PÅ BENKEN: Hypnoterapeut Ingfrida Næs kjenner på energien til Under Dusken sin utsendte.

Konkurrerande helsesyster

Aksepten til alternativ medisin aukar, men manglande sertifisering av utøvarane kan gjere behandlinga farleg.

Tekst: Krista Indrehus, Ann-Helen Kjøde

Fakta

Fakta i saken:

Lov om alternativ behandling:

  • I 2003 erstatta «Lov om alternativ behandling» den gamle kvakksalverlova.
  • Føremålet til lova er å medverke til tryggleik for pasientar som søker eller mottek alternativ behandling, samt å regulere tilgangen til å utøve slik behandling.
  • Lova gjeld alle som utøver eller tilbyr slik behandling i Noreg.
  • Den som ikkje er helsepersonell, og som ved medisinske inngrep eller behandling forsettleg eller uaktsamt sett nokon sitt liv eller helse i alvorleg fare, anten gjennom sjølve behandlinga eller ved at pasienten grunna behandlinga let vere å søke kyndig hjelp, vert straffa med bøter eller fengsel.
  • Kjelde: Lovdata

Fakta om alternativ behandling:

Med alternativ behandling meiner ein helserelatert behandling som vert utført utanfor helsetenesta, og som ikkje vert utført av autorisert helsepersonell. Felles for alternative behandlingsformer er at Med alternativ behandling meiner ein helserelatert behandling som vert utført utanfor helsetenesta, og som ikkje vert utført av autorisert helsepersonell. Felles for alternative behandlingsformer er at dei ikkje kan forklarast etter naturvitskaplege forklaringsmodellar. Dokumentasjon er ei utfordring og skeptikarar viser til forskning som dokumenterer at effekten uteblir, medan utøvarar og brukarar viser til forskning som dokumenterer effekten. Placeboeffekten har ingen målbar medisinsk effekt, men er ofte definert ved at dersom du trur ei behandling vil verke på ein bestemt måte, kan det få ein slik effekt. Titlane til utøvarar av alternativ behandling er ikkje verna, det vil seie at kven som helst kan titulere seg som til dømes akupunktør eller healer. Det næraste ein kjem kvalitetssikring er godkjenning av ulike særforbund. Tre healerar i Trondheim er godkjent av Noregs Healerforbund. 13 akupunktørar i Trondheim er godkjende av Norges Akupunktørforbund. Kjelder: Lovdata, Store Norske Leksikon, Noregs Healerforbund, Norsk Akupunkturforbund.

– Dette var litt overraskande, seier han.

Eg sit i stolen og ser opp på healer Johannes Henriksen, som lener seg mot benken eg nettopp har lege på. Han faldar hendene sine og får ei tankefull mine over augo. Det er stille ei lita stund før han held fram.

– Du har eit stort potensiale for ro, og det medverka til at du kom i ei djup og god avspenning.

Det må jo tyde på at han har klart å sjå inn i meg. Av oss to er det nok eg som er mest overraska. Tre kvarter på ein benk, og han skal fortelje meg korleis eg er.

– Du har mykje glede i deg, kanskje du kan sleppe meir av den fram? Og eg trur du kan lære deg å finne ei salig ro, seier han.

Foto: Eirik Indergaard, Under DuskenEg sit stille og lyttar. Sidan eg aldri har vore til healer før veit eg ikkje korleis eg skal reagere. Han gjentek ordet «potensiale» ein gong til.

– Du må ha merka det sjølv òg, i løpet av behandlinga?

Han ser på meg. Eg tenker. Potensiale. Eg som ikkje ein gong trur på healing.

SKEPTISK. Alternativ medisin er eit samleomgrep på medisinske behandlingsmetodar som står utanfor den etablerte skulemedisinen. Felles for desse er at dei ikkje kan forklarast ut i frå naturvitskaplege forklaringsmodellar.

– Eg vil definere alternativ medisin som behandling som manglar dokumentert verknad, eller som er dokumentert utan verknad i det heile, seier fyrsteamanuensis i religionsvitskap Asbjørn Dyrendal.

Han er òg redaktør av nettsida skepsis.no. Alternativ behandling er noko han har uttalt seg om tallause gongar, og som oftast i særs kritiske ordelag.

– Marknaden har vorte større og reklamen meir pågåande. Det har vorte meir mainstream å halde på med og nytte seg av alternativ medisin, meiner han.

Dekan Stig Slørdahl ved det medisinske fakultetet ved NTNU åtvarar mot uheldige verknader av alternativ behandling.

Foto: Eirik Indergaard, Under DuskenMYKJE HALVSERIØST: Med ynskje om å få eit friskt kne har Tore Mo prøvd fleire behandlingsmetodar. – Der er mykje halvseriøst, meiner han.– Det kan vere farleg dersom til dømes ein kreftpasient kjem for seint til legen fordi ho ville prøve andre behandlingar fyrst, det er og uheldig dersom pasientar avbryt konvensjonell behandling for å prøve alternative metodar som kan gjere sjukdomen verre, seier han.

UPRØVDE MOGLEGHEITER.

– Ein del av det har vore fånyttes, seier lektorstudenten Tore Mo.

Vi står i vitskapen og realistane sitt sentrum, El–bygget på Gløshaugen. Her møter vi ein som har lang erfaring med alternative behandlingsmetodar.

– Det er ynskjet om å verte frisk som driv meg, seier han.

Då Tore var elleve år knakk han kneet. Dette brotet førte vidare til voksebrot, tallause operasjonar og årevis med smerte. No er han 23 år, og går fast på smertestillande.

Offentlege legar har gjort det dei kan for å prøve å gi Tore ein kvardag utan ubehag, men når resultata uteblir vil han ikkje at nokon veg skal stå uprøvd. Håpet om å kunne verte frisk overgår alt.

– Eg vil ikkje avskrive noko sjølv om det er vanskeleg å ha trua på at alternativ behandling vil kunne hjelpe, seier han.

Under ein biltur til Røros såg han eit skilt med ordet «healer» på, og bestemte seg for å fare innom.

– Healeren sa han kunne sjå fargar rundt i kroppen min. Det var uforståeleg for meg, seier han.

Då han drog der ifrå fekk Tore med seg ei glasflaske med helbredande vatn, og beskjed om at alt vatn han fylte på flaska ville vere helbredande. Effekten uteblei.

ENERGIBANER

– Er du klar? No stikk eg. Går det bra?

Eg er i ein liten klinikk i Fjordgata. Etter gjentekne forsikringar om at eg ikkje treng å setje meg ned, at eg ikkje kjem til å verte svimmel og at det ikkje vil medføre smerte, gjer akupunktør Lars Børke seg klar til å stikke ei nål i panna på meg. Eg let att augo og ventar. Eit lite stikk oppe ved hårfestet, og eg slepp ut pusten. Eg opnar augo, og føre meg står akupunktøren og smiler frå øyre til øyre. Eg er overraska over kor lite eg kjenner nåla.

– I følgje den kinesiske medisinen har vi energibaner i kroppen, og det er viktig at denne energien får strøyme fritt, forklarer Børke.

I mellomtida har eg lagt meg på benken, og har no ei nål i kvar skulder og ei i kvar hand. Det gjer ikkje vondt, men eg synest det er ubehageleg å tenke på.

– Dersom vi har hindringar i energibanane, vert vi sjuke. Dette kan akupunkturen fikse opp i, fortel han.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenUTANFOR: Felles for de alternative medisinske behandlingsmetodane er at dei ikkje kan forklarast ut i frå naturvitskaplege forklaringsmodellar.Alt handlar om balanse, og i teorien skal ein kunne kurere absolutt alt med akupunktur.

– Men eg meiner at nokre område absolutt skal vere berre legane sine. Det er viktig å tenke på at smerter kan kome av alvorlege tilstandar, som til dømes hjarteproblem. Dette er det viktig at pasienten sjekkar opp før eg byrjar behandlinga, seier Børke.

UHELDIGE KOMBINASJONAR. Det bekymrar fyrsteamanuensis og skeptikar Dyrendal at naturmiddel utan offentleg godkjenning vert selt i stor skala.

– Nokre gongar kan naturmiddel ha uheldig verknad saman med andre medisinar, andre gongar kan midla i seg sjølv vere skadelege. Ville du kjøpt noko som gav seg ut for å vere ein billegare variant av eit sertifisert legemiddel på nett? Kvifor skal ein gjere det med alternative medisinar, spør Dyrendal.

Det er ikkje berre urtemedisinane ein kan få kjøpt på nettet som manglar kontroll. Ein er heller ikkje garantert at behandlarane ein går til kan sakene sine. Ikkje ein gong dei vanlegaste formene for alternativ behandling, som akupunktur og fotsoneterapi, har verna yrkestitlar. Akupunktør Lars Børke er kritisk til at folk kan ta «eit helgekurs» for deretter å behandle folk med akupunktur.

– Det kan vere farleg. Det har skjedd fleire lungepunkteringar i Noreg, og ein kan treffe ein nerve. Ein bør vite kva ein gjer som akupunktør, og kundane bør vere sikre på at behandlarane dei går til er kvalitetssikra. Eit kvalitetsstempel er at dei er registrerte i Norges Akupunkturforbund, seier han.

Dyrendal er oppgitt over at folk tek alternative behandlingar for god fisk utan dokumentert verknad, men han kan òg forstå det. Han meiner at ein av grunnane til at folk likar å gå til alternative terapeutar, er at ein vert møtt med forståing, nokon som vil høyre på ein og snakke med ein.

– Terapeutane har ei god evne til å bedra seg sjølv, dei trur faktisk at dei hjelper andre. Det er sjølvsagt nokon som er meir opptekne av pengar enn av å gjere godt, men eg trur dei er i mindretal, seier Dyrendal.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenSTIMULERER: - Fotsoneterapien set i gang prosessar som stimulerer nervesystemet, seier fotsoneterapeut Torbjørg Ramsvik.– Kva seier du til dei som hardnakka påstår at ei alternativ behandling har helbreda eller hjelpt dei?

– Nokre problem har grunnar som vi ikkje er klar over. Det at to ting skjer etter kvarandre, betyr ikkje at dei heng saman som årsak og verknad, meiner Dyrendal.

Healer Johannes Henriksen er ueinig i dette.

– Det handlar om auget som ser, og mykje forskning syner positive resultat, seier han.

Henriksen viser blant anna til Aarbakkeutvalet sin rapport frå 1998, der det kjem fram at av 160 studier på menneske og healing, kan to tredjedelar vise til ein effekt utover placebo.

HÅP OM MIRAKEL. Tilbake på Gløshaugen har lektorstudent Tore Mo fleire erfaringar å dele. Akupunktur, naprapat, kopping, qigon, healer – lista over prøvde metodar er lang. Tore bruker å lese bøker skrivne av dei som utfører metoden før han prøver det sjølv, for å sette seg meir inn i kva det går ut på.

– Eg har kanskje lidd litt av at eg har prøvd å orientere meg på eiga hand. Der er mykje halvseriøst, seier Tore.

Han er klar over at det er få metodar som kan vise til dokumentert effekt, og at ein kanskje må tru på mirakel eller vere litt naiv for å prøve.

– Sjølv om det ikkje alltid har effekt, trur eg ikkje at dei alternative behandlingane er farlege eller kan gjere det verre, seier Tore.

Det er ikkje til å kome unna at det er eit økonomisk perspektiv ved dette, noko Tore òg har fått erfare.

– Det har vorte dyrt av og til, men eg er litt lei det perspektivet. Det viktigaste er å kjenne seg betre, meiner Tore.

Leiar Thea Indahl Mæhlum av Velferdstinget i Trondheim fortel at refusjon til alternativ behandling kan verte inkludert i helserefusjonen til SiT framtida.

– Helserefusjonsordninga er under revurdering no, og alternativ behandling er eitt av elementa vi ser på, seier ho.

Mæhlum minner likevel om at ordlyden i dagens refusjonsordning opnar for støtte til alternativ behandling.

– Det står at refusjon vert gitt dersom behandlingsutgiftene er foreskrive av fastlege, dette opnar for stønad til alternativ behandling, seier ho.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenSMÅ, MEN FARLIGE: Lars Børke er kritisk til at folk kan ta «eit helgekurs» for å behandle folk med akupunktur.I TRANSE.

– Eg er veldig oppteken av å avmystifisere hypnose, seier hypnoterapeut Ingfrida Næs.

Ho sit bak pulten sin. På veggane rundt henne heng det store bilete av sydensand, palmer og turkist hav.

– Hypnose er ein tilstand der du tek inn verda utan å registrere henne, omtrent som rett før ein sovnar, seier Næs.

I ein hypnotisk transe vil det undermedvitne og det medvitne sinnet samarbeide og gå i dialog, og slik kan ein få til endringar i åtferd og tankemønster, forklarer ho.

Det er mest psykiske problem Næs jobbar med.

– Eg likar å jobbe i djupna, og sjå kva som ligg bak ulike problem. Eg har alltid kunna "lese" folk.

– Lese?

– Ja, når ein jobbar med menneske i slike situasjonar vert ein ein god menneskekjennar. Ein kjenner igjen kroppsspråk og ansiktsutrykk, og av og til får eg eit bilete eller ei overføring av kva personen på behandlingsbenken tenker, seier ho.

Eg legg meg på behandlingsbenken for å gjennomgå den sjelegranskinga som er uungåeleg når ein vert hypnotisert. Eg veit at Næs jobbar med åtferdsendring, og det hadde ikkje gjort noko om ho kunne fått meg til å sprette opp av senga om morgonen. Eg er sjølvsagt skeptisk, men òg fullt innstilt på å gi metoden ein sjanse. Eg får beskjed om å lukke augo og slappe av før transen.

Næs spør meg om kor ynskjet om å ville sove lenger sit i kroppen, kva farge kjensla har, om ho er kompakt eller spreidd. Deretter får eg beskjed om å sjå føre meg «dei gode hjelparane» mine, som overstråler den mørkeraude sove-lenger-kjensla med kvitt lys og får henne til å gå i oppløysing.

– No skal eg telle til fem. For kvart tal eg seier vil du verte tyngre og gå lenger inn i transen. Ein, to, tre, fire, fem. Avslapninga er no dobla, du er i djup transe, seier ho.

Det kjennest rett nok ut som om eg held på å sovne, og dersom dette er transe har eg ingenting i mot det. Ho fortel meg i eit monotont stemmeleie om undermedvitet og medvitet mitt.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenOMHYGGJELEG: Akupunktørar må vere forsiktige i utføringa av den kinesiske nålestikkmetoden.– La ditt umedvitne sinn ta over. Det medvitne sinnet ditt kan fly, det treng ikkje å vere her no. Det umedvitne sinnet ditt registrerer alt og hugsar alt, messar Næs.

Orda til Næs vert etterkvart vanskelegare å følgje med på, men eg får med meg hovudbodskapen: «Du har tru på deg sjølv og derfor klarer du å stå opp om morgonen».

Etterpå får eg vite at årsaka til at eg ikkje klarar å stå opp når klokka ringer, er nedarva frå oldemora mi. Negative vibrasjonar har festa seg på barna i magen i fire generasjonar.

ALTERNATIV MORSMJØLK. På ein helsekostbutikk i byen møter vi psykologistudenten Ida Kildahl.

Ho snakkar om alternativ behandling som om det skulle vore regelen snarare enn unntaket, og den opne haldninga har ho fått inn sidan barndomen.

– Mor mi er healer, seier ho.

Dersom Ida har smerter, kan mora heale dei og dersom ho er stressa grunna eksamen, blandar mor hennar ei blanding av Bach's blomstermedisin. Mora er nemleg bachterapeut òg.

Ida er overbevist om at alternativ behandling hjelper, og har berre positive erfaringar å vise til.

Foto: Marius Nyheim Kristoffersen, Under DuskenLANG ERFARING: – Mitt inntrykk er at legar er meir opptekne av å behandle symptoma, medan alternativ behandling ser på årsaka, seier Ida Kildahl.– Mitt inntrykk er at legar er meir opptekne av å behandle symptoma, medan alternativ behandling ser på årsaka. Eg brukte til dømes akupunktur til å verte kvitt pollenallergien, seier ho.

Ida fekk sett inn små akupunkturnåler – tre i kvart øyre – og gjekk med desse i tre månader. Dette, kombinert med piller frå homeopaten, gjorde at allergien forsvann.

Alternativ behandling er ei stor verd det kan vere vanskeleg å orientere seg i, meiner Ida.

– Uerfarne må vere forsiktige, seier ho.

Psykologistudenten bestiller ingenting via nettet, og tek ikkje noko utan å høyre med mora fyrst. Ida skjønar at folk er skeptiske, men er glad for at alternative behandlingar har fått meir og meir aksept.

– Då eg byrja med akupunktur var det heilt tabu, no er det så vanleg at eg ikkje ser på det som alternativt lenger, seier Ida.

HEALINGA SINE DIMENSJONAR. Healer Johannes Henriksen sit på ein stol i det kvite og lyse kontoret sitt i Midtbyen. Det er inga rissling i rør, ingen fargerike klede med skjelettpryd rundt halsen. Han ser ikkje ut som ein healer, og med unntak av Enya-musikken i bakgrunnen er alle fordomane mine forkasta.

– Det er ikkje noko mystisk med healing, det er det same som med andre profesjonar. Alle har ei stemme, og alle kan synge, men det er ikkje alle som kan verte songarar, seier han.

Vi set oss ned og Henriksen forklarer prinsippet bak healing.

– Det er allment kjent at vi har to dimensjonar; kropp og psyke, men i tillegg har vi energidimensjonen. Denne dimensjonen er fellesnemnaren for all alternativ behandling, seier han.

Han tek ei lita pause før han held fram.

– Energidimensjonen har til og med sin eigen anatomi, seier Henriksen og peikar på ein fargerik plakat som heng på veggen bak han.

Det er eit bilete av ein menneskekropp, og den består av sju hovudenergisenter og ulike energibaner. Det er denne energien ein healer kan hjelpe med.

SMAK AV RO. Eg tek plass på benken. I følgje Henriksen treng eg ikkje vere sjuk for å gå til healing, og sidan eg ikkje har noko konkret problem han kan arbeide med skal eg berre prøve å slappe av og finne roa.

Han legg eit teppe over meg, skrur av lyset og set seg bak hovudet mitt. Han seier ingenting, han berre sit der og plasserar forsiktig hendene sine på skuldrene mine. Det er ubehageleg stille. Eg vert veldig medviten på min eigen pust og alt eg tenker på er kva slags problem personane som har lege under dette teppet før meg har hatt. Men etter kvart fell eg til ro. Det er stilt, men det er ikkje ubehageleg lenger.

Healeren sit lenge med hendene på skuldrene mine, deretter hovud, bryst, mage, kne og føter. Han skiftar roleg frå posisjon til posisjon, og med lette trykk kjenner han på kroppen min. Eg veit ikkje kva det er meininga at eg skal føle, kva eg skal sjå. Eg tenker meir på kva han føler og kva han ser, men likevel er eg avslappa. Han slepp føtene mine, siste punkt på reisa, og tek av teppet. Eg set meg opp på benken. Tre kvarter går jammen fort. Kva har han funne ut?

– Kjente du det sjølv, spør han.

Eg prøver å kjenne etter om eg har merka noko. Bortsett frå at eg er litt småsløv etter 45 minutt i kvilemodus, kjenner eg eigentleg ingenting, men det let eg ikkje han få vite.

Powered by Labrador CMS