Ja, vi elskar janitsjar

Øl, fitte og horn. Har du nokon gong brukt dei tre orda til å skildre eit korps?

Publisert Sist oppdatert

– Kan Musikklaget Kornetten stille opp her i alfabetisk rekkefølge?

Olavshallen. Laurdag. 4 500 musikantar fordelt på 89 korps. For nokre har eg nettopp skildra deira største mareritt. For andre er dette det store målet. Det er no det gjeld. Alle kveldstimane i ein gamal gymsal, alle øvingshelgane på diverse grendahus. Det er no dei må vise kva dei er gode for. Lyden må sitje, tempoet må vere rett, solistane må høyrast. Ein vert ikkje Noregsmeister i janitsjar utan å ha øvd.

OM EIN HALV TIME skal Musikklaget Kornetten delta i femte divisjon. Rekka vert fort danna, og arrangøren tek korpset med til øvingslokalet. To evigheiter og ei innskriving seinare, er vi framme. Til å vere så mange er dei rimeleg stille. Nervøse. Konsentrerte. Aldri før har vel fosningar sagt så lite.

– Vi går for siger. Alle vil jo vinne. Dei som seier noko anna lyg, seier dirigent Håvard Hinsverk.

Det er 19 minutt til dei skal framføre dei to songane sine i Lille Sal. 19 minutt til å repetere det dei har terpa på, 19 minutt til å kartlegge alle fellene dei kan gå i. 19 minutt.

12-åringen på fyrste rad lyftar tverrfløyta mot munnen. Dei fyrste taktene er hans åleine. Han er nok for ung til å vere nervøs. Resten hiv seg med, heilt opp til eldstemann på 72 år. Etter halvspelt stykke, stoppar dirigenten opp.

– Ingen seier noko no, seier han.

Han er tydeleg i beskjedane, slik må det nesten vere. Lyden frå ho som opnar vassflaska si er alt vi høyrer.

– Vi skal ikkje kommentere småfeila vi gjorde no, dei gjer vi betre neste gong.

Likevel er det ein beskjed som er for viktig til å forbli usagt.

– Takt 93. Vi spelar ikkje mezzopiano der altså! Gå tre-fire hakk ned.

VI HAR ALLE eit forhold til korps. Dei tallause skulekorpsa rundt omkring har sørga for det. Eg skjønar godt at folk kan ha eit negativt bilete av det. Eg har sjølv vore kornettist i fem år i Hjørungavåg Skulekorps, så eg har sett det musikalske dyret frå innsida.

Tek ein turen på NM får ein derimot sjå noko heilt anna enn dei minna som brann seg fast i barndomsåra. Her er det ingen klarinettistar som bommar på hola med dei små barnehendene sine slik at pipelyden er uuthaldeleg, ingen saksofonistar som må skifte flis midt i eit stykke, ingen messingblåsarar som dreg ut alle ventilane i eit tappert forsøk på å få den største slevdammen på golvet. Alt dette er bytta ut med ein ting: profesjonalitet.

I ØVINGSLOKALET reiser perkusjonistane seg. Dei må gå ned litt før resten av korpset for å gjere seg klare.

Fem minutt igjen. Dirigenten lyftar handa. Dei rekk ei lita gjennomkøyring til. Men minutta går fort. 13.23 skal dei vere klare.

– Då må vi gå, seier arrangøren.

På rekke nok ein gong. Ned trapp etter trapp.

– Vi gjorde akkurat det vi skulle på dei 19 minutta vi hadde. Det er viktig, seier dirigenten.

Han verkar roleg, men nokre sveittedropar kan ein skimte i panna. Ritualet vart gjennomført. Tida er inne.

UTE I VRIMLEOMRÅDET til Olavshallen står fleire musikantar og førebur seg.

– Korps er kjekt og sosialt. Vi får utvikla eit spesielt forhold til musikk, seier Linn Andrea Aasland (20) og Christine Myklebust (17) frå Nittedal og Hakadal Janitsjar medan dei gjer klar instrumenta.

Dei deltek i elite-divisjonen og er i gong med oppvarminga.

– Kva er den største misoppfatninga folk har om korps?

– Vi høyrer ofte at korpsfolk ikkje drikk, men korpsfolk kan å drikke. Det er faktisk der vi lærer å drikke. I tillegg er det å vere med i korps mykje meir enn 17.mai, seier dei i kor.

Dei spelar høvesvis saksofon og tverrfløyte.

– Saksofon har den kulaste lyden, seier Linn Andrea, som i ein alder av 20 år deltek på sitt sjette NM.

– Tverrfløyte er bra, for der får ein alltid melodistemma. Eg skulle eigentleg spele saks, men sidan eg fekk denne har eg alltid vore veldig glad i fløyta mi, kvitterar Christine.

LILLE SAL er ikkje akkurat full, men på scena sit Musikklaget Kornetten klare til å gjere det dei kom hit for å gjere. Dirigent Håvard går fram, ser musikantane sine i augo og lyftar hendene. 12 år gamle Simen leier an med fløyta si. Den rolege framføringa gjer at resten senkar skuldrane. Det er berre å spele på.

– Vi sleit litt med å halde marsjtempoet, men det var vi førebudd på så eg fekk roa dei ned der det var naudsynt. Det gjekk eigentleg som venta, seier Håvard.

I tillegg til å vere dirigent er han musikkonsulent i Noregs Musikkorps Forbund. Årets NM er det største som nokon gong har vore arrangert. Det er også stort i europeisk samanheng.

– Ingen andre har sju divisjonar, seier han.

– Korleis står det til med korpsmiljøet i Noreg?

– Kvaliteten veks, men medlemstalet sviktar. Vi vert ikkje fleire, men dei som er med er på eit høgare nivå.

I dei harde ungdomsåra er det ikkje kult å spele i korps. Likevel meiner ikkje Håvard at korpsa har eit imageproblem. Problemet er heller at ingenting er kult.

– Er det eigentleg noko som er kult? Ski er heller ikkje kult. Organiserte fritidsaktivitetar har ei utfordring, og vi må jobbe aktivt for å få med ungdomen. Når det ikkje er kvalitet på det ein driv med er det ukult, men dersom ein er god og ein får mestringskjensle er det kult.

INNE I STORE SAL har Nittedal og Hakadal Janitsjar entra scena. Medan eg høyrer på får eg nesten ei kjensle av at eg høyrer på filmmusikk. Alt som manglar er nokre levande bilete på lerretet bak. Lydane er så gjennomtenkte, så klare, så perfekte. Eg skjønar kva Håvard meinte då han snakka om mestringskjensle. Hadde eg vore ein del av noko så bra, hadde eg definitivt meint det var kult.

Å VERE PÅ korps-NM er på mange måtar som å vere på festival. Ølen flyt, stemninga er god og rundt omkring kan ein finne masse boder og salsstandar. Kva med ein boksershorts det står «NM i janitsjar» på? Eller kanskje ein ny trompet?

Vandrande mellom messinginstrumenta møter vi Magnus Johnsen Sandåg(22). Han er ferdig med si deltaking for Dragefjellets Musikkorps, ein av favorittane under årets NM.

– Det beste med korps er at uansett kor gamal ein er, vert ein aldri utlært. Det er alltid nye dører ein kan gå gjennom, fortel Magnus, som studerar Utøvande musikk ved Griegakademiet i Bergen.

– Der er korps veldig kult og nesten halvparten av musikantane i Dragefjellets Musikkorps studerar der.

ØL, FITTE OG HORN. Tre ord eg aldri har høyrt i lag før. Tre ord eg trudde samtlege i Olvashallen skulle få bakoversveis av. Orda kom sjølvsagt frå Else Koss Furuseth, konferansier på Festkonserten under årets NM. Ho seier sjølv ho har ti år i korps bak seg, så då veit ho vel kva ho snakkar om.

– Korps består av øl, fitte og hornmusikk. Då eg spela vart det mest øl og horn, så eg håper å få litt fitte i kveld, ropa ho til festkledde NM-deltakarar.

Ho la lista der med ein gong. Kan ein eigentleg snakke slik til korpsfolket, tenkte eg der eg sat på andre rad og var vitne til den verbale utskeiinga. Ein kan tydelegvis det. Responsen var enorm. Dette var ingen skivebom. Else traff visst spikaren på hovudet.

Ho rakk også å proklamere at «korps er den einaste bransjen der det er mogleg å ligge seg oppover» før ho fekk heile hallen til å reise seg og rope «ja, vi elskar janitsjar" i kor.

Hadde du spurt meg tidlegare ville eg sagt at når ein snakkar om janitsjar, så er ordet «elske» litt overkill. Idag var det akkurat det som passa.

Powered by Labrador CMS