Leiar

Studentar, ta ordet!

Historisk sett har ikkje studentane vegra seg for å heve stemmen. Har dette endra seg?

Publisert Sist oppdatert

Samfundet har alltid vore ein plass for både fest og politikk, men dei siste tiåra har dessverre Samfundsmøta sett ein nedgang i deltakinga. Det er synd når fleire voteringar over viktige saker har blitt avlyst på grunn av mangel på stemmer. Dei fleste av oss utvekslar jo meiningar med kvarandre omtrent dagleg, så kvifor er dørstokkmila til talarstolen og urnene så lang? 

For det treng jo ikkje å vere slik. På Samfundsmøtet laurdag 3. februar stilte over 300 studentar opp for å bidra til organisasjonsdemokratiet. Det i seg sjølv er ein siger. Ei lang taleliste og ein heit debatt gjorde at møtet varte og rakk, men det tyder på eit sunt demokrati.

Frå talarstolen blei det retta fleire kritikkar mot Styret. Blant anna om at dei kunne vurdert å fordele dei to voteringane på to separate møte, sidan varigheita kan påverke framdrifta av eit møte gjennom tidspress og utolmod. I tillegg hadde fleire av dei som styrte møtet tydelege interesser i sakene Storsalen skulle stemme over. Dette blei heldigvis retta på, men er eit teikn på dårleg planlegging og uryddige rammer for meiningsutvekslinga, noko som gjer det vanskelegare enn nødvendig å delta politisk. 

 LES OGSÅ: Student skal påvirke valg av rektor.

Midt oppi lange innlegg og meiningssterke stemmer kjende nok fleire også på at dei mangla informasjon. Det held ikkje at studentane har ei meining om dei ikkje veit kva dei meiner noko om. Sjølve berebjelken i demokratiet er å kunne ta informerte val, og då treng me å vite dei konkrete konsekvensane av dei moglege utfalla. Er til dømes eit Studentersamfund utan Equinor trua mot konkurs eller betyr det berre litt dyrare øl? 

Det kan sjølvsagt vere fleire grunnar til at medlemmane ikkje kjem seg på Samfundsmøte. At møtet blir organisert slik at også dei ferskaste medlemmane skal kunne delta i ordskifte og val bør likevel vere eit minstekrav. 

I fjor stemte Storsalen over eit forslag som likna eitt av dei som blei stilte på laurdag om å streve etter å unngå samarbeid med olje- og gasselskap. Den gongen gjekk forslaget akkurat ikkje gjennom. No var utfallet tydelegare, men likevel blei nok mange skuffa då forslaget på nytt blei nedstemt. Det betyr ikkje at siste ord er sagt i saka, og ei heller i Storsalen. 

På torsdag 8. februar blir urnene opna på nytt – denne gongen for å velje ein sjef for UKA i 2025. Då håpar eg å sjå kandidatar som ser konsekvensane av å gi fossile aktørar ei stor plattform for grønvasking, og at dette kjem tydeleg fram i utspørjinga. Og ikkje minst håpar eg å sjå flest mogleg av mine medstudentar der, på eit godt organisert møte, slik at alle dei viktige meiningane blir høyrde.

LES OGSÅ: Storsalen sa nei til våpen, men ja til olje.

Skriv til oss:

Ønsker du å ytre deg i Under Dusken?

Send ditt innlegg til debatt@studentmediene.no

Retningslinjer for debattinnlegg finner du her.

Powered by Labrador CMS