FOTO: foto.samfundet.no

Samfundetleder

Hopp i det!

Trondheim er som eit veldig fett basseng, men du må tørre å hoppe i det.

Publisert

Om du er ny i byen eller enda ikkje føler at Trondheim har blitt den festen som var forventa, hopp! Hopp på pcen, gå på nettsida til den kule tingen, enten det er linjeforening, Samfundet, UKA, NTNUI eller noko heilt anna, og skriv «hei, eg vil ha det gøy!<3xD».

Du skal bli vaksen, eit heilt menneske med kul CV og evne til å komme seg gjennom eksamensperioder med influensa. Alt skjer akkurat no, men samtidig har du meir tid enn du trur. Tid til å gå tur aleine, tid til å droppe forelesning, tid til å finne ein ny bestevenn og tid til å prøve ut dritskumle nye ting. Tid til å bli både barista, danseinstruktør, kjæreste, statsvitar og ingeniør. Kanskje ikkje alt på ein gong, men du har faktisk tid til meir enn du trur.

LES OGSÅ: ─ Man får ofte det faglige på immatrikuleringen, og så får man det sosiale her

Alt er litt teit og kjempeskummelt samtidig, men du må gripe sjansen og gjere det. Kanskje du skal gå på treningssenter for første gong, lage grafikk som alle kollektiv i Trondheim har på veggen, dra på hinge-date, vere i panelsamtale med statsministeren, eller bli sjef for Noreg sin største kulturfestival.

Og du skal møte masse avvisning! Tinderdaten vil ikkje møtes igjen, arrangementstyret i linjeforeninga di vil ikkje ha deg, og du kjem til å stryke på eksamen meir enn ein gong. Men også dette har du tid til.

Du har til og med tid til å chille. Tid til å ikkje få masse venner med ein gong, tid til å bruke eit ekstra år på bachelor og tid til å ikkje finne riktig verv, kollektiv eller studie på første forsøk. Studieåra er prøve-feile år, og du har mange år. Åtte år med lånekasse, og femten år om du får deltidsjobb på Kiwi.

Så hopp i det. Søk den tingen, og møt opp på det intervjuet. Og hugs at, du har tid til å søke neste semester òg.

LES OGSÅ: Møt ordførerkandidatene før lokalvalget

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS