DER DET SMELL: Cecilie Hellestveit har ein tendens til å vera der det skjer.

– Me lever i ei brytningstid større enn den industrielle revolusjonen

Folkerettsforskaren Cecilie Hellestveit voks opp i ein heim der geopolitikk var like til stades på kjøkenet som brød og mjølk.

Publisert Sist oppdatert

– Mor mi var den einaste som snakka spansk, so flyktningar frå Latin-Amerika flokka seg om oss då me budde på Vestlandet. Det var eit rabulist- og rebellreir heime, og eg vart raudare og raudare.

Ho hevdar å kunna alle spanske kampsongar frå det førre hundreåret.

– Då eg var 13 år og trente alpint, dreiv eg med berrmarkstrening, fordi eg skulle til Guatemala som geriljasoldat og kjempa mot den amerikanske imperialismen.

– Me vakna opp til ein tanks i hagen

Før Cecilie reiste til utlandet, rakk ho å oppleva mykje av Noreg. Ho har nemleg budd på «heile Vestlandet» i laupet av oppveksten – og dessutan i Oslo og Bardufoss.

– Eg budde på seksten ulike stader før eg fylte tolv år.

Ho flytta til Bergen for å gå på vidaregåande, og valde russisk som framandspråk.

– Som syttenåring reiste eg på utveksling. Dei fleste reiste til USA. Eg reiste til Sovjetunionen, til den russiske bydelen i Riga.

Dette var under Sovjetunionen sitt samanbrot, og det totalitære samfunnet i aust var uvand for vestlendingen.

– Me stod oppreiste når me snakka i klasserommet, og me fekk korporleg avstraffing, altso juling, om me ikkje oppførte oss. Det var ein elev som fekk rive av seg øyret av læraren.

Ho budde med sin russisk-latviske vertsfamilie, og vart godt integrert.

GRUNNMUR: Folkeretten er grunnpilaren for internasjonal politikk, meiner Cecilie Hellestveit.

– Etter fire månadar vart eg ikkje lengre kjend att som vestleg statsborgar. Eg hadde lagt på meg tjue kilo og grodd bart, på grunn av hormonbehandling i kjøtet.

Då latviarane ville lausriva seg, gjekk den russiske armé inn.

– Hovudkvarteret deira låg i gata vår. Ein dag vakna me opp med ein tanks i hagen.

Cecilie skildrar utvekslingsåret som det mest formative og rystande året i livet sitt.

– Det vart ekstremt valdeleg. Eg var vitne til drap. Eg var vitne til valdtekt. Eg stod og såg på to soldatar som valdtok ei jente framom meg. På utvekslinga opplevde eg dessutan for fyrste gong å verta skoten på.

Denne gongen var det den russiske armé som skaut. Men det skulle ikkje verta siste gong ho var skyteskive.

Ei veke på Gaza gjorde henne til jurist

Det var denne utvekslinga som vekte interessa for krig og konflikt.

– Dette var ei tid med mykje konflikt i den arabiske verda. Difor byrja eg å studera arabisk.

Allereie på utveksling i Riga lærte ho seg arabisk kalligrafi frå syriske medisinstudentar.

– Dei var eigenleg kunstnarar, men vart tvangssende til Sovjetunionen for å få seg sokalla «ordentlege yrke».

Heime i Bergen fekk Cecilie vidare undervisning av imamen.

– Han gjekk under jorda seinare, då han viste seg å vera kopla til Hamas. Men han var veldig flink i klassisk arabisk, denne imamen. So då eg byrja på forkurs, kunne eg allereie språket.

Og då ho gjorde seg klar for å byrja på det som den gong heitte grunnfag – no årsstudium – i arabisk, kunne instituttet ringa og melda om endra planar.

– «No flyttar me heile instituttet til Kairo», sa dei. «Undervisninga byrjar på måndag. Sørg for å få dei vaksinene du treng». So då gjorde eg det.

Etter opphaldet i Kairo, fullførte ho året i Bergen – og var eigenleg lei av den arabiske verda.

– Men eksamen gjekk veldig bra, og eg drakk meg full på eksamensfesten. Då fekk professoren meg til å underteikna ein kontrakt på ein serviett. Avtalen sa at eg skulle få lov til å reisa til Birzeit-universitetet i Palestina, mot at eg tok mellomfag.

Slik enda ho opp i Palestina som ein av to studentar frå Bergen, på okkupert jord midt under fredsforhandlingar og den andre Oslo-prosessen. Ei veke reiste dei to til Gaza.

– Der opplevde eg skjilsetjande ting, for å seia det slik, som gjorde at eg heller ville taka juss enn statsvitskap. Det var denne veka på Gaza som gjorde at eg vart jurist, faktisk.

INGA TID Å MISTA: Neste punkt på agendaen er å møte med rektor om NTNU si rolle i teknologiutviklinga.

Til fredelegare frontar 

Ho arbeidde eitt år som observatør under den andre Oslo-avtalen og var innom Jerusalem i 2000, då den andre intifadaen braut ut. Frå å stå i landingsfeltet til tusenvis av molotovcocktailar i Jerusalem, gjekk ho til jobb i SN (Dei sameinte nasjonane), i det fredelege New York. Året var 2001.

– Det var ein god arena for arbeidserfaring, for å seia det slik.

Kvar onsdag jobba Cecilie i det eine av dei to tvillingtårna.

– Etter det reiste eg heim og arbeidde på Institutt for fredsforsking og skreiv ei oppgåve om Osama bin Laden.

Denne gongen var ho ikkje til stades då det small, den 11. september 2001.

– Men eg hadde ei avtale med Taliban i London 23. september, for å diskutera Afghanistan. So då National Security Agency (NSA) leitte etter bin Laden og al-Qaida digitalt, so fann dei «Cecilie Hellestveit» overalt.

Utdanninga mi har samanfalle med mange viktige hendingar i dei siste 35 åra.

Og det er heilt uforskyldt, presiserer ho.

– Eg har klart å kapitalisera på det, men det er heilt tilfeldig.

Hybride reiskapar: ny empiri kvar veke

Cecilie Hellestveit har altso ein evne til å vera der det smell, når det smell. Og no er ho koma til Trondheim.

– Eg held eit masterkurs på Institutt for historiske studie om hybride reiskapar. 

Og samfunnshistoria som ho underviser om i kurset er verkeleg moderne. I haust kunne fyrsteamanuensen opna kvar førelesing med ny empiri.

– Som dronane ved lufthamna i København i september.

Ho står stødig i å vera ein akademikar som er synleg i media.

– Ein av grunnane til at eg er so synleg er at eg tikkar av på eit par boksar: kvinne med dialekt. Når ein bur i Oslo, får ein då fri taletid i etermedia.

Dei fleste i samfunnet vårt er vakse opp i ei tid med djup fred, seier ho.

– Ein får mykje motstand når ein arbeider med krig og konflikt i eit samfunn der alle er vakse opp i djup fred. Ingen av forskingsprosjekta eg har hatt med EU, har hatt å gjera med «krig».

Med dette meiner ho at det ikkje er akseptert å kalla noko i samtida for «krig».

– Krig høyrer til i historia, er tanken. Me lyt kalla det noko anna.

– Skal Silicon Valley og Beijing styra dette?

Teknologikapplaupet mellom Kina og USA pregar tida me lever i, meiner ho.

– Det er årsaka til at USA gjer som dei gjer og at me har 130 væpna konflikter i verda. Den av dei som fyrst når fram til eit gjennombrot i grensesprengande teknologiar kjem til å styra verda.

Ho trekkjer fram at USA har bygd si eiga KI-plattform på føderativt nivå, nemleg Genesis.

– Her legg dei inn all data som USA har samla gjennom historia, offentleg og militært, for å prøva å byggja generell kunstig intelligens.

Spørsmålet er kva for rolle Noreg skal spela i teknologiutviklinga.

– Skal me eiga vår eigen infrastruktur, som me gjorde med olja? Eller skal ein sleppa til utanlandske selskap? Skal Silicon Valley og Beijing styra dette?

USA si nye rolle

SUVERENITET ER FOLKERETT: På Forsvarsmuseet fortel Cecilie Hellestveit at me ikkje hadde hatt konseptet «suveren stat» utan folkeretten.

– Me har eit ingeniørmiljø i verdsklasse innan petroleumsfag. Skal nokon som helst i verda bora i sokkelen, anten det er til olje eller havvind, so treng dei nordmenn. Det er gunstig for oss.

Når Trump gjer som han gjer i Venezuela og Grønland, er det USA si rolle i teknologikapplaupet som er årsaken her òg, skal me tru Cecilie Hellestveit.

– USA seier at hovudoppgåva deira er å konkurrera i teknologikapplaupet. Då kan dei ikkje lengre vera verdspoliti. Dei tek eit steg attende og passar på at Kina og Russland held seg unna kontinentet deira.

Folkerettsforskaren meiner at USA arbeider innanfor dei ytre rammene for folkeretten, altso internasjonale lover, og at dei vil halda fram med det.

– I fjor erklærte Trump at Tryggingsrådet i SN er veldig viktig. Men der dei tidlegare meinte at SN si rolle var å hindra krig, meinar dei no at rolla er å hindra verdskrig.

Altso vil dei førebyggja krig mellom stormakter. Internasjonal lov er i endring, men Cecilie Hellestveit trur ikkje at alle reglar forsvinn.

– Det er gjensidigheit til andre stormakter som gjer at USA ikkje utnyttar militærmakta si ytterlegare.

– Krig er den mest regulerte aktiviteten statar driv med

På grunn av denne gjensidigheita trur Cecilie Hellestveit at folkeretten står på stødig grunn.

SKISSERER FRAMTIDA: Cecilie Hellestveit meiner at me lever i byrjinga av ei tid med store omveltingar.

– I verda vår, slik ho har fungert dei siste åtti åra, har folkeretten vore grunnpilaren innanfor internasjonal politikk. Det er grunnen til at me i det heile teke har suverene statar.

Ho meinar at det styrer kva Putin seier når Russland går inn i Ukraina.

– Han argumenterer på ein måte som han veit at USA vil vera nøydd til å argumentera om USA skal gå inn i Taiwan.

Ho trur òg at USA sin sikkerheitsgaranti står ved lag.

– NATO-pakta er folkerett.

Men ein føresetnad for at USA skal kunna hjelpa med å forsvara Norge, er at dei har styrkar på norsk jord, hevdar ho.

– Om amerikanske soldatar er i Norge og Russland kjem inn, vil det seia at USA er i væpna konflikt med Russland. Om dei ikkje har styrkar her, treng dei vedtak både i Washington D.C. og i Brussel.

Krig er den mest regulerte aktiviteten statar driv med, hevdar ho.

– Spørsmålet er om reglane for bruk av militærmakt for å sikra seg ressursar er i ferd med å endra seg. Det kan henda, men eg er ikkje so sikker. Prisen ville vore for stor for USA.

– Samfunnet vårt vil sjå heilt annleis ut

Cecilie Hellestveit skildrar store endringar i laupet av dei neste tiåra.

– Me lever i byrjinga av ei brytningstid som vil verte meir omfattande enn den industrielle revolusjonen eller andre verdskrig.

Og potensielt meir valdeleg, trur ho.

– Eg fryktar det. Me er på veg inn i ein postindustriell æra. Alle strukturane våre stammar frå den industrielle revolusjonen.

Mange av reglane våre vil sjå heilt annleis ut om ti eller tjue år, meiner ho, fordi samfunnet vårt vil sjå heilt annleis ut.

– Dei reglane me har i dag kjem openbert ikkje til å fungera særleg godt under denne overgangsperioden.

Å dela Oljefondet i tre

Det er ikkje tilfeldig at ho har funne seg arbeid på det tekniske, naturvitskaplege universitetet i denne tida.

– Eg har engasjert meg for europeisk digital infrastruktur. Det er i Trondheim dei fremste teknologimiljøa i landet finst. Om me skal finna opp hjulet på nytt, er det her me lyt gjera det.

Det treng statsbudsjettet å reflektera, meiner ho. Og når ho legg fram sitt alternative statsbudsjett, får handlingsregelen verkeleg køyrt seg.

– Oljefondet har vakse seg alt for stort. Me er eit lite land som er altfor eksponert for press på korleis me skal investera det.

 Difor vil ho dela det i tre.

– Éin tredjedel bør investerast i fond og éin i unoterte selskap.

Men den siste tredjedelen er den viktige.

– Éin del bør gå til grunnforsking, og ein betydeleg del av dette bør gå til institusjonar som NTNU. Det har eg sagt til Jens Stoltenberg, òg.

Powered by Labrador CMS