KJÆRLEIK: Bak baren i Edgar finn ein ei gruppe med engasjerte frivillige.

Samfundet har opptak, dette bør du vite

Samfundet treng på nytt fleire frivillige, og har no opptak fram til søndag 25. januar. Prosessen kan vere forvirrande og arbeidsoppgåvene uklare. Difor har Under Dusken prata med frivillige på huset om kva erfaringar dei har fra verva.

Publisert

Du har hatt ein travel skuledag. På vegen heim går bussen forbi eit stort, raudt bygg. Eit monoment av uhyrlege proporsjonar. Verda sitt sjuande største utestad, vel og merke. 

Men, dette bygget står ikkje oppe av seg sjølv. Eit bygg av studentar for studentar. Sidan 1. oktober 1910, då bygget kom til verda, har det vore drifta av studentar. Studentar som har teke på seg frivillig arbeid, i tillegg til studiene. 

På eine sida tenkjer du: «så utruleg feitt at studentar klarer å drifte dette». Samtidig skjønner du ikkje heilt kva greia er: «Kvifor jobbe utan å få betalt, liksom». 

Mange, som deg, har nok vore på kanten i valget om å søkje verv. Dette er erfaringane til nokon av dei som hoppa i det.

Lyche kjøkken: – dei beste åra eg har hatt

Innsatt i sørsida av bygget står ein restaurant med dunkel belysning, gamle møblar og eit design som skrik at det er lov å røyke inne – dog er ikkje det tilfellet. Lokalet er fylt med lyd av gjester som skratter, pilser og et mat til prisar sjølv ein student skal klare å budsjettere for. 

BIANG: Dei interne på Lyche kjøkken bestemmer kva som skal være på menyen. Her eksperimenterer dei med veganske Biang-biang nudlar.

Inne på kjøkkenet finn ein ikkje det same stresset som ofte karakteriserer kokkeyrket, men i staden ein avslappa gjeng med studenter med lidenskap for det dei driv med.

Bioteknologi student Eliah Hudgins er på siste år av masteren og er soussjef på Lyche kjøkken. Han meiner at det å søkje verv på Samfundet er det beste valet han nokon gong har teke.

– Desse åra eg har jobba på Samfundet er dei beste åra eg har hatt, fortel Hudgins.

Mange er nok usikre på det å søkje verv. Skal ein invistere tid i noko utan å vete heilt kva ein går inn i? Hudgins var sjølv litt på kanten då han søkte.

– Er det verkeleg så gøy å stå der på kjøkkenet? tenkte han.

Etter å ha blitt invitert til å ete på Lyche ein dag, der han opplevde kor kjekt både gjestene og dei interne hadde det, bestemte han seg for å gjeve det ein sjanse.

– Berre hopp uti det. Gå inn på nettsida og send inn ein søknad, du treng ikkje å skrive noko spesielt, og så finn du ut av om det er noko for deg når du er på intervju, fortel Hudgins.

Hudgins opplever ikkje at verv treng å gå ut over studiene. 

NUDDEL: Som soussjef gjer Eliah Hudgins meir enn berre å laga sausar.

– Du kan leggje så mykje tid inn i det du vil. På Lyche har me ein standard på ei gong i veka, men mange veljar å jobbe meir fordi det er kjekt, legg han til.

Om ein er interessert i matlaging, stussar ein kanskje på kvifor ein ikkje vil jobbe betalt i staden. Hudgins fortel at det å jobbe som kokk profesjonelt ville vore noko heilt anna.

– Det er eit mykje mindre press på å vere profitabel, sjølv om me framleis opprettholder ein standard me kan vera stolte av, seier han.

Sjølv om dei driftar eit profesjonelt kjøkken, seier han det følast som ein henger med vener og har det hyggeleg.

– Det er ein hobby. Eg gledar meg til å komme på skift, seier han.

Sjølv om Hudgins har ein lidenskap for matlaging, peiker han på det sosiale som det han kjem til å sitje igjen med. 

– 120 prosent har det å vera intern gjeve meg venar for livet; det er folk eg er inderleg glad i, slår han fast.

LIDENSKAP: Mat bringar folk saman.

Dagleghallen: – berre drukke dahls før eg søkte

Ein etasje opp frå Lyche kjøkken ligg Dagleghallen. Skjerf heng på veggen. I baren kan ein få utalege typar øl, nokre også bryggja av huset sine frivillige. Skjermane lysar opp av grasplenar, tilskodarar, og to lag som konkurrerer. Det er fotball.

ØL OG ØKONOMI: Øl-bartender Karina Li syntes vervet er gjevande, sjølv om ein ikkje får så mykje bruk for øl-tapping som økonom.

Økonomistudent Karina Li er frivillig som øl-bartender i Dagleghallen. Ho opplev at vervet har gjeve ho mykje i form av fellesskap.

– Eg synest det er veldig gøy. Ein vert kjend med folk på tvers av studiar, seier ho.

Ho peiker også på at det å bli komfortabel med å møte andre mennesker, er ein verdifull erfaring uansett kva yrke ein skal inn i.

Sjølv om dei bak baren kan framstå som eksperter innen øl-kunsten, fortel Li at ein ikkje treng nokon forkunnskap for å søkje. 

– Eg hadde berre drukke dahls før eg søkte, legg ho til.

Li meiner søkjeprossessen ikkje er så skummel som folk skal ha det til, men anbefaler å søkje på fleire verv.

– Søk uansett, så kan ein heller ombestemme seg seinare, slår ho fast.

Ho legg til at Dagleghallen har byrja å vise Premier League, noko som visar til at Dagleghallen er den beste baren på Samfundet.

SKP: – søkte verv på Samfundet fordi studiet ikkje var sosialt

Rundtom huset går interne meir eller mindre retningsbevisst fram og tilbake med ulike oppgåver. Sett utafrå kan det opplevast som ei stor maurtue. 

Utanfor Origo står kjemistudent Maren Aga Svensen og datateknologistudent Daniel Saga og ser litt skeptisk på ein vegg dei inspiserer. Dei er interne i SKP, altså Samfundet si konsept- og prosjekteringsgruppe.

EIGERSKAP: Kjemistudent Maren Aga Svensen og datateknologistudent Daniel Saga synest det er kjekt å kunne forme bygget.

– Me har ansvar for design og interiør i huset, fortel Svensen.

SKP er ein relativt ny intern gjeng, som vart oppretta då nybygget skulle byggjast.

– Me ønskjer gjerne å få inn nokon arkitekturstudentar, men ein treng ingen forkunnskapar for å søkje, legg Svensen til.

Blant anna, held SKP på med å pusse opp Dagleghallen. Svensen synest det er gøy å kunne ha innflytelse på korleis bygget kjem til å sjå ut.

DESIGN: Biletveggen som no heng utanfor Skala er designa av SKP.

– Dei som jobbar i Dagleghallen ønskjer fleire sitjeplassar, og så har me lyst å få det til å bli ein skikkeleg sportsbar, seier Svensen.

SKP er ein av dei mindre gjengene i Samfundet. Saga meiner ikkje dette går på det sosiale.

– Me får til mange sosiale arrangement og festar, og så er mange av dei tidlegare medlemmene i gjengen med, legg han til.

Svensen peikar på at sjølv om gjengen er liten jobbar dei med mange andre gjengar, noko som gjer at ein vert kjend med fleire rundtom i bygget.

– Eg søkte sjølv verv på Samfundet fordi studiet ikkje var så sosialt. Her vert ein ein del av eit fellesskap, fortel ho.

I SKP er alle dei interne « funksjonære». Det vil seie at dei tar på seg ekstra ansvar, men får igjen for det i form av til dømes gratis innslepp på mange arrangement og konsertar på huset. 

Saga meiner vervet er svært givande, og tenkjer det kan gjeve god jobb erfaring.

– Ein får kjend på det å teke ansvar for noko, og så lærar ein jo mykje om design, fortel han.

KJÆRLEIK: Bak baren i Edgar finn ein ei gruppe med engasjerte frivillige.

Anten det er at du har lyst å prøve deg som DJ, barista, fotograf, webutvikler eller instrumentalist, eller fordi du vil bli ein del av eit sosialt fellesskap der du kan få vener for livet, har Samfunnet noko for deg.

Søknadsfristen er 25.01 kl. 23.59.

Under Dusken er deleigd av Samfundet og er med i opptaket.

Journalisten som dekker saken har verv både i Under Dusken og Edgar.

Powered by Labrador CMS