HEIAR PÅ STUDENTANE: Statsminister Jonas Gahr Støre meiner studentane er viktig for utviklinga av KI.

– Studentane trengs for å utvikla KI

Måndag 10. august var det endeleg duka for NTNUs immatrikulering på Frimerket. Denne gongen var statsministeren med å markera semesterstarten.

Publisert Sist oppdatert

– Ta del i studentfrivillegheita. Engasjer deg i samfunnet. I den verda me lev i, treng me det engasjementet meir enn nokon gong. 

EKSEMPLARISK: NTNU-rektoren ønskte ueinigheit med gjensidig respekt velkomen, og sette standarden klart frå start.

Slik lydar det frå opningstalen til rektor Tor Grande ved NTNU. Frå scena på Gløshaugen sin famøse grasplen ved namn Frimerket, får dei nye studentane ei enorm velkomst av mellom anna TSS, Jonas Lovv, Tor Grande og Jonas Gahr Støre.

– Me skal vere eit mangfaldig universitet, og me skal halde ved våre fire verdiar: kreativ, kritisk, konstruktiv og respektfull.

– Eitt av verdas flottaste universitet

Statsminister Jonas Gahr Støre kunne skilta med sitt nærver på årets immatrikulering. I talen til dei nye studentane gjev han eit historisk perspektiv på lik rett til utdanning.

– Ved oppstarten på NTH i 1910 var det 103 studentar. I dag er det 117 000 som fekk tilbod om studieplass, og ved NTNU i 2026 er det 43 500 studentar. 

Medan regnet yra ned, var blikka til dei oppmøtte vendt opp i retning statsministeren. Dei nye studentane vart møtt av Støre sitt engasjement for at det skal vere demokratisk tilgong på KI. 

– Me hyllar universitetet NTNU på vegne av regjeringa. Dette universitetet er byggja på tanken om at den er fri og rettferdig. Lykke til, og ha ei riktig god reise, avslutta statsministeren.

KARAKTER: Støre fokuserar på den karakteren ein byggjer opp som menneskje i studietida.


Vil jobba opp mot tekgigantane

Under Dusken møtte statsministeren etter talen, og fekk høyre meir om korleis regjeringa vil sikra rettferdig tilgong på kunstig intelligens på universiteta, samt sikra kunnskapskvaliteten.

– Me treng system for å regulera kvaliteten og passa på at KI ikkje vert farleg. Det er ikkje noko Noreg kan avgjera åleine, men me må jobba opp mot dei store tekgigantene Kina og USA for at dei legg rammar for det, svarar Støre. 

I talen fokuserte han på det ein lærar som menneskje, ikkje berre den faglege kunnskapen ein tileignar seg medan ein studerar. Støre presiserte kor viktig det er å ha ein kritisk sans sjølv om ein får tilgong på kunstig intelligens.

– Eg var på St. Olavs, der dei nyttar KI i diagnose, men det er til slutt eit menneskje som må avgjera og nytta den teknologien til menneskets beste. 

KLAR: På immatrikuleringa møtte fleire frå studentlivet i Trondheim opp. Ulrik Dager Sneve syklar inn i vervet som leiar av Studentersamfundet.

Statsministeren meiner at studentane trengs for å utvikla kunstig intelligens vidare, og vektlegg i tillegg universiteta si betyding. 

– Eg spurte «kvar er me om fem år?» på St. Olavs, og det kan inga av dei seie. Studentane her skal ikkje læra ein ting ein gong for alle; dei skal lære og lære. Dei må fortsetja å lære og å følgja teknologien vidare, og difor er universiteta so viktige. 

Liker Trondheim-pilsen

Som den ansvarlege studentavisa me er, måtte statsministeren sjølvsagt svara på kva som er hans favorittpils. Etter noko nøling og eit aldri so lite press frå journalisten om at det kun finst eitt riktig svar i Trondheim, kom det fram ei ytring.

– Eg må jo vere ærleg: Det er Dahls.

Powered by Labrador CMS