Kommentar

Performative menn og autentisitet

Ein antropologisk analyse av heterofile menn som går med kardigan.

Publisert

I dei siste åra har me sett ei veksande bølgje av høgrelent politikk, investering og maskulinitet blant unge, heterofile menn. 

Som krig og naturkatastrofar, er dette noko enkelte vel å ta avstand frå. Fleire og fleire menn kler seg feminint, leser dikt og høyrer på Sabrina Carpenter. 

Høgrebølgja har skapt ei politisk fly ktningkrise. Eg opplever på den andre sida at fleire kvinner og skeive er skeptiske til om dette er likesinna brødre dei skal møte med åpne armar eller trojanske hestar som kome for å dolke dei (på freudisk vis) i baken.

Kvar kjem denne skepsisen til progressive menn frå? Samfunnet vårt fungerer når alle vel å samarbeide i staden for å snylte unna. Den maskuline estetikken er på den andre sida meir forbunde med sjølvstende enn samarbeid. 

Kampen for arbeidarrettar på nittenhundretalet har vorte erstatta med kamp for likestilling og skeive sine rettar. Eg tenkjer at dette er ei positiv endring, men opplever at venstresida på nokon plan har forlatt menn i den breiare folkekampen. 

Om menneske ikkje aktivt deltek i fellesskapet, vert dei isolerte. Isolerte menneske vert eigenråduge. Og eigenråduge menneskje vert anteke å vera snyltarar. 

Me er maktsjuke, kåte og egoistiske. Samstundes er me åleine, me er stressa og ønskjer kanskje berre å verte fortalt at alt kjem til å gå bra.

Politiske makthøl står sjeldent urørte lenge. Frå sjølvhjelpsrådgjevarar og fitness -influensarar til skalla menn som røyker sigarar medan dei spelar inn podkast, har høgresida kapra mykje av det politiske engasjementet til unge menn. 

Denne maskuline høgrebølgja av «økonomisk sjølvstendige menn» kan tenkjast å vere eit svar på isoleringa mange menn har følt på. 

Skal ein ikkje då hylle desse mennene som kjem trippande over til venstresida med ein totebag og kjøtfri diett? Me er alle performative. Om det er hipsterar som går med Scarpa -sko, menn på Handels som går med Patagonia -vest eller lesbiske som klipper mikrobangs. 

Me har alle ei målgruppe av folk me ønskjer å vere assosiert med og ei målgruppe av folk me ønskjer å appellera til.

Dette tydar ikkje på at me ikkje genuint kan like måten ein stil ser ut eller korleis ein type musikk høyrast ut, men det påverkar kanskje kva me vel å presentere for andre. 

Ei opptreden kan altså vere meir enn løgn og fanteri. Kompetanse er til dømes ei stor nytte for samfunnet, men uttrykk av kompetanse, som å spele gitar på nachspiel, kan samstundes vere nærare eit parringskall enn ei hyllest til kunsten.

Kva er det då som er spesielt med performative menn? Ved første augekast finn eg ikkje kva som skurrar litt ekstra med komboen av ein labubu og ein kardigan. 

Eg opplever at mange ser på den performative mann som eit skodespel, heller enn ein ekte, autentisk identitet. 

I kva grad er noko identitet verkeleg autentisk? 

Judith Butler seiar i si bok Gender Trouble (1990) at «alt kjønna er ei opptreden og all opptreden er kjønna».

Eg vil gå lengre i å seie at all identitet, om ikkje all offentleg åtferd, er ei opptreden. 

Problemet er kanskje at menn forventar å kunne bytte identitet over natta og opptre med ein elegans lik Andrew Scott i Hamlet.

Eg er på den andre sida skeptisk til om dette burde møtast med like mykje kritikk som det har fått. Ein må jo «fake it ‘til you make it». 

På same måte som ein må gå inn eit par sko, må ein òg gå inn ein identitet. 

Menn må få prøve å krabbe litt rundt i feminiteten og falle når dei tek sine første steg, før ein kan forvente at dei galopperer (progressivt) i full fart.

Autentisitet er kanskje ikkje noko ein kan opparbeide utan å tore å stå litt små kleint på scena; for eit manus kjem ein ikkje til å få.

Om du vel å endre måten du kler deg, musikken du høyrer på, byrje med hudpleie og pilates, skrive dikt og drikke matcha, berre fordi du vil deite ei progresiv «baddie» – då er du jammen meg dedikert. Og kanskje det er nok.

Journalisten i denne saken likar samtlege kvinnelege forfattarar, blant anna Jane Austen og Emily Dickinson, og er for øvrig 190 høg.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS