UKAs heltar

UKEkoret Pirum siktar seg inn mot jubileum, men viser også at gamle hundar kan lære nye triks.

Publisert Sist oppdatert

Lik oss på facebook for det beste fra UKA

Det er duka for UKEkoret Pirums tradisjonelle konsert, og Rundhallen er fylt med regnvåte mannskorsentusiaster som knapt kan halde entusiasmen inne. Allerede i køen ljomar allsongen, og det gjer all ventinga litt betre. For venting blir det, og det er trongt, varmt og ein smule kaotisk.

Tida flyg heldigvis i godt lag, og då ein musikalsk gjeng drar igang «Be our guest» og fleire disneygodbetar ein kan kjenne igjen frå promenadekonserten har eg nesten ikkje noko i mot å stå her litt. Publikum fyller fort opp Storsalen og braser gjennom dørene til allsongen av «Let it go».

50 år med mykje hud og show

Publikum klappar taktfast korheltane sine inn på scenen, og Pirum opnar godt med songen om jordbærplukkeren Ivan. Salen er med frå første strofe og særleg er det liv på første rad, kvar dei er svært så rause med den ståande applausen. Det tar ikkje lang tid før knickersen og ullsokkane er kasta og eit Pirum i rosa underbukser tar oss videre med «Sydenturen». Nakne kroppar og skåling i rom og cola er alltid ein slager.

UKEkoret går no inn i sitt 50. år med fjas og kalas, og det skal sjølvsagt merkast. Også på effektane. Konfetti av den dobbelt så gamle studentavisa er bytta ut med ein staseleg og høglytt konfettikanon. Det gjer nok avisa mindre allsidig, men stemninga dess høgare.

På programmet står ein fin miks av gode gamle slagere og heilt nytt materiale. Den nye visa «Den gyldne middelvei» er herlig upassande, og med pavehatten og turbanen på snei kjem verkeleg showkoret Pirum fram. Rolegare låtar som «Det var ein vår» viser at mannskoret også har ei sentimental side. Eg har alltid vore litt svak for kjærleiksviser, både til folk og til hus, og litt ekstra banka det derfor i samfundethjarta under flotte «Elgeseter 1».

Raus gjest, trong fest

Samfundet er heim til eit rikt tilfang kunstneriske gjenger. Også i år fekk vi gjesteopptreden frå folkemusikarane i Snaustrinda. Nytt i år er at dei også hentar huseksterne inn i varmen: NTNUI cheerleading fungerer godt og løftar det heile litt ekstra. I nest siste nummer eksploderer Storsalen i konfetti, heiadamer og duskedans under «Det sterkeste kjønn», utvilsamt kveldens høgdepunkt.

Pirum har full kontroll på publikum, men det samme kan dessverre ikkje seiast om arrangørane. Eit kaotisk innslepp fører til ein stappfull sal. Det er trongt, varmt og vanskeleg å koma seg rundt Storsalen, og den stadige knuffinga på veg til ølkøen er til tider distraherande. Konserten i seg sjølv er såpass bra at eg gjerne kunne betalt ein liten slant for å sleppa å bli knuffa rundt og dusja i øl. Det er likevel klårt at Pirum her greier å trekkja mange folk til Samfundet og inn i Storsalen.

Likevel: Det viktigaste er at publikum får alt dei kan forventa av det alltid så sjarmerande studentkoret. Songane fenger og humoren treffer. Underhaldande er dei alltid, men Pirum er definitivt best under UKA.

Powered by Labrador CMS