EIT STEG FRAMOVER: Nestleiar i arbeidsutvalet Nora Wigen meiner plattformen vil klargjere behova til studentane.

Framtida for Sit kafe: meir planter, like dyrt

Byråkratiet går sin gang. Ein ny plattform for Sit mat og drikke legg føring for meir plantebasert mat, men ikkje redusert pris.

Publisert Sist oppdatert

Ein bærekraftig økonomi kan samanliknast med langrenn: det går litt opp og ned, men for det meste rett fram. Sit mat og drikke sin økonomi har på den andre sida vore nærare eit slalåmlaup: fort, gøy og nedover heile vegen. 

Men gøy er det kanskje ikkje alltid heller. Færre og færre studentar kjøpar varer, maten vert dyrare og over jula vart Cafe Sito på Dragvoll trua med nedstenging.

Saman med at mange nye serveringsstader kjem til å måtte byggast i forbinding med campussamanslåinga, er tida moden for omvelting. Korleis denne omveltinga kjem til å skje er i stor grad i henda til studentdemokratiet.

Velferdstinget voterte 12. mars gjennom «serveringpolitisk plattform». 

Ei plattform, ikkje ei løysing

Nestleiar i Arbeidsutvalet Nora Wigen fortel at denne plattforma kjem til å setje føring for kva verdiar dei ynskjer å få fremma dei komande åra. 

– Ein politisk plattform legg grunnlag for fremtidige beslutningar, seier Wigen.

Ho legg til at dette dokumentet ikkje er til for å løyse dei økonomiske utfordringane Sit no sit med.

– Det er heller eit lite stykkje i prosessen for å betre serveringstilboda, fortel nestleiaren. 

Meir plantebasert mattilbod

I plattformen vert det ytrykt eit ynskje om meir bærekraftig servering, i form av innkjøp av lokale råvarer og mindre storfekjøt, då dette er ein stor kjelde til CO2-utslepp. 

KJØTKRAFT ELLER BÆREKRAFT: Representant frå Biso Ava Støldal meiner Sit heller burde satse på ein bærekraftig økonomi enn plantebaserte mattilbod.

Ei av føringane i plattformen seier at Sit skal jobbe mot at minst 75 prosent av serveringstilbodet er plantebasert. Nestleiar Wigen fortel at velferdstinget har hatt eit særskilt fokus på plantebasert mat.

Representantane frå Biso viste på den andre sida misnøye med diskusjonen om punktet. 

– Sit burde kanskje heller satse på ei bærekraftig økonomi, enn bærekraftige løysingar, ytrar representant frå Biso Ava Støldal under møtet.

Det er samstundes usikkert om målet kjem til å kome med økonomiske konsekvensar. Direktør for campustjenester Espen Holm meiner at målet er ambisiøst.

– Me går allereie meir og meir mot plantebasert, men 75 prosent er eit stort steg, fortel Holm.

Han fortel at plantebasert mat allereie utgjer om lag 50 prosent av servingstilbodet til Sit mat og drikke. 

– Me sel det studentane kjøpar, seier Holm.

– Ikkje noko billigare

Når færre og færre studentar kjøpar mat ved serveringsstadene tydar det på eit skilje mellom tilbodet som finst og behovet til studenten. Når kjøpekrafta til studentar vert svekka, er det naturleg at pris i større grad legg grunnlaget for dette skiljet.

SIKTAR FOR Å TREFFE: Direktør for campustjenester Espen Holm fortel at Sit ynskjer å skape eit tilbod som treff flest mogleg studentar.

– Det vert i alle fall ikkje noko billigare, ytrar Holm.

Han fortel at målet er å setje saman sunne, velsmakande og billige varar, men at grunna blant anna høg inflasjon og innkjøpsprisar er det vanskeleg å redusere kostnad.

– Me ynskjer å tilby produkt som treff bredda av studentmassen, men me har vore dårlege på å tilby nok «god verdi»-produkt, seier Holm.

Eit problem som kjem fram er at studentane som kanskje er mest interesserte i desse produkta, er dei same som nok sjeldan handlar på Sit sine kafear på grunn av høge prisar.

TIL STADES: Wigen meiner det vil vere naudsynt at studenar er til stades på campus for at økonomien ved serveringsstadene skal gå rundt. Foto: Velferdstinget.

– Det krevjar ni gongar meir innsats å treffe ein kunde du ikkje vanlegvis når, fortel Holm.

Holm ytrar at Sit ynskjer å dekkje behova til alle studentgrupper, og peiker på at tilbakemeldingar studentar gjev gjennom «Studentenes matforum» gjev viktig informasjon for å kunne oppnå dette.

Ei framtid med humpar og svingar

– Me har færre kundar, både fordi det er færre studentar på campus, men også fordi studentar kjøpar noko mindre enn før, fortel Holm.

Holm fortel at Sit mat og drikke har eit stort fokus på å betre økonomien, og at dette i hovudsak handlar om å få ned kostnadane. 

Nestleiar Wigen meiner at å få studentar til stades på campus er naudsynt for å få økonomien til serveringsstadene i rett retning. Ho påpeikar at denne økonomien er bærekraftig i byar som Oslo.

– Oslo har hatt eit stort fokus på å få studentar tilbake på campus, fortel Wigen.

Ho meiner på den andre sida at plattformen nok ikkje i seg sjølv kjem til å snu den økonomiske situasjonen, men at dette heller ikkje er hensikta. 

– Plattformen skal tydeleggjere behova og forventingane til studentar. Korleis det går økonomisk er avhengig av forhold som går utover dette, påpeikar Wigen.

TOMME STOLAR: Sit mat og drikke har slite med å få nok kundar. OBS: Biletet er teke etter stengetid.
Powered by Labrador CMS