Utdanningshistorie: – Skulen var meir praktisk før
Tidlegare lærar påpeikar at det er viktig å læra gjennom kroppen.
Elise Farstad Djupedal forskar på politisk styring av skulen sidan 1954, og seier at termen «kunnskapssamfunnet» kom inn i norsk politikk på åttitalet. Ho fortel om ei førestilling om ein utopi der alle skulle leva av rekning og skriving.
– Den gongen vart framtida skildra som tømt for praktisk og manuelt arbeid. Ein tenkte at alle skulle arbeida med «teoretisk læring», kva enn det er.
Ho seier at dette førte til store endringar i den norske grunnskulen.
– Politikarane la til meir matematikk og norsk for dei små borna. Dei sa at me trong å få meir ut av folket sitt talent, men i realiteten vart berre akademisk talent verdsett.
Essay i friluftsliv
Djupedal fortel at undervisningsformene ikkje har endra seg stort dei siste hundre åra.
– Ein elev i eit klasserom i 1931 ville kjend seg att i eit klasserom i dag. Eg veit ikkje om ein kan seia det same om til dømes ei sjukehussal.
Den gamle pedagogikken kallar ho «chalk and talk».
– Læraren skreiv på tavla og snakka. Det er meir variasjon i dag, men lærarstyrt undervisning er framleis dominerande. Det var eit tydelegare skilje mellom teoretiske og praktiske fag før, seier ho.
– Dei praktiske faga, som forming, hadde ikkje eingong bøker. Boklege og praktiske fag var heilt ulike, og ein heldt på med heilt ulike aktivitetar i dei.
I fylgje Djupedal er det i dag innført skriving i også dei praktisk-teoretiske faga.
– Det kan vera både positivt og negativt, men det er i alle fall ikkje praktisk. I dag har det hendt at elevar som vel friluftsliv som valfag har fått i oppgåve å skriva essay om friluftsliv. Eg trur ikkje at me hamnar i rennesteinen som nasjon om me innfører ein meir variert skule.
Byskulen og bygdeskulen
Det pensjonerte lærarparet Solveig Vandvik Johansen og Annar Johansen har sett utviklinga av den norske skulen innanfrå. Dei gjekk ut i jobb i 1960. Dei meiner at skulen var meir praktisk før, spesielt på bygdene.
– Annar voks opp her i byen og gjekk på den moderne byfolkeskulen kvar dag. Eg voks opp utanfor byen og gjekk på bygdefolkeskulen, der me gjekk annankvar dag, seier Solveig.
Annar hadde 30 timar skule i veka, medan Solveig Vandvik Johansen berre hadde 18. Men sjølv om ho sat færre timar framfor tavla, lærte ho like godt.
– Eg stod heime og tok oppvasken eller steikte sild og kjøtkaker. Mor lærte meg å strikka, og far lærte meg å spela piano.
Me sat og las om blåveis
Solveig stadfestar at bygdeskule og byskule var ulikt organiserte. Ho seier at bygdeelevane hadde skule berre annankvar dag, og at ein der såg på dei praktisk-estetiske faga som ivaretekne i heimen for elevane.
– Bygdesamfunna var avhengige av at borna hjelpte til heime, og små bygdeskular sleit med å finna lærarar i fag som husstell og sløyd. Skule kvar dag og lang skulegang var ikkje sett på som like viktig.
Annar fortel at byskulen hadde skulehage som elevane heldt på i, og at dei i naturfag gjekk turar.
– So hadde me sløyd, skulekjøken og teikning. Dessutan hadde me gymnastikk. Nesten kvar dag var det praktisk-estetiske fag.
Solveig seier at det var annleis for henne.
– Eg hugsar veldig godt at me sat og las om blåveis. Me fann han heime om våren, men ikkje ute i skuletida.
Men dei hadde noko handarbeid.
– Me hadde 14 dagar undervisning om sumaren. Då lærte me å strikka sokkar og sy turndrakt.
Heile mennesket
Då dei to byrja på lærarhøgskulen i Levanger i 1958, opplevde dei at pedagogikken var grunnleggjande lik den dei fekk på grunnskulen og gymnaset. Annar fortel at dei stort sett fekk kateterundervisning.
– Me hadde sløyd eller handarbeid, i tillegg til musikk og gymnastikk, men det var elles ei teoretisk utdanning med praksis to til tre veker i semesteret.
Denne kateterbaserte undervisninga som dei sjølv hadde fått var den same dei lærte å formidla til sine elevar. Solveig seier at pedagogikken har vore stort sett uendra fram til dei gjekk av med pensjon i 2001.
– Den største endringa var at me nytta meir gruppearbeid og interaksjon etter kvart. I dag får elevane utforma sitt eige opplegg i større grad, og tek meir ansvar sjølv. Me som lærarar skulle hjelpa eleven å gjennomføra det.
Ho seier at ho likevel har hatt relativt stor fridom til å utforma læringsaktivitetane, og har sett at praktisk aktivitet har hatt positiv effekt på læringa.
– Eg har hatt mykje leirskule og uteaktivitet med mine elevar. Det er viktig å læra gjennom kroppen, som eit heilt menneske.
Lyt taka alle sansane i bruk
Solveig er ikkje den einaste som er oppteken av det heilskaplege mennesket. Per Brodal er hjerneforskar, lege og professor emeritus ved Universitetet i Oslo. Han meiner at hendene våre er heilt essensielle for heile oppfatninga vår av oss sjølv.
– Om me skal undersøkja noko, so strekkjer me ut handa for å taka på det. Brodal seier at 20 prosent av hjernecellene som er ansvarlege for motorikk, altso rørsle av kroppen, er knytte til hendene.
– Dei evolusjonære utviklingane av handa og av hjernen har gått, bokstaveleg talt, hand i hand. Det er som høna og egget; ein kan ikkje seia kva som førte til kva.
Filosofen Sigurd Hverven seier seg samd med Brodal. Han meiner at menneskja lyt taka alle sansane i bruk for å samhandla med verda kring seg.
– Det moderne samfunnet, og spesielt vaksne, har ein tendens til å prioritera synssansen.
Han meiner dessutan at bruk av kroppen, urelatert til teoretisk læring, fremjar evnen til nettopp denne læringa. Om undervisninga er for einsidig teoretisk, trur han altso at ho undergrev seg sjølv.
– Om hjernen din er mindre utvikla enn han kunne ha vore, fordi du nesten ikkje har brukt kroppen din til noko anna enn å sitja framom ein skjerm, so kjem du òg til å skjøna mindre av det som står på skjermen.
Universitetet er for førelesing
Brodal har sjølv vore med på å omforma medisinutdanninga ved UiO.
– Problemet i dag er at ein undervisast og testast på teoretisk grunnlag, utan å få progresjon til høgare læring – praktisk bruk av teorien.
Han var med å leggja til rette for slik progresjon, og seier at det var stor interesse for denne undervisningsforma frå studentane.
– Eg vart spurd av studentar på psykologi om å koma og førelesa, og dei tykte at det høyrdest spennande ut, men førelesarane var ikkje interesserte.
Brodal trur noko av grunnen kan vera at forsking prioriterast over undervisning.
– Dessutan har mange førelesarar haldninga at universitetet er for førelesing – dei trur ikkje at studentar kan læra noko dei ikkje har vorte fortalde i førelesing.
Synet gjer deg avkopla
Hverven meiner at sansane er essensielt ulike, og difor gjev oss ulike forståingar av verda.
– For å høyra noko, treng du eit høyrselsinntrykk over ei viss tid. Dei vert sterkare di nærare øyret dei kjem. Det same gjeld for berøring, seier han.
– Du er nøydd til å vera i kontakt med objektet. Du er nesten nøydd til å flytta handa langs objektet for å få eit godt inntrykk av det. Når du sansar ved å røyva er du samtidig passiv mottakar og aktivt oppsøkjande.
Det er annleis med synet, meiner han.
– Synsinntrykket vert meir diffust når det kjem for nære. Du kan sjå ting i eit augneblinksbilete, utan at det går noko særleg tid. Synet gjer deg avkopla.
Dei ulike sansane teiknar kvar sine unike bilete av verda, meiner han.
– So ein kultur som prioriterer synet vil kanskje ha ein heilt annan måte å oppleva verda på enn ein kultur som brukar andre sansar, slik som til dømes born gjer.
Han seier at borna si verd nemleg er meir taktil.
– Om ein held ei kongle framom ein unge, seier han: «få sjå!», og han strekk ut handa og tek på det. Vaksne vil gjerne stå og sjå på ting, og bruka språket til å diskutera.
Kunnskapen som kunnskapssamfunnet kverkar
Hverven ser ei utvikling mot fokus på målbare ferdigheiter.
– Det som er rapporterbart har fått forrang i skulen. Men sjølv om ein har satsa på slike ferdigheiter, som lesing og skriving, so vert ikkje resultata der betre .
Han skildrar likevel eit litt anna skilje enn Djupedal, mellom generell og spesifikk kunnskap.
– Ein har generell kunnskap, som skal gjelda for mange ting. Fysikken og matematikken skal seia noko om korleis alle fysiske objekt vil fungera under visse høve.
Spesifikk eller lokal kunnskap er det som gjeld enkeltting, noko ein får gjennom fyrstehandserfaring.
– Slik som kva slags insekt og blomar som finst der eg bur, eller korleis kona mi vil reagera om eg gjer dette eller dette.
Kontekstlaus kunnskap
Hverven meiner at borna føretrekk noko anna enn det som det moderne samfunnet verdset.
– Om born får utforska verda sjølve, so søkjer dei kroppsleg erfaring. Dei har vitebegjær og nysgjerrigheit som gjer at dei vil prøva og testa ting ved å taka på dei, ikkje ved å berre sjå på dei. Slik lærer dei om tinga i kring seg, seier han.
– «Korleis kjennest det ut? Kva skjer om eg kastar det?». Små born puttar dessutan ofte ting i munnen.
Han meinar at læringa som får forrang i skulen står i motsetnad til borna si utforsking.
– Skulen handlar ofte om kontekstlause ferdigheiter som rekning, lesing og skriving.
Læring og avlæring
Hverven er redd for at utforskartronga og nysgjerrigheita i verste fall kan avlærast i skulen.
– Der er utvilsamt læring i skulen, men der kan og vera avlæring. Til dømes kan det henda at borna sluttar å gjera ting som dei ville gjort om dei ikkje fekk systematisk opplæring i ein annan måte å læra på.
Han meinar at ein bør ha ei vekselverknad mellom teoretisk og praktisk erfaring.
– Den eine typen kan forsterka den andre. Om du har konkrete erfaringar er det noko heilt anna å lesa om det etterpå.
Han seier at skulen har prioritert den boklege, universelle kunnskapen, og har tona ned den partikulære, konkrete og meir erfaringsbaserte kunnskapen.
Han påpeikar sant nok at der er tett slektskap mellom teoretisk og generell kunnskap, og mellom praktisk og partikulær.
– Det er eit trekk ved det moderne samfunnet at dei kunnskapane som gjer at ein kan føreseia noko, som gjer ting kontrollerbare, får forrang framom kroppsleg kunnskap erverva frå omgjevnadane sine der ein er.