SKEPTISK: Student Jone Bastiansen trur ikkje at eksperimentet vert vidareført i ettertid.

Skattelotteriet: Jone vart ein av dei 100 000 «heldige»

Studenten Jone Bastiansen let seg ikkje påverke av å ha vunne skattelotteriet. Professor i samfunnsøkonomi tykkjer at det er eit interessant eksperiment.

Publisert
POSITIV: Professor i samfunnsøkonomi Torberg Falch tykkjer at eksperimentet er interessant.

Torberg Falch er professor i samfunnsøkonomi ved NTNU i Trondheim. Han forskar på utdanning og offentleg økonomi og fortel at dette er eit eksperiment som går ut på å sjå om skattefrådrag vil påverke unge til å jobbe. 

– Det er ei stor utfordring i Noreg at mange unge ikkje jobbar. Velferdsstaten er basert på at det store fleirtalet jobbar, slik at ein kan bruke delar av verdiskapinga på å støtte opp om dei som av ulike årsaker ikkje kan jobbe, forklarar samfunnsøkonomen.

Han seier at ifølgje Nav var det 114 000 utanfor jobb og utdanning i aldersgruppa 20–29 år ved inngangen til 2025, som utgjer 16,2 prosent i aldersgruppa.

– Ein har prøvd i mange år med ulike tiltak for at fleire unge skal jobbe og at færre skal vere på trygd, utan å lykkast. No prøver ein å sjå på om skattesystemet kan bidra.

Eksperimentet er utført med tilfeldig trekking, der 8 prosent av unge mellom 20 og 35 år får skattefrådrag.

– Viss ein skal bruke skattesystemet, må ein behandle alle likt. Ein må sjå på alle for å skjøne om det funkar, seier Falch.

Samfunnsøkonomen forklarar at samfunnsvitskapleg forsking er vanskeleg, ettersom det føregår mykje samstundes og det derfor er utfordrande å skilje det eine frå det andre.

– Vi får mest truverdig informasjon om effekten av lågare skatt ved å gjere randomiserte forsøk som i dette eksperimentet, meiner forskaren.

Han seier at eksperimentet påverker studentar som alle andre, og at det er registrert cirka 300 000 studentar i Norge, både utanfor aldersintervallet og deltidsstudentar i jobb.

– Viss det er 200 000 fulltidsstudentar i aldersgruppen, så betyr det at 16 000 trekkes ut til skattefradrag. 15 000 til 20 000 studentar får frådraget, seier han.

Kor mykje ein vert trekt er utelukkande knytt til inntekta ein har. 

– Tener ein mellom 300 000 og 400 000 kronar, får ein frådrag på om lag 20 000 kronar, og vil derfor ha størst effekt av lotteriet.

– Det kan vere to grunnar til at studentar jobbar: Det er å skaffe seg arbeidserfaring eller at ein ynskjer inntekt. Det siste vert forsterka fordi ein vil få høgare inntekt for å jobbe no enn det ein fekk før, derfor trur vi at nokon vil jobbe meir. 

– Frådraget har ikkje påverka meg 

Jone Bastiansen er 21 år, jobbar og studerer fysikk og matematikk ved NTNU på andre året. Han er, som kring 100 000 andre, trekt ut i skattelotteriet. 

– Eg synest at det er eit interessant prosjekt. Eg synest det er kult at staten prøver å forske på om det hjelp å gi unge mindre skatt for å få dei til å jobbe, seier Bastiansen.

Fysmat-studenten trur ikkje at skattefrådraget kjem til å påverke motivasjonen til å jobba meir noko ytterlegare.

– Frådraget har ikkje påverka meg i det heile teke. Eg er student; eg kjem ikkje til å jobba mykje meir, og eg må ikkje skatte uansett. Eg trur ikkje det er mykje å spare på, meiner han. 

Bastiansen trur ikkje dei som jobbar utan å studere vil få noko stor effekt av lotteriet, heller ikkje fullstidsstudenten. 

– Eg trur deltidsstudentane som også jobbar vil få meir effekt av dette enn fulltidsstudentar, seier han. 

For Bastiansen var det litt uklart kor stor effekt det ville ha på hans økonomi, og spesielt hans gruppe studentar som allereie er i jobb. Men han påpeiker at han trurat eksperimentet vil oppnå formålet om å tileigne seg meir kunnskap om unge og jobb.

– Eg trur at dei kjem til å få meir data og kunnskap om det å gi skattefrådrag vil få fleire unge ut i jobb, men eg trur ikkje det vil ha so mykje påverknad at dei vidareførar det, meiner han.

Stimulere frå trygd til arbeid

– Dette er tenkt til å stimulere frå trygd til arbeid, og derfor er dette relevant for dei med forholdsvis låge inntekter. Det fasast ut når ein tener 654 500 kronar. Då er det ikkje noko arbeidsfrådrag lenger, og ein må betale inntektsskatt som før, forklarar Falch. 

Han løfter fram at mange argumenterer for at det er liten inntektsforskjell på å vere på trygd eller i arbeid.

– Alternativet til trygd er forholdsvis låg lønn, men då mister ein trygda. 

Falch fortel at om eksperimentet skal vidareførast, må ein finne ei betydeleg effekt. Finn ein ingen effekt, eksempelvis at studentar ikkje let seg påverke, meiner han at det ikkje bør vidareførast.

– Den forskingskunnskapen vi har seier at større avkasting i arbeid fører til at fleire jobbar. Det må gjerast ei avveging her mellom kor mykje meir jobbing det vert versus redusert skatteinntekt til staten.

– Staten må behandle alle likt

Samfunnsøkonomen drøftar òg kring etikkspørsmålet i eksperimentet, som han meiner omhandlar om nokon skal få betale mindre skatt enn alle andre. Han seier dette er eit interessant spørsmål om gjennomføringa av empiriske analysar.

– Kan staten favorisere nokon framfor andre? Det vil ein vanlegvis seie nei til. Men vi ynskjer at staten skal føre mest mogleg treffsikker politikk på det ein ynskjer å oppnå. Då treng vi kunnskap om det, seier Falch.

Det er igjen kunnskapsbehovet som vert løfta fram som formålet med eksperimentet der nokon er heldigare enn andre og får skattefrådrag i lotteriet.

Direktør og seniorforskar ved Frischsenteret Simen Markussen understreker kor stort kunnskapsbehovet er om unge i arbeid.

Direktør for Frischsenteret

Direktør og seniorforsker ved Frischsenteret, Simen Markussen, vektlegg òg kunnskapsbehovet i samband med etiske vurderingar av tilfeldig trekking til skattefrådrag. 

Frischsenteret og Norwegian Fiscal Studies ved Økonomisk institutt ved UiO har bistått med å greie ut, gjennomføre og evaluere eksperimentet.

– Eit sentralt spørsmål er om vi kunne ha oppnådd denne informasjonen på ein mindre inngripande måte? Konklusjonen var at det kan vi ikkje, seier Markussen. 

Han fortel til at dei har gjort grundige etiske vurderingar i førekant av eksperimentet, blant anna av potensielle ulemper med trekkinga som at nokon kan bli skuffa over å ikkje motta frådraget og at det kan utfordra nokon si tillit til skattesystemet. 

Seniorforskaren seier at dei ikkje har nøyaktige data enno til å kunne gi eit eksakt tal på kor mange studentar som er trekt ut. Han fortel at målgruppa er delte inn i små grupper på 100 personar der éin vert trekt ifrå, på bakgrunn av informasjon frå Skatteetaten. 

– Den er basert på kjønn, fødselsår, inntektshistorikk, om ein mottar trygd eller ikkje og kor mykje ein har tent frå januar til september 2025. Studentar er delt jamt ut over gruppene, forklarar Markussen.

Lev med ein annan økonomi

Vidare om effekten dette har på studentar, forklarar han at ein må ta med i vurderinga at studentar står ovanfor andre økonomiske vilkår enn mange andre.

– Dei studerar til vanleg og mange jobbar òg ved sida av. I tillegg har Lånekassen ei øvre grense for kor mykje ein kan tene før stipendet reduserast, poengterar Markussen. 

Seniorforskaren vektlegg at kor mykje skattefrådraget endrar skatten er basert på kor mykje ein tener. Derfor vil effekten og størrelsen på frådraget vere avhengig av nettopp dette. 

– Vi får første runde med data frå første kvartal i løpet av sumaren. Personleg trur eg ikkje at vi kan forventa å sjå dei store effektane allereie etter første kvartal, avsluttar direktøren for Frischsenteret. 

Powered by Labrador CMS