Tirill sette studiet på pause for å rydda norskekysten
Organisasjonen In the same boat vil ha fleire studentar med på laget og rettar sterk kritikk mot trålernæringa.
I fjor sat Tirill Sandøy Storrødvann Høgset biologistudiane sine ved NTNU i Trondheim på pause for å rydda norskekysten med organisasjonen In the same boat. Ho vart introdusert til organisasjonen i 2017 via far sin, grunnleggar og leiar Rolf-Ørjan Høgset.
– Då eg starta som frivillig budde eg ilag med fleire andre som rydda på ein av våre fire bubåtar. Me hadde åtte timar lang arbeidsdag, og fem av dei timane vart brukte med sekk i handa.
Etter fullført bachelor bestemte ho seg for å ikkje fortsetta på master for å satse på In the same boat. I år vart ho forfremma til Networking manager.
– Eg var veldig bekymra for kva som ville skje om eg tok ein pause. Det var eit vanskeleg val, men eg er veldig glad for at eg gjorde det.
Storrødvann Høgset fortel at det har vore veldig givande; ho får møta mange forskjellige menneske frå rundt om i verda, samstundes som det har opna auga hennar for kor stort problemet faktisk er.
– Forsøplinga er ikkje så synleg langs
øyar der det bur folk, men når du kjem
lengre ut i norskekysten er det openbert
at det er boss overalt. Det ser heilt
forferdeleg ut.
– Norskekysten vert rydda av
andre enn nordmenn
– Me har heldt på sidan 2017. I Noreg jobbar me på nasjonalt nivå med å redusera forsøplinga som allereie har hamna i havet og førebygga at havet vert forsøpla meir, fortel grunnleggar og leiar, Rolf-Ørjan Høgset.
Organisasjonen ryddar òg internasjonalt, mellom anna på Island, dei Britiske øyane og lenger sør i Europa. Høgset fortel at tidlegare frivillige frå andre land driv førebyggande arbeid som ambassadørar i deira cirka tjue heimland.
– Me har tidlegare sagt at norskekysten vert rydda av andre enn nordmenn sjølve, seier leiaren.
Høgset baserer utsegna hans på at
det er ein vesentleg del av finansieringa
deira som kjem frå utlandet, forutan
Handelens miljøfond. Han løftar òg
fram andelen norske frivillige som
er med organisasjonen og ryddar; av
tusen søkarar er det berre kring femti
frå Noreg, fortel han.
– Heilt absurd situasjon
In the same boat driv ikkje berre rydding når dei plukkar plast langs dei norske strendene; dei kartlegg òg all plasten dei finn med GPS-einingar, veg kor mykje det er og kategoriserer kor det kjem frå. Hittil har dei samla informasjon frå heile 32 000 punkt.
– Me har funne ut at longs dei nordlegare fylka står oppdrettsnæringa for om lag 5 prosent av forsøplinga, medan fiskerinæringa står for om lag 80 prosent. Dess nærare du kjem Oslo, dess meir kjem forsøplinga frå privatpersonar, seier Høgset.
Leiaren fortel at dei samarbeider med mange selskap om å rydda strand og hav.
– Me har samarbeidspartnarar frå mange næringar, hovudsakleg frå oppdrettsnæringa. Nokre av desse er med oss og ryddar plast, og held føredrag om det dei har lært på arbeidsplassane sine, forklarar Høgset.
Han kritiserar trålernæringa for å vera dei einaste som er totalt fråverande i samarbeidet om oppryddinga.
– Dei er ikkje interesserte i å gjera noko praktisk for å endra på situasjonen.
Han rettar ein ekstra lang peikefinger mot næringa for å ikkje ta ansvar for det han meiner er deira eiga forsøpling.
– Alle bidreg! Trålernæringa derimot, som står for det meste av forsøplinga og har den sterkaste økonomien, bidreg ikkje i det heile teke, hevdar In the same boat-leiaren.
Kommunikasjonssjef i Handelens miljøfond, Stian Kallekleiv, understrekar den same kritikken i ein mail til Under Dusken.
– Per no er det berre plastposekontingenten som betalar for den profesjonelle oppryddinga langs kysten.
Handelens miljøfond er handelsnæringa si felles storsatsing for å løysa plastutfordringane, og har blant anna plastposekontingenten som gir fire kroner til fondet per selde pose.
Kallekleiv trekker fram at det å rydda plast langs kysten òg reduserar mikroplastførekomstane i områda.
– Det nyttar med andre ord å rydda, men det vert ikkje finansiert av dei som nyttar og forsøplar kysten aller mest. Som Noregs desidert største finansiør av slike prosjekt, er ikkje det ein berekraftig tendens.
Vernar om næringa meir
enn det regulerar
Spørsmålet om korfor trålernæringa ikkje samarbeider med In the same boat meiner leiar Høgset at dei ikkje har fått noko godt svar på.
– Dei spør korleis me kan vita at bosset kjem frå dei. Men det er ikkje nokon andre som nyttar snurrevad og trål enn trålernæringa, fortel Høgset.
Storrødvann Høgset skyt inn at det er veldig mange av dei små aktørane som meiner at dei ikkje mistar noko ut av båtane, men leiaren avfeiar det som berre tøys.
– Faktum er at Noreg er den største aktøren som driv med fiske i NordAtlanteren. Det er ikkje nokon tvil om at Noreg lyt ta meir ansvar, konstaterer Høgset.
Leiaren meiner at anten må dei få pålegg frå staten om å delta i opprydding, eller bli utsett for nok press og kritiske spørsmål slik at det er enklare for dei å bli med enn å la vere.
– I Noreg er industrien verna, og at det er difor dei offentlege juridiske ressursane i større grad er nytta til å verna om industrien enn å regulera den, forklarar han.
Høgset meiner at desse spørsmåla om berekraft ikkje vert debattert offentleg fordi det norske folk har sopass stor tillit til myndigheitene og industrien.
– Folk flest trur at alt er greit, og at
nokon passar på. Realiteten er at dei
ikkje gjer det.
Død og plage for dyra
Havforskar Bjørn Einar Grøsvik ved Havforskingsinstituttet understrekar konsekvensane plastforsøplinga langs norskekysten har for dyrelivet.
– Eit eksempel er kvalen som stranda på Vestlandet i 2017 som hadde magen full av plastbitar, og sannsynlegvis var sjuk og på veg til å døy på grunn av dette, fortel Grøsvik.
Havforskaren trekker fram at mange dyr døyr av spøkelsesfiske, noko som vil seie at dei set seg fast i garn og teiner som ikkje vert rydda opp. Han understrekar òg konsekvensane av å ikkje rydda strendene.
– Me ser at langs strender som ikkje vert rydda, vert plasten ein del av vegetasjonen. Dette har store konsekvensar for dyrelivet, seier Grøsvik.
Havforskaren fortel at garn og teiner kjem på avvegar, spesielt når det stormar.
– Både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar mistar desse teinene og garna, sjølv om dette eigentleg skal ryddast opp.
Grøsvik fortel at han og kollegaer har gjort studiar om kor plasten kjem frå. Han fortel at jo lengre nord du kjem i landet, dess meir plast kjem frå fiskerinæringa.
– Ein kan sjå kva for slags region plasten kjem frå, men det er inga forsking som kan stadfesta kva spesifikke aktørar innan fiskerinæringa som forsøplar mest, opplyser havforskaren om.
Han meiner òg at tiltak som bereposeavgifta av Handelens miljøfond, i tillegg til tokter for opprydding, er viktige for å redusera førekomsten av plast langs kysten.
– Tiltak som strandrydding er kjempeviktige, elles vert plasten smuldra opp til mikroplast og då er det for seint. Ryddeaksjonane av frivillige og ideelle organisasjonar er heilt sentrale, meiner havforskaren.
Oppfordrar studentar til å engasjera seg meir
Storrødvann Høgset meiner at det største problemet organisasjonen står ovanfor er å skapa engasjement. Men samstundes fortel ho at dei vert drukna ut i frivilligheitsmarknaden.
– Eg veit ikkje korfor entusiasmen er so låg. Eg skulla ønska at organisasjonar som oss var meir synlege.
Ho trur litt av grunnen kan vera at nordmenn er meir interesserte i å reise på frivilligheitstur til utlandet i staden for å bli heime, men understrekar at berekraft òg har blitt mindre populært.
– Først og fremst er det vårt ansvar å
vera synlege, men eg oppfordrar alle til
å engasjera seg. Det er veldig givande,
avsluttar Storrødvann Høgset.