Gje ein varm velkomst til det nye Samfundetstyret
Enda eit år har gått, og enda eit styre på Studentersamfundet er valt. Møt dei som skal leie oss gjennom det komande året.
Den 24.februar i år vart Ulrik Dager Sneve valt som ny leiar på Studentersamfundet, og tek over for Birk Cock Aschjem. Sidan då har han hatt ansvar for å velje et heilt nytt styre.
– Det viktigaste eg så etter då eg satte saman det nye styret var at folk hadde lyst, og ein nærverande motivasjon for å bruke mykje tid på Samfundet, fortel Sneve.
Den 25 år gamle leiaren fortel at det var desse eigenskapane som var avgjerande. Dei var viktigare enn å sjå på kvalifikasjonar, erfaring, eller det å sikre ein perfekt fordeling av ulike studiebakgrunnar.
– Eg ser mest fram til å kunne klappe oss sjølv på skuldra, og være stolt av noko vi har fått til i fellesskap, seier Sneve.
Samfundetleiaren er med andre ord optimistisk for året som kjem, og legg til
– Og det trur eg kjem til å skje mange gonger, avsluttar han.
Sjølv om styret er valt no blir ikkje styret formelt godkjent før generalforsamlinga den 23.april. I tradisjons tru trer dei offisielt i kraft på nasjonaldagen.
Deira ansvar det følgande året er mellom anna den politiske profilen til organisasjonen, å setje dagsorden under samfundetmøtane, løfte medlemmane si stemme, og skape ein atmosfære der alle kan føle seg heime på huset.
Sneve har valt sju studentar til styrevervet, og fleire har fellestrekk. Tre studerer statsvitskap, og alle i styret kan meddela at dei allereie har erfaring frå Studentersamfundet.
Politisk nestleiar
Wilma Seljordslia kjem frå Asker og studerer europastudiar ved NTNU. 22-åringen tek med seg erfaring frå Lørdagskomiteen inn i den nye rolla som politisk nestleiar.
– Samfundet er ein heilt særeigen institusjon, og eg gler meg aller mest til å få vere med på å bidra til noko som betyr så mykje for så mange.
For Seljordslia er det viktigaste å sørge for at Samfundet er relevant og tilgjengeleg for flest mogleg studentar.
– Samfundet skal vere ein lågterskel møteplass ein kan stikke innom utan ein einaste plan.
Det er også det ho likar best, at Samfundet opnar opp for ei heilt eiga verd. Ei verd med engasjerte og mangfaldige menneske.
– Det er ein stad som gjev utruleg mykje hvis du vel å engasjere deg.
PR- og kommunikasjonsansvarleg
22-åringen Daniela Sliper kjem frå hovudstaden, og er ferdig med eit årsstudium i psykologi til sommaren. Til hausten skal ho studere økonomi ved NTNU. Daniela Sliper har erfaring frå Markedsføringsgjengen, men no ser ho fram til eit nytt verv.
– Eg ser fram til å bli kjent med styret, kome i gong og meistre nye arbeidsoppgåver.
Sliper kan fortelje at det viktigaste i den nye rolla vil vere å oppretthalde ein genuin og ryddig kommunikasjon mellom Samfundet og andre partar.
– Det er også viktig å sørge for at det som blir uttrykkt er i tråd med husets medlemar.
På spørsmål om kva ho likar best med Studentersamfundet, har hun allereie svaret klart.
– Det eg likar best er korleis Studentersamfundet klarar å samle studentar med ulik bakgrunn, studie og alder til alle moglege kulturelle arrangementar.
Debattansvarleg
Liva Berge Flo kjem frå Bergen. Ho studerer for tida statsvitskap men går tilbake til fysikk og matematikk til hausten. Liva har tidlegare erfaring frå Debattkomiteen, og tar no over rolla som debattansvarleg.
– Eg ser fram til å bli kjent med nye folk, og til å ta opp ein ny gjeng i Samfundets debattkomité.
Som påtroppande debattansvarleg er det viktig for 22-åringen å nå ut til eit mangfald av Trondheims studentar.
– Dette kan vi gjere ved å arrangere både underhaldande og lærerike debattar innan mange ulike tema.
Arrangementansvarleg
Ingeborg Stenstadvold frå Bærum fullfører for tida ein bachelorgrad i pedagogikk ved NTNU. Stenstadvold har tidligare vore å finne i Videokomiteen. No skal ho bryne seg som arrangementansvarleg.
– Eg ser fram til å bli kjent med styret, og gjenger eg tidligare ikkje har hatt mogleiken til å jobbe med som videoteknikar.
24-åringen ser fram til å følgje prosessen frå idé til gjennomføring, og lære meir om Samfundet som organisasjon gjennom vervet.
– Det viktigste for meg blir å skape inkluderande og godt gjennomførte arrangement som engasjerer flest mogleg studentar, også på tvers av campusane.
Dette vil Stenstadvold gjera med å samarbeide på tvers av gjengar, for å utnytte ressursane best mogleg.
– Det er også viktig for meg å bidra til eit godt miljø for dei som jobber på arrangementa.
Den komande arrangementansvarlege forteljar at ho alltid har vore imponert over kor mykje dei frivillige på Samfundet fått til
– Det at hundrevis av menneske kjem saman for å skape engasjerende arrangement, og ei kjensle av samhald, vennskap og glede. Det er noko eg alltid har satt stor pris på.
Huskoordinator
Den nye huskoordinatoren Viktor Marckx kjem heilt frå Antworpen i Belgia, og studerer både samfunnsøkonomi og europastudiar ved NTNU. Viktor Marckx har erfaring som blant anna sjef for Dagleghallen i Kafé- og serveringsgjengen.
– Eg ser fram til å møte nye menneske, fortel han
I rolla som huskoordinator har Marckx ein klår plan.
– Eg har lyst til å skape betre drift på huset, og sørge for at vi fyller opp heile huset.
27-åringen fortel at han ønsker at Samfundet skal vere ein plass ein alltid kan dra til.
– Samfundet skal vere alt frå moro, kultur, fotball, vener, til ein god kveld på byen.
Temaansvarleg
Oskar Kaurin studerer statsvitskap ved NTNU. 21-åringen frå Oslo går frå å vere frivillig i UKA-25, til å no vere med i styret til Samfundet.
– Det eg likar aller best med Studentersamfundet er huset si evne til å samle så mange ulike og engasjerte menneske i ein og same organisasjon.
Kaurin ser fram til å bli kjent med nye flotte menneske gjennom vervet, og ikkje minst dyrke interessa si innan politikk og samfunn. Han har fleire forventingar til den nye rolla si.
– Som temaansvarlig håpar eg å kunne bidra til innsiktsfulle og engasjerende samtalar om både kjente, og ukjente, tema og problemstillingar vi står ovenfor.
Temaansvarleg
Even Ljosland Dalaker kjem frå Kongsberg og studerer også statsvitskap ved NTNU. Frå Radio Revolt i Studentmediane til Temaansvarleg har 22-åringen mykje å bidra med inn i det nye vervet.
– Eg ser fram til å bli kjent med styret og sjå korleis dei jobbar.
Han fortel at han ønsker å planlegge arrangement som fenger studentane i Trondheim.
– Det eg likar best med Studentersamfundet er kor mykje som skjer heile tida. Som radiopratar er eg glad i dei mange ulike konsertane, spesielt 23:59 konsertane på Vuelie, avsluttar han.
Even Ljosland Dalaker er aktivt medlem i Studentmediene.