Den nakne sanninga

Kvifor er det berre menn som skal ha lov til å lette på trykket?

Så satt han der, då. Med store, runde auge og ein munn som hang på vidt gap. Lakenkvitt andlet, som om han hadde sett eit spøkelse.

«Har du aldri sett ei jente rape eller?»

Det hadde han tydelegvis ikkje.

«Eh, må berre på do eg»

Hadde aldri sett fyren før han dukka opp på same vors som meg. No hadde det gått to timar sidan eg møtte det svoltne blikket hans. Og det var akkurat i det augeblikket at eg forstod kva han ville.

Det var som teke rett ut frå eit av dei dyreprogramma der du fylgjer ein flokk med antiloper, og løva brått kjem byksande fram og set tenna i eit av dei stakkars dyra. Eg var antilopa, og han var den svoltne løva. Fanga i det gruvsame løvegapet, gjorde eg alt eg kunne for å kome meg vekk.

Men trass gjentekne forsøk på å prate om kjærasten min, kjedelege jenteting og søte pusekattar, ville han ikkje sleppe tak.

Fire øl seinare byrja det. Den velkjende kjensla av at noko er på veg ut. I eit desperat forsøk på å halde det inne slutta eg å puste. Det var ein dårleg idé, for ikkje eit sekund seinare sleppte eg ut det som må vere den største rapen som nokosinne har forlate kroppen min. Tilbake satt den stakkars løva. Det var som om han brått oppdaga at maten han hadde i kjeften smaka vondt. Så han spytta ut antilopa, og forlét jaktmarka, med halen mellom beina.

Nokre born trur på julenissen, andre på tannfea. Denne stakkaren trudde på den perfekte kvinna. No hadde eg knust kvinne-draumen hans. Og som om det ikkje var nok for den godtruande og naive karen som nettopp hadde fått draumen sin knust, ropa eg ut:

«Du veit vel at me jenter drit, rapar og fis akkurat som de mannfolk gjer?»

Han såg på meg som om han hadde selt smør utan å få betaling for det, før han forsvann ut døra. Det var det siste eg såg til han. No er det einaste målet mitt å rape så høgt eg orkar i nærleiken av ein gut - kvar einaste gong eg er på fest.

Powered by Labrador CMS