtte nok spørje seg sjølv: Kvar er eigentleg hundane mine?
Vidare er det òg eit klassisk døme på artiklar som manar opp til debatt og engasjement. Livlege diskusjonar av typen «ej lure mej på om det ikkje e hondane hass Johan-Ole framma Ivergarden ej altso», «Nei, for eine honden hass e no brune, og det sto i avisa at en va svarte å en kvite» kunne nok høyrast langt utanfor veggane til Samvirkelaget.
Rikspressa elskar å fryde seg over nyheiter frå lokale fjelltrakter som dei sjølve er for ignorante til å ofre spalteplass på. Sett bort frå kavalkadar av typen «Topp 10 drittsaker fra Utkant-Norge» eller «Nyheter fra Vestlandet», er det lite journalistikk frå lokalpressa som når opp og fram til dei store i Oslo. Men eg må berre spørje: Er det så mykje meir relevant og engasjerande med nyheiter av typen «Lindsay Lohan ute av fengsel», «Blekkspruten Paul spår utfallet av Tysklands VM-kamper» eller ei usannsynleg brei dekning av ein viss peparkakeby i Bergen?
Nei, kjære rikspresse, look to Utkant-Norway! Når ein fyrst skal skrive om ei sak som ikkje er ei sak, er det lokalpressa som er dei store meistrane. Her vert dei kreative nyheitene presenterte med ein piff og ein sprut som riksskribentane berre kan drøyme om. Den dyktige lokaljournalisten kviler ikkje på «Hundar som gøyr». Med toppsaka på plass, er likevel samtlege sansar aktiverte og parate til å presentere den neste store samvirkelagsnakkisen.
La oss gå tilbake til 26. mai 2009. Etter fleire timar på toppen må «Hundar som gøyr» vike av trona. Lokaljournalistisk graving, denne gongen utan hjelp frå Else Oksavik, har si betaling. Øvst på sida kan ein no lese toppsaka «Kviger la til havs», ei spanande reiseskildring om to våryre Sandsøy-kviger si oppleving av å sleppe ut av vinterfjøset.
Kva har rikspressa, som så ofte tek på seg sølvstøvlane og trakkar lokalpressa ned i bygdegjørma, å stille opp med mot dette? Jau, dei smeller til med alle agurknyheiter si dvaske og inntørka oldemor: «Nå kommer sommer'n! Og i neste uke kan vi få hetebølge».
Så til alle lokalaviser der ute: Takk for godt lesestoff om sommaren!