GANSKE STRAMT: Kerthan Ilangeswaran mener det kan vere ganske stramt å halde seg innanfor grensa til studiestøtta.

Studiestøtta kan auke med 5200 kroner

Studiestøtta aukar med 3,8 prosent i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024. Dette er tilsvarande omtrent 5200 kronar i året. Dette er betydeleg mindre en fjorårets auking på 9022 kronar.

Publisert Sist oppdatert

Studiestøtta aukar med 3,8 prosent i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2024. Dette er tilsvarande omtrent 5200 kronar i året. Dette er betydeleg mindre enn fjorårets auke på 9022 kronar.

SET PRIS PÅ STUDIESTØTTA: Oda Marie W. Kolbu tykkjer det er veldig fint at studiestøtta finnast.

Fint med ein auke, må framleis ha jobb.

Oda Marie W. Kolbu synast det er fint med ein auke i studiestøtta. Den dekker framleis ikkje heile studietilværet aleine.

– For min del må det komme litt pengar utanfrå for å dekke budsjettet, seier ho

Uavhengig av dette synast Kolbu det er vanskeleg å vere kritisk til akkurat kor mykje studiestøtta ligg på.

– Eg synast det er vanskeleg å kritisere det, for det er eigentleg veldig fint at vi får studiestøtte, seier ho.

 LES OGSÅ:  NTNUs litteraturpris 2023: dette er de nominerte

– Det er ganske stramt

Kerthan Ilangeswaran meiner det kan vere vanskeleg å halde eit budsjett innanfor grensa av studiestøtta. Han er difor positiv til auken.

– Eg syns det er fint. Studiestøtta ligg vel på rundt 9400 kronar, og det skal mykje til for å halde seg innafor det utan jobb eller støtte heimanfrå. Det er ganske stramt.

Ilangeswaran får sjølv støtte heimanfrå. Han tenkjer at studiestøtta gjerne kunne vorte auka meir.

– Mellom ti og elleve tusen i månaden hadde vore ganske greitt, meinar han.

Det verkar som studiestøtta enda ikkje dekkjer studietilværet åleine. Studentane må framleis ha jobb om dei ikkje får stytte heimanfrå.

Powered by Labrador CMS