Ikkje avvist
Nytt vedtak omhandlar boikott
av israelske universitet
Førre torsdag vart ei sak kring NTNU sitt ansvar i høve til Israel folkerettsbrot vedteke.
Studenttinget vedtok 19. mars ein sak sendt inn av Studenttingsmedlem Rawan Jouhar som omhandla ansvaret NTNU til samarbeid.
Før møtet var arbeidsutvalet innstilt på å avvise saka.
– Sjølv om arbeidsutvalet var innstilt på å avvise saka, er det ikkje naudsynt at me er ueinige i den vedtekne politikken, seier leiar for Studenttinget Amund Aaseng Stubbrud.
Han meiner dette til dels kan forklarast med at mykje av politikken allereie var dekka av tidlegare vedtak.
– Me sende likevel saka inn til diskusjon. Ulike endringsforslag vart stemt gjennom, før saka i sin heilskap var vedteke, fortel Stubbrud.
Eit av desse endringsforslaga omhandlar kva standpunkt studenttinget tek til bruk av akademisk boikott.
Les heile vedtaket nederst i saka.
Studenttinget sin vedtekne politikk har vore mot bruk av akademisk boikott fram til det nye vedtaket. I det vedtekne endringsforslaget frå studenttingsrepresentant Olav Magnus står det blant anna at akademisk boikott er eit legitimt, ikkje-valdeleg verkemiddel mot folkrettsbrot.
Realisering i den iduge byråkratimaskin
Eit relevant spørsmål er i kva grad vedtaket vert realisert vidare.
– Me har frå tidlegare erfaring opplevd at studenttinget sin politikk særs ofte får reell påverknad ved NTNU, fortel Stubbrud.
Leiaren legg til at arbeidsutvalet enda ikkje har hatt eit møte om korleis vedtaket skal realiserast, noko som skal diskuterast vidare utover våren.
– Dette er eit særs omfattande politisk vedtak, som blant anna trekk inn viktige samarbeid knyta til EU, ytrar Stubbrud.
Dialog mellom aktivistar og byråkratar
I vedtaket vert det eksplisitt nemnd at leiargruppa i Studenttinget skal gå i dialog med blant anna Studenter for Palestina for å vidare bearbeide punkt i vedtaket.
Styresmedlem i Studenter for Palestina Magnus de Besche og nestleiar Saim Naveed Iqbal er glade for å vera med i samtalen.
– Me er nøgde for å verte sett på om ein legitim part i diskusjonen, fortel de Besche.
Dei fortel at det var usikkert om saka kom til å verte vedteke, men fortel at det er brei einigheit om politikken blant studentinnstansar.
– Kva konsekvensar vedtaket får kjem til å avhenge av implimentering, seier Iqbal.
– Me vert nøgde når NTNU ikkje lenger bidreg til folkemord, legg de Besche til.
Vegen vidare: ansvarleggjering av akademia
Styresmedlemma i Studenter for Palestina trekk fram at NTNU-styret har vore forsiktig i kva grep dei tek.
– NTNU-styret har tidlegare peikt på det at dei ikkje har nokon ‘insitusjonelle’ samarbeid som bidreg til folkemord, fortel Iqbal.
Det er difor usikkert i kva grad dette vedtaket kjem til å endre NTNU sin politikk framover.
– Endringsforslaget visar tydeleg kva studentar meiner om NTNU sitt ansvar, ytrar de Besche.
Dei fortel at vedtaket kjem til å blant anna påverke kva meining arbeidsutvalet må representere i det komande landsmøtet til Norsk studentorganisasjon, NSO.
– Dette kan hjelpe andre universitet i å ta ansvar for samarbeida deira, fortel de Besche.
Studenttingsmedlem Rawan Jouhar som sendte inn saken ser på vedtaket som ein stor seier.
– Eg er spent på enkelte av vedtakene, fortel Jouhar.
Ho fortel at ho først og fremst er spent på korleis arbeidsutvalet kjem til å tolke og jobba vidare med politikken.
– Sånn vedtaket er i dag har Studenttinget teke eit nytt standpunkt når det gjeld akademisk ansvarleggjering, men også ovanfor Israel-Palestina, ytrar Jouhar.