Gatemiks og kulturberar:
– Om eg ikkje sov på skulen, so teikna eg
Det er 14 minusgrader på «Solsiden», og kunstnaren Jovnna Levi Joks Vars er kledd etter vêret.
– Eg har skinnvottar og skinnhuve, har kledd på meg heile økosystemet her.
Kunstnaren og rapparen kjend som Jovnna Levi er vand med kulde; han har vakse opp i Alta og Kautokeino.
– Men kulda hittar annleis her i Trondheim. Lufta er fuktigare, eller noko. Og i byen kler ein seg jo annleis enn ute i Finnmark.
Sjølv om han står i kunststudioet med mest synleg vegg og golvoverflate på heile Kunstakademiet, orsakar han «rotet».
– Eg er i prosessen med å flytta inn att etter jol. Eg fekk studioet i august, men har vore ganske oppteken med musikkproduksjon, so eg har hovudsakleg jobba i lydrommet.
Han har ikkje meir enn eitt måleri ståande i studioet sitt.
– Eg har vore ganske produktiv, altso. Men sjølv om eg er rappar og kunstnar, so er eg framfor alt ein «hustler», so eg sel det bort.
– Ein er nøydd til å spela med dei korta ein får utdelt
I dag fyllest livet av rap, kunst og kampsport.
– Det er livet mitt. Å laga kunst; å laga musikk. Resten av dagane trenar eg muay thai og kickboksing.
Kunstinntektene tener heldigvis til livets opphald.
– Det spelast nokre konsertar, og eg får seld nokre bilete, so eg treng eigenleg ikkje nokon jobb i tillegg.
Kunsten er nemleg lett omsetteleg.
– Det er faktisk ein del interesse. Eg veit ikkje om eg burde seia det, men eg seier det: Det er mange som er opptekne av å støtta samisk kultur, og å støtta i ein tidleg fase.
Då siktar han til at mange av kunstverka seljast heim att til Finnmark.
– So, det er veldig hyggjeleg. Ein er jo nøydd til å spela med dei korta ein får utdelt. Men eg har faktisk fått seld ein del her i Trondheim òg. Når folk kjem inn i studioet, so prøver eg å selja.
Ein andre heim
Ein låsast av og til litt inne i seg sjølv som kunststudent.
– Alle arbeider til ulike tider når me har so frie timeplanar. Ein ser lite til kvarandre, so ein er nøydd til å gjera ein innsats for å vera ein del av miljøet.
Sjølv har han ein form for døgnrytme.
– Eg plar koma her i to-tida, og so arbeider eg til seks– sju, før eg fer og trenar eit par timer. So kjem eg attende og jobbar meir.
Og han er ikkje den einaste som er på jobb på kveldstid.
– Dei sender dei der Securitas-folka for å kasta oss ut etter sånn halv tolv. So, eg er alltid nøydd til å gøyma meg etter elleve-tida. Då er eg litt stille, og sørgjer for å ikkje ha på musikk.
Men han kjem seg heim frå atelieret før leggetid.
– Me har ikkje lov til å sova her, av ein eller annan snodig
grunn. Om me hadde lov, so hadde eg gjort det. Men det er jo òg fint å ha ein heim å fara til, seier han.
– Eg bur i eit jentekollektiv. Det er jo ganske hyggjeleg. Eg er oppdregen av ein veldig kjærleg mamma, so eg er vand til å vera med damer.
Men det er ein ting resten av kollektivet ikkje forstår av mannen.
– Eg et hovudsakleg berre reint reinkjøt. Det tykkjer dei at er kjempesnodig. Det er ikkje ein diett eller noko, det er berre lett å laga, og so smakar det so godt.
Arv og miljø
Mora er heller ikkje framand for det kreative.
– Mamma har vore skodespelar og arbeider i kulturskulen i Tana. So, eg har hatt mykje kultur kring meg.
Faren har òg vore borti penslar og palettar.
– Han måla, då han var yngre. Men han slutta.
Kunstnaren har altso vakse opp omringa av kunsten.
– Eg lurar på om det har hatt noko
å seia, eller om det berre er genar. Eg
er litt usikker på det, men det er vel
sannsynlegvis ei blanding.
Gatemiks
Jovnna var fødd i Kautokeino i 1998.
– Der gjekk eg i barnehage, og der lærte eg meg å snakka. So flytta me til Tana då eg byrja på skulen.
Men skulen var ikkje yndlingsaktiviteten.
– Eg har teikna heile livet, fordi eg tykte at alt anna var dritkjedeleg. Å gjera det folk seier – eg har aldri klart det. Då teikna eg i staden. Og, dæven, eg har fått mykje kjeft for det. Om eg ikkje sov på skulen, so teikna eg.
Ingen kunne få han til å gjera noko anna.
– Men eg fekk jo ein unik kompetanse ut av det, då. Alt skjer av ein grunn.
Han kjenner tilhøyrsle til både til Kautokeino og Tana.
– Eg er oppvaksen begge stadar, litt sånn gatemiks. Du veit, dei beste hundane er dei som er ein miks av ulike rasar.
Det veit han frå Kautokeino.
– I Kautokeino har me masse laushundar som fer rundt og parrar med
kvarandre, so vert det dei beste kvalpane
– gatemiks. Eg får det beste av begge
verder, dobbel tilhøyrsle.
Språk og kultur, hand i hand
Finnmarkingen tenkjer å flytta heim att ein gong, men ikkje rett etter at han er ferdig på kunstutdanninga.
– Fyrst vil eg sjå kva Noreg har å tilby. Planen fram til då er å leva av kreativiteten min og tena pengar på å gjera noko eg har lyst til.
Det er spesielt éin god grunn til å flytta nord att.
– Eg har lyst til å verta far ein gong, men det er jo ikkje so lett å oppdra ein samisk unge i ein by som Oslo eller Bergen. Der har dei ingen å prata samisk med, og dei har ingen fjell. Kor mykje samisk kan ein prata når ein ikkje har nokon å prata med?
Framtida får koma som ho kjem.
– Eg kan ikkje fortelja deg kva eg skal
gjera dei neste ti åra, men eg kan fortelja
kva eg skal gjera dei neste ti timane. Eg
skal gjera ferdig intervjuet, so skal eg
arbeida med skule, so skal eg trena. Og
alt dette med ein intensjon om at eg skal
ha det betre om ti år.
– Mamma gav meg ei teikneblokk for at eg skulle halda kjeft
Spesialiteten til kunstnaren er teikning.
– Eg teiknar mykje og har gjort det heile livet. Men eg prøver å utforska og utvida kompetansen min til andre medium, som tresnitt, oljemåling og akrylmåling.
Han overdriv heller ikkje mykje når han seier at han har teikna heile livet.
– Eg voks opp før Ipad og alt det der, og eg prata masse. Ho mamma vart pisslei av at eg prata i eitt, og for å få meg til å halda kjeft, so gav ho meg ei teikneblokk.
Det gjorde ho so fort guten var i stand til å halda blyanten og blokka.
– Eg var vel i treårsalderen. Sidan då har eg teikna aktivt. Kvar gong eg fekk ein blyant og ei blokk, so hadde eg noko å tenkja på.
Og slik er det endå, seier han.
– Om jentene i kollektivet var her, so kunne dei stadfesta det. Dei har heller ikkje lært seg trikset med teikneblokka endå.
I sjuårsalderen fann han ei ny kjelde til inspirasjon.
– Eg las manga. Naruto og Dragonball.
Det trefte meg i kjernen. Fyrst og fremst
fordi det var teikna, og eg tykte at
teikningane var jævleg kule.
Det tykkjer eg framleis. Og so
handla det alltid om å slåst.
Men det var fyrst då eg var
23 år, at eg byrja å trena
kampsport sjølv.
Den samiske halvtime
Ein stor inspirasjon for Jovnna har vore kunstnaren Anders Sunna.
– Eg vann jo Draumestipendet i 2017 og skulle møta han Anders Sunna. Men det vart ikkje noko av. Me samar har nok ein annan måte å rekna tid på.
Ein tek det som det kjem, hevdar han.
– Det finst eit fenomen som heiter «den samiske halvtime», som kan dryga ut i fleire dagar. Om ein same seier «om ein halvtime», so kan han koma om ein halvtime eller om fem timer. So eg fekk aldri møtt han Anders Sunna. Eg har eit kallenamn for han: Anders Summal.
Summal er eit samisk ord som tydar «vilkårleg» eller «tilfeldig».
– Me to er like slik, so det vart ingenting av det draumetreffet.
Han seier at han møtte eit kultursjokk då han flytta til byen.
– Her respekterer ein tida til kvarandre
og kjem tidsnok. Eg erfarte det på
ein deit ein gong, og det var ikkje so
populært. Eg var vel faktisk berre ein
førtifem minutt for sein.
– Eg vil visa verda kva ein kan gjera med dette språket
Han har teikna sidan han var tre år, men byrja ikkje å rappa før han var fire.
– I 2002 slapp Eminem albumet The Eminem Show, som mamma kjøpte. Sidan då har eg vore forelska i rapp. Eg visste ikkje kva han sa, men det var noko med energien, at han høyrdest forbanna ut. Eg veit ikkje, han berre høyrdest kul ut.
Sjølvskriven rapp vart til i tredje klasse.
– Og fyrste opptaket gjorde eg på ein Sony Ericsson då eg var 11. So sette eg det inn i Sony vegas og putta på ein beat frå Youtube. Eg skriv endå ikkje beatar sjølv, men eg skulle ynska at eg gjorde det. Eg trur eg kunne.
Samisk er det sjølvsagde språkvalet når det skal rappast.
– Eg vil setja samisk rap på kartet, vil visa verda kva ein kan gjera med dette språket. Både mamma og pappa var opptekne av at eg skulle snakka språket godt. Me har sju kasus, og eg skulle bruka dei riktig.
Han har til og med studert samisk.
– Eg studerte samisk som morsmål i eitt år i Tromsø,
altso samisk lingvistikk. Men det var ikkje so gøy som
det høyrtest ut, og det høyrest dødskjedeleg ut.
Den tidlegare lingvistikkstudenten seier at samisk eignar seg for rapp.
– Samisk er veldig pragmatisk. Ein kan stokka om på orda, utan at dei mistar meininga si. Det er fullt av diftongar. Det gjer det til eit språk som er lett å leika seg med, godt for rapping. Det er mindre kleint enn å rappa på norsk.
Ha med snøskuter!
Neste album er straks klart for lansering, og kjem... Ja, det kjem når det kjem.
– Ein singel kjem i laupet av januar, og eg håpar at albumet kjem i mars. Eg er litt usikker på når; eg vil at det skal vera gjort skikkeleg.
Til tross for å berre ha gjeve ut éin singel so langt, er han fanga opp og kan finnast på scena allereie.
– Eg speler på Trondheim Calling i slutten av januar. Eg kjem med ei overrasking. Eg kjem til å visa ei ny retning for korleis samisk musikk kan opplevast, som ikkje har vore høyrd av nokon før.
Albumet skal òg by på nye inntrykk.
– Det kjem rapp, som tidlegare, men eg trur at eg vil overraska folk med kor variert stilen min kan vera.
Når han viser til tidlegare utgivingar, snakkar han om
bidraget til samisk grand prix, «Jovnna fra Tana».
– Eg ville jo at det skulle vera ein partylåt, men eg har mykje meir å koma med. Eg vil snakka om tilstanden i samisk kultur. Situasjonen til språket, at me er få som pratar det.
Men éin ting var viktigare enn alt under grand prix, nemleg HMS.
– Då eg skulle opptre, so ville eg køyra snøskuter ut på scena, men det fekk eg ikkje lov til på grunn av HMS, sa dei. Eg sa berre at: HMS, det er dødsviktig, og HMS står for «ha med skuter».
FINNMARK!
Samisk kultur er hjartesaka, seier han.
– Det er alt av oppveksten min og tilhøyrsla mi. Men han er truga. Me veit ikkje kor mange generasjonar det vil overleva. Det plagar meg. Eg tykkjer det er so mykje fint me kan få ut av det. Det vil eg prata om i rappinga mi.
Men fyrst og fremst skal det vera moro.
– Eg tvilar på at alt kjem til å vera på samisk; eg kan jo både samisk, norsk og engelsk.
Albumet er skrive for heimestaden, og finnmarkingane skal kjenna seg att.
– Det kjem til å ropa ut: «FINNMARK!».
Det skal kjennast ut som vidda, som stemninga der. Mørkt og kaldt. Men me har det jævleg gøy.
Og det vil han «omsetja til musikk», som han seier.
– Eg vil at folk heime skal høyra på og at dei skal kjenna seg att i det. Eg pratar om korleis me opplever verda.
Kultur under press
Kunst og kultur er nokre av dei viktigaste sakene i tida vår, ifylgje kunstnaren.
– Den samiske kulturen er under
konstant press. Eg er redd for at han
kjem til å svekkjast, eitt menneskje om
gongen, og til slutt kjem ingen til å vera
att. Det er ikkje berre berre å slåst for
rettene sine gong etter gong.
Han seier at det til slutt vert overveldande.
– Det brytast lover for å byggja ut det eine og det andre, og so er det dei som demonstrerer som arresterast.
Heldigvis klarar han sjølv å bidra positivt i denne samfunnsutviklinga.
– Det har kome so mange ungar på elleve–tolv år til meg som seier at dei elskar det eg gjer. Det er viktig for meg, fordi dei interesserer seg for min bruk av språket. Når eg ser at eg påverkar ungar, so kjenner eg at eg bidreg til samfunnet og den samiske kulturen.
Han meiner framleis at ein treng å investera i kultur og kunst.
– Kunst forklarar korleis eit folk
tenkjer om å vera eit folk. Det forklarar
mykje om ein kultur. Det meinar eg at er
viktig å investera i, so har me noko som
reflekterer oss.